Utsette rettsavgjerd mot vinnaren av UiOs menneskerettspris Isthar Gözaydin

Istanbul: Avgjerda i rettssaka mot tyrkiske Ishtar Gözaydin er utsett til onsdag 17. januar. Det bestemte domstolen i Istanbul før helga. UiOs menneskerettspris blei også  eit tema.

VIKTIG: – Først og fremste opplevde eg at retten var klar over kor viktig denne saka er, seier Isthar Gözaydin etter at avgjerda i rettssaka mot henne er utsett til onsdag 17. januar. Isthar Gözaydin blei tildelt UiOs menneskerettspris for  2017.

Foto: Ola Sæther

Istanbul

Det var fredag formiddag rettssaka mot UiOs menneskerettsprisvinnar Ishtar Gözaydin begynte i domstolen i den enorme rettsbygningen eit stykke utanfor Istanbul sentrum. 

Tidslinje for menneskeretts-prisvinnaren Ishtar Gözaydin:

Juli 2016: Får  sparken frå jobben som professor ved Gediz University i Izmir etter å ha sendt vidare ei twittermelding som oppfordra folk til å protestera mot unntakstilstanden og forslaget frå presidenten om å gjeninnføra dødsstraff i Tyrkia. 

September 2016: Blir stansa på flyplassen i Istanbul på veg til ein forskarkonferanse på Sicilia. Får beskjed om at ho har utreiseforbud og ho må levera inn passet. 

20. desember 2016: Politiet kjem til husværet hennar  og arresterer henne. Ho blir sendt med fly til Izmir. Der blir ho sett i varetekt i politiarresten i åtte dagar.  

2017: Frå januar til 1. april sit ho og sonar ein dom på 94 dagar i kvinnefengselet i Izmir. 

Saka hennar blir flytta til Istanbul. Ho er skulda for å vera medlem i ei væpna terroristgruppe. Ho risikerer å få ein dom på 15 år. Rettssaka startar 12. september, men blir truleg ikkje ferdig før i november.

August 2017: UiO gjer kjent gjennom Uniforum at Ishtar Gözaydin får UiOs menneskerettspris for 2017. Avgjerda er tatt av universitetsstyret.

November 2017: Ishtar Gözaydin får utdelt UiOs menneskerettspris utan å kunna vera til stades.Tyrkia vil ikkje gi henne passet tilbake.

Januar 2018: Tyrkisk rett utsett avgjerd i rettssaka mot Isthar Göyzadin til 17. januar.

Utanfor rettssalen står juristen og sosiologen Ishtar Gözaydin i sentrum flankert av ektemannen Iskender Savasir, kollegar og venner og representantar for menneskerettsorganisasjonar som Amnesty International og Initiative for Freedom of Expression og ein lokal representant for EU-delegasjonen i Tyrkia. Midt i blant dei står også ambassaderåd Hans Christian Kjølseth frå Den norske ambassaden i Ankara. Til saman har rundt 30 personar kome for å fylgja saka. Uniforum er den einaste avisa som er til stades. Isthar Gözaydin er skulda for å ha tilhøyrt ein ulovleg væpna terrororganisasjon.

 • Les også i Uniforum: Menneskerettsprisvinnaren Isthar Gözaydin ber folk kryssa fingrane før rettssak

Står skulerett overfor dommarane

Etter å ha venta i over ein halv time får me gå inn i rettssalen og me tar plass på ei av dei fem stolradene lengst bak. Heilt framme i rettssalen står Isthar Gözaydin skulerett overfor dommarane før ho for lov til å setja seg ned.  Bak henne er det fem tomme stolrader.  På podiet sit aktor og tre dommarar. Til høgre for Isthar Gözaydin  sit dei to forsvararane hennar Erdal Dogan og Murat Dincer.  Atmosfæren i rettssalen er både trist og deprimerande.  Stilla rår. Det er så vidt stemmene frå aktor, dommarane og forsvarane ber fram til publikum bak i salen.

– Utreiseforbodet hindra henne i å ta imot pris frå Universitetet i Oslo

 Forsvararane får ordet først.

– Me  insisterer på at de må  oppheva utreiseforbodet for Isthar Gözaydin, slik at ho kan begynna i stillinga som er tilbydd henne  i Tyskland. Derfor krev me at passet hennar må leverast tilbake til henne.  Me viser til at utreiseforbodet var grunnen til at ho ikkje kunne dra til Oslo for å ta imot Universitetet i Oslos menneskerettspris i november, seier dei to forsvarsadvokatane. 

  • Les også i Uniforum: Isthar Gözaydin skålte for menneskerettsprisen frå Tyrkia

  • Les også i Uniforum:  Menneskerettsprisen gav meg truverdet tilbake

– Ingen prov

Dei avviser også alle dei alvorlege skuldingane som påtalemakta har imot Isthar Gözaydin.

– De har to vitne. Ein student og ein uidentifisert person. Utan desse vitnemåla har de ingen prov. Me har allereie vist at alle skuldingane er grunnlause og det finst heller ingen prov på at ho tilhøyrer ein forboden væpna terrororganisasjon, slår dei fast. 

– Hennar kommentar i eit TV-program kan ikkje føra til at ho kan skuldast for å tilhøyra ein ulovleg organisasjon, legg dei til. 

Forsvararane  peikar på at det ikkje var kome fram nokre nye opplysningar i etterforskinga sidan sist.

– Påtalemakta har akkurat dei same prova som sist saka kom opp for retten 12. september.   Ho har blitt hindra i å utøva jobben sin, som er å halda førelesingar for studentar, seier dei.

Aktor viser til at det var beslaglagt 60 elektroniske spor heime hos henne.  Forsvararane peikar på at mesteparten av materialet tilhøyrer ektemannen hennar.  

  • Les også i Uniforum: Tyrkiske Isthar Gözaydin får UiOs menneskerettspris - Kan få 15 år i fengsel

Aktor ber om å få utsett saka

Aktor ber dommaren om å få utsett saka, fordi den digitale rapporten ikkje er ferdig.

– Derfor treng eg meir tid til å presentera mitt syn på saka. Den digitale rapporten vil vera klar neste veke, seier han. 

Etter kvart viser det seg at han vil forhandla om å få meir tid.  Dommaren bestemmer dermed at saka skal opp igjen for retten den 17. januar. Der vil aktor presentera sitt syn på saka.

Akkurat då  oppdagar rettsbetjentane at nokre blant publikum har tatt bilete med eit mobilkamera. Dei går resolutt bort til dei og ber dei sletta bileta.

Deretter blir rettsmøtet avslutta.

Tidslinje for situasjonen for akademikarar i Tyrkia:

11. januar 2016: Academics for Peace publiserer kravet om stans i krigshandlingane i dei kurdiske områda og at partane startar fredsforhandlingar.

Februar 2016:  Dei første akademikarane får sparken eller blir arresterte for å ha skrive under på kravet frå Academics for Peace.

15. juli 2016: Kuppforsøk mot president Recip Tayyip Erdogan. Mange hundre soldatar og sivile blir drepne.

16. juli 2016: Presidenten startar arrestasjonar av akademikarar, juristar og andre som han skuldar for å sympatisera med Fethullah Gülen .

23. juli 2016: 15 universitet som skal vera finansierte av Gülen-rørsla blir stengde av styresmaktene. 

17 000 tilsette innanfor høgare utdanning mista jobbane sine fram til september 2016. 

2017: Over 100 000 akademikarar, juristar, journalistar og byråkratar har mista jobbane sine. 

  • Les også i Uniforum: Gjekk imot gjeninnføring av dødsstraff - mista jobben

 – Latterleg

Isthar Gözaydins ektemann Iskender Savasir  er  ikkje imponert over avgjerda.  – Dette var eigentleg eit alternativ som me ikkje hadde kunne førestilla oss. Eg synest det er latterleg.  Eigentleg har heile saka utvikla seg til eit puslespel, seier han til Uniforum.  

Optimistisk forsvarar

Advokaten til Isthar Gözaydin, Erdal Dogan var meir positiv til at rettssaka blei utsett med fem dagar.

– Me er ganske optimistiske og håpar på det beste. Grunnen er at skuldingane mot henne ikkje har røter i røynda og er heilt grunnlause. Den einaste grunnen til skuldingane mot henne er at Isthar Gözaydin har ein fri tanke og er ein uavhengig akademikar.  Derfor ventar eg at utreiseforbodet mot henne blir oppheva.  Det er det minste eg trur vil skje den 17. januar, seier Erdal Dogan til Uniforum.

– Godt teikn

Ishtar Gözaydin sjølv håpar utsetjinga kan verka positivt.

– Det er greitt at avgjerda blei utsett, når det er for ein så kort periode. 

– Korleis opplevde du det å stå framfor retten og vera tiltalt?

– Først og fremste opplevde eg at retten var klar over kor viktig denne saka er. Det er eit godt teikn med tanke på kva som kan bli avgjerda. Då kan truleg utreiseforbodet bli oppheva.  Eg veit ikkje om det blir den endelege dommen, men eg håpar for min del at det endar opp på den positive sida. Det er svært uvanleg at ei sak blir utsett med berre nokre få dagar, altså i dette tilfellet fram til onsdag, seier Isthar Gözaydin.

Uniforum vil koma  med avgjerda i rettssaka mot Isthar Gözaydin straks den er klar onsdag 17. januar.

 

 

Emneord: Menneskerettar, Tyrkia, Akademisk frihet Av Martin Toft og Ola Sæther (foto)
Publisert 14. jan. 2018 22:21 - Sist endra 14. jan. 2018 22:21
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere