Frå tyrkisk fengsel til fengselsforskar i Noreg

– Eg trur ikkje situasjonen i Tyrkia blir betre på kort sikt, men på lang sikt har eg håp for landet mitt. Det seier Idil Eser som tidlegare var generalsekretær for Amnesty i Tyrkia. No er den tidlegare fangen på UiO for å forska på norske fengsel.

LEVANDE: – Det er ei spesiell gruppe i det tyrkiske samfunnet som vil ha demokrati og eit skilje av den lovgjevande, dømmande og utøvande makta i landet. Ynsket om å byggja opp demokratiet igjen er der og det er levande, seier Idil Eser, som tidlegare var generalsekretær for Amnesty i Tyrkia. No er ho gjesteforskar ved Norsk senter for menneskerettar ved UiO. 

Foto: Ola Sæther

Idil Eser (55) var ein av dei mange tusen som er blitt fengsla utan lov og dom i Tyrkia etter at president Recep Tayyip Erdogan innførte unntakstilstand etter kuppforsøket i august 2016. Sjølv blei ho arrestert  5. juli 2017. Ho blei skulda for å ha vore med i rørsla til Erdogans hovudfiende Fetullah Gülen.  Til saman sat ho 113 dagar i varetekt i det berykta fengselet Silivri utanfor Istanbul. Eitt år etter at ho slapp ut, kom ho til Noreg og Norsk senter for menneskerettar ved Universitetet i Oslo. Der driv ho no og forskar på det norske fengselssystemet.  Men ho held fram arbeidet med å kritisera brota på menneskerettane i  heimlandet.

– Pessimist og realistisk

Og ho omtalar situasjonen for menneskerettane som dårleg både for akademikararar og journalistar i Tyrkia no.

– Eg har alltid vore pessimist og realistisk, og så langt har det dessverre vore rett å vera det. Tyrkia er det landet i verda som har det høgaste talet fengsla journalistar, og nesten alle er i fengsel, minner ho om. Ho viser til verdsdagen for pressefridom 2. mai. 

– Eg har lese intervjuet med Amnestys pressekoordinator i Tyrkia.. Ho har intervjua mange fangar i fengsla. Og dei får aldri vita om de som skjer av nyhende i heimlandet sitt.  Det er ikkje nok press mot dei tyrkiske styresmaktene for dei fangane. Det er berre ei papiravis i Tyrkia som har nemnt fangane i dette berykta fengselet i Istanbul.  Talet på aviser som ikkje er nettaviser, er i ferd med å bli redusert. Derfor er det svært bra at dei gjennom YouTube-kanalen  +90 har starta eit samarbeid med utanlandske massemedia som BBC, Deutsche Welle, og France Presse. Det kan gi tyrkarane alternative nyhendekjelder på tyrkisk.

– Ikkje betre på kort sikt

Sjølv om ikkje dei tyrkiske styresmaktene viser respekt for menneskerettane i dag,  ser Idil Eser håp lenger inn i framtida.

– Eg trur ikkje situasjonen i Tyrkia blir betre på kort sikt, men på lang sikt har eg håp for landet mitt. Akkurat no er talet på menneskerettsbrot overfor akademikarar og andre svært høgt, konstaterer ho.

Uniforum snakka med henne rett etter at det var klart at opposisjonen hadde vunne lokalvala i Istanbul og Ankara. Samtidig var det klart at president Recep Erdogans parti AKP hadde levert inn ei klage på valresultatet. Ho tvilte derfor på at resultatet ville bli ståande som eit døme på at demokratiet fungerer i Tyrkia. 

– Det varsla i alle fall at ei forandring var på gang. Sosiologiske undersøkingar i Tyrkia viser at det er teikn til endring hos den tyrkiske grasrota. Både strukturen og storleiken til samfunnet er i ferd med å endra seg. Eg hadde eit for stort håp om at det ville skje positive ting i samband med folkerøystinga. Denne gongen viser det seg at resultatet er påliteleg. Eg håpar regjeringa ikkje vil be om eit nyval i Istanbul. Det ser ikkje ut som om regjeringa har noko legalt bein å stå på, men me kan likevel ikkje garantera at det ikkje kjem til å skje. Resultatet viser lengta etter fridom og eit betre liv i Tyrkia. Då handlar det også om den økonomiske situasjonen, slår ho fast.  

– Det er fleire og fleire personar som ber om meir demokrati og fridom. Å vinna lokalvala er berre det første steget.

– Er dette eit teikn på at demokratiet framleis lever i Tyrkia?

– Eg vil ikkje gå så langt. Det er ei spesiell gruppe i det tyrkiske samfunnet som vil ha demokrati og eit skilje av den lovgjevande, dømmande og utøvande makta i landet. Ynsket om å byggja opp demokratiet igjen er der og det er levande.

– Kan sleppa unna med det

– Trur du resultata frå lokalvala vil gjera president Erdogan litt mildare stemt enn han har vore til no?

– Nei. Det trur eg ikkje. Det ville ha vore fleire høve for han til å koma med ei mildare tilnærming til desse valresultata om hadde vilja. Men det var det ingen teikn til at at han ville. Den 21. april  var det eit forsøk på å lynsja opposisjonskandidaten Kemal Kilicdaroglu . Dette drapsforsøket såg ut til å vera svært godt organisert. Dersom du skulle kritisera Erdogan risikerer du å bli skulda for forræderi. Men om du forsøker å ta livet av den viktigaste opposisjonskandidaten, kan du sleppa unna med det. Det viser at Erdogan ikkje har noka mild tilnærming til valresultata, meiner eg.  

Kort tid etter at me hadde snakka med Idil Eser, kunngjorde president Erdogan at han og partiet hans AKP ikkje ville godta resultata av ordførarvalet i Istanbul by. Dermed må det haldast nyval. Dermed gjekk det slik som Idil Eser hadde frykta.  Den avgjerda kommenterer ho slik: – Det er heiilt uforståeleg for meg at valrådet I Tyrkia underkjente resultatet av ordførarvalet i Istanbul by, medan det godkjente resultata av dei tre ordførarvala i provinsen Istanbul og valet på representantar til  kommunestyra og til bystyret, seier ho til Uniforum.   

– Sjølv om eg ikkje er advokat, så veit eg at avgjerda er heilt meiningslaus sett frå eit juridisk synspunkt. Om argumentet om at det var eit problem med valstyra, så burde alle vala blitt underkjende, ikkje berre resultatet av det einaste valet som partiet AKP klarte å tapa, skriv Idil Eser i ein epost til Unforum nokre dagar etter avgjerda til valstyret. 

Så går me tilbake til hennar eiga historie frå Tyrkia.

–Trong ein stad der eg kunne pusta fritt

Etter å ha sete nesten fire månader i varetekt i tyrkisk fengsel, ville Idil Eser koma seg ut av Tyrkia.  Men ho visste ikkje at ho skulle enda opp i Oslo.

– Etter at eg var komen ut av fengselet var førsteprioriteten min at Amnesty kunne halda fram som frivillig organisasjon.  Dessutan trengte eg ein stad der eg kunne pusta fritt. Eg veit ikkje kor lenge eg har igjen å leva. Det er masse helseproblem i familien min .Derfor ville eg vera borte frå Tyrkia for ei stund for å finna ut kva eg ville gjera med mitt eige liv, seier ho.  

– Eg ville gjerna halda fram med å jobba for demokrati og menneskerettar.  Derfor gav eg beskjed til folka i Amnesty om at eg ville vera i Europa ei tid, der eg ville få rom til både å tenkja og å slappa av. Og eg vil gjerne nordover, sa eg.  Eg ville heller ikkje til eit land med ein stor tyrkisk innvandrarbefolkning. Det kan også vera krevjande, og det ville eg helst unngå, fortel ho til Uniforum.  

Men ho gav ei klar skildring av kva type land ho kunne tenkja seg å bu i.

– Eg ville gjerne til eit land med fjell, innsjøar og grøne landskap. Okay, det vil seia at du vil til Skandinavia, sa dei til meg. Og Noreg er den aller vakraste staden, sa dei.  Derfor hamna eg her. Det var også det einaste skandinaviske landet eg ikkje hadde besøkt tidlegare. Eg er svært lykkeleg for at eg kom hit, seier ho til Uniforum.

– Noreg er på topp i alle dei positive statistikkane om levekår, likestilling mellom kjønna og presse- og ytringsfridom. I alle fall har Noreg eit stabilt system, men kanskje ikkje ideelt. Når du kjem frå mitt land, så set du endå meir pris på slike fridomar, understrekar ho.

113 DAGAR I VARETEKT: – For eg trur ikkje strenge fengselsstraffer anten det er i Tyrkia eller i USA, vil hjelpa fangane verken innanfor eller utanfor murane, meiner Idil Eser,som sjølv sat 113 dagar i varetekt i fengselet Silivri utanfor Istanbul. (Foto Ola Sæther)

Ingen tru på strenge fengselsstraffer

Idil Eser driv også med forsking under opphaldet i Noreg.  Ho undersøkjer fengselsforholda i Noreg. Etter å ha sete i  varetekt i 110 dagar i eit fengsel i Tyrkia, har ho eit godt grunnlag for å leva seg inn  i situasjonen til fangane.

– Eg har heile tida arbeidt med rettane som fangar har i fengsel. Men eg blei  klar over at eg trong å setja meg endå grundigare inn i dette. Noreg er det landet i verda som har det mest liberale fengselssystemet. Derfor kunne det vera eit fint emne å forska på, konkluderte ho med.

– For eg trur ikkje strenge fengselsstraffer anten det er i Tyrkia eller i USA, vil hjelpa fangane verken innanfor eller utanfor murane. I Tyrkia byggjer styresmaktene fleire og fleire fengsel. Det er mange brot på rettane i fengsla. Derfor er det viktig å publisera og å snakka om den situasjonen. Er det mogleg å finna andre måtar å halda folk innanfor på, om det er naudsynt og dei verkeleg har gjort eit alvorleg brotsverk.Eg trur ikkje dagens fengselssystem i Tyrkia gjer livet til fangane betre.  Det handlar ikkje om år rehabilitera dei, men om hemn.  Det er ikkje godt for noko samfunn.

– Kor lenge vil du bli i  Noreg?

– Eg har permisjon fram til november. Kanskje den blir utvida.

– Så du hadde ingen problem med å få lov til å dra frå Tyrkia?

– Eg hadde ingen restriksjonar på passet mitt. Det blei aldri konfiskert. Eg reknar med at det har noko å gjera med Amnestykampanjen.  Elles ville eg truleg ha mista passet mitt på lik linje med mange andre. Mange av dei som eg måtte møta i retten med, fekk ikkje passa sine tilbake, Ein av dei var leiaren for Amnesty i Tyrkia. Den andre var ein førsteamanuensis i rettsvitskap. Dei mista jobbane sine, og som alle dei andre 130 000 personane som gjorde det, fekk dei ikkje passet tilbake. På den måten hadde eg flaks. Også fordi eg kunne gå ut av fengselet fire månader etter at dei sette meg inn. Saka vår hadde ikkje noko legalt grunnlag, verken når det gjaldt skuldingane mot oss eller korleis skuldingane blei presenterte eller korleis rettssaka blei  gjennomført, slår ho fast. 

Sat saman med utanlandske statsborgarar

Idil Eser meiner at det var ein fordel for henne at det ikkje berre var tyrkiske statsborgarar som sat saman med henne. 

– I fengselet sat eg saman med to utanlandske statsborgarar, ein tysk og ein svensk, og det medverka til at me til slutt blei sette fri.

Men saka mot henne og dei andre held fram i dei tyrkiske domstolane.

– Ja, det gjer den. For saka mi er ikkje over. Det kan henda den kjem opp for retten igjen den 16. juli.  Uansett så vil eg gjerne tilbake til Tyrkia snart for å sjå korleis kattane mine har det og om det vil vera mogleg å ta dei med til Noreg. Det kan bli dyrt. Noreg er i det store og det heile altfor dyrt for folk som oss.

– Korleis likar du deg i Oslo?

– Eg likar byen godt. Den er liten samanlikna med Istanbul som har tre gonger fleire innbyggjarar enn heile Noreg. Oslo er svært grøn, og det likar eg. Og eg likar naturen. Då eg vaks opp, var Istanbul om lag like stor som Oslo i dag, og derfor likar eg meg her. I dag er det både for mange folk og for mykje trafikk og stress i heimbyen min. Nordmenn er fine folk, men litt for reserverte, sjølv om eg også er det, men nordmenn er ekstremt reserverte. I Tyrkia er folk altfor gjestfrie utan å ha nokre grenser. Det hadde vore best å ha noko midt i mellom, smiler ho.

(Kjelder: Idil Eser, VG, NTB, Wikipedia, Deutsche Welle, Norsk senter for menneskerettar, UiO) 

(Oppdatert 13. mai kl. 12.53)

 

Emneord: Tyrkia, Menneskerettar, Akademisk frihet Av Martin Toft
Publisert 13. mai 2019 04:30 - Sist endra 13. mai 2019 12:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere