No kan endeleg menneskerettsprisvinnaren Isthar Gözaydin reisa ut av Tyrkia

Vinnaren av UiOs menneskerettspris i 2017, tyrkiske Ishtar Gözaydin har fått oppheva utreiseforbodet og fått passet sitt tilbake. – No er eg kjempeglad, seier ho til Uniforum.

Isthar Göyzadin sit med blomar i hendene

FÅR TILBAKE PASSET: – No kjem eg til Oslo i løpet av hausten, stadfestar tyrkiske Isthar Gözaydin, vinnaren av UiOs menneskerettspris i 2017.

Foto: Ola Sæther

Det var rett før helga Ishtar Gözaydin fekk gledesbodskapen frå advokaten sin.

– Då fekk eg melding om at eg no får passet mitt tilbake, seier ein svært glad Istar Gözaydin til Uniforum på Skype frå Istanbul.

– Kjem til Oslo

– No kjem eg til Oslo i løpet hausten, stadfestar ho.

Ishtar Gözaydin har også andre planar klare for opphaldet i Oslo.

– Ja, eg må ein tur i Operaen. Eg har sjekka det allereie og ser at det er mogleg å sjå stykket Hans og Grete av den tyske komponisten Engelbert Humberdinck. Det høyrest greit ut, sjølv om det ikkje er min største favoritt, seier ho. Under opphaldet vil ho endeleg også få høve til å besøkja venner i Oslo.

Ishtar Gözaydin er også kjent for å skifta hårfarge minst ein gong i månaden. Denne gongen hadde ho lyst hår, medan hårfargen i passet var ein heilt annan. Det skapte litt problem då ho skulle ordna dei siste formalitetane for å få passet tilbake.

– Me fekk rydda opp i det ved at eg viste funksjonæren på passkontoret eit anna identifikasjonspapir, smiler ho.

– Veldig glade

UiO-rektor Svein Stølen er også svært nøgd med med at Isthar Gözaydin får passet sitt tilbake. – Me er veldig glade for ho har fått det tilbake. Straks skal me ta kontakt med komiteen for UiOs menneskerettspris for å finna ut korleis me skal ta imot henne på ein best mogleg måte når ho kjem til Oslo, seier Svein Stølen til Uniforum.

Frifunnen for skuldingar om å ha støtta terrorisme

Då Ishtar Gözaydin fekk tildelt UiOs menneskerettpris i desember 2017 måtte ho fylgja med på seremonien på Skype frå sitt eige husvære i Istanbul. Ho hadde utreiseforbod og ho hadde heller ikkje fått tilbake passet sitt etter at ho blei sett i fengsel i 3 ½ månad vinteren 2017 skulda for terrorisme.  

I 2018 kom saka hennar opp for kriminaldomstolen i Istanbul og den 31. januar det året, blei ho blankt frifunnen for skuldingane om at ho hadde støtta terrorisme. Men det etterlengta passet sitt fekk ho likevel ikkje tilbake, før ho fekk den gledelege beskjeden for fire dagar sidan.

– No er eg 99 prosent sikker på at eg får det. 100 prosent sikker blir eg først når eg har det i handa, seier ho til Uniforum.

Mista jobben som professor ved Gediz University i Izmir

Isthar Gözaydin var skulda for å vera medlem av ein ulovleg væpna terrororganisasjon. Ho mista også jobben som professor og instituttleiar på Sosiologisk institutt ved Gediz University i Izmir i juli 2016 etter at ho hadde støtta og sendt vidare ei twittermelding som oppfordra folk til å gå imot gjeninnføring av dødsstraff i Tyrkia. Ho var også varetektsfengsla i Izmir i 3 ½ månader vinteren 2017. Isthar Gözaydin risikerte ei straff på 15 år i fengsel.

Forsvarane hennar viste i kriminaldomstolen i Istanbul til at skuldingane mot henne bygde på vitneprov frå ein student og ein uidentifisert person. Utan desse vitnemåla har ikkje påtalemakta noko sak mot henne, peika dei på i rettssalen fredag 12. januar 2018. No er altså Isthar Gözaydin både frifunnen og fri til å reisa ut og inn i Tyrkia med passet sitt. Den fridomen har ho tenkt å nytta seg av.

For før Isthar Gözaydin kjem til Noreg i desember, planlegg ho ein tur til Frankrike.

– Nokre venner av meg har invitert meg med på ein klassisk konsert i Lyon. Og den invitasjonen vil eg seia ja til. Samtidig er eg travelt opptatt med å skriva to kapittel i ei ny bok, men eg skal nok klara å få frigjort tid, slik at eg kan dra på den reisa, fortel Ishtar Gözaydin.

– Ein forkjempar for ytringsfridom og menneskerettar

Då det blei kjent  i august 2017 at Isthar Gözaydin vllle få UiOs menneskerettspris for 2017, kom rektor Svein Stølen med fylgjande kommentar til Uniforum:

 Ishtar Gözaydin er ein svært verdig vinnar av UiOs menneskerettspris. Ho er ein dyktig akademikar, aktiv samfunnsdebattant og ein forkjempar for ytringsfridom og menneskerettar. Tilliks med mange akademikarar i Tyrkia er Gözaydin no i ein svært vanskeleg situasjon. Eg håpar verkeleg at ho får høve til å koma til Oslo for å ta imot prisen i november, sa UiO-rektor Svein Stølen i august 2017. 

Ynsket hans om at ho skulle koma til Noreg for å ta imot prisen to månader seinare, blei ikkje oppfylt. Men i løpet av hausten vil ho koma til Oslo. For no er utreiseforbodet oppheva og ho har fått melding om at ho får passet sitt tilbake.

 

 

Emneord: Menneskerrettar, UiOs priser, Tyrkia, Akademisk frihet Av Martin Toft
Publisert 26. aug. 2019 18:08 - Sist endra 26. aug. 2019 18:36
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere