Isthar Gözaydin: UiOs menneskerettpris gav meg truverdet tilbake

I dag får tyrkiske Isthar Gözaydin Universitetet I Oslos menneskerettspris i Gamle festsal. – Det gjer meg svært godt å få ei slik lovprising for det som eg heile tida har kjempa for fordi det er rett, seier prisvinnaren.

TOM STOL: – For meg er det ei stor ære og ei stor glede å få denne prisen, seier Ishtar Gözaydin. I dag får ho tildelt UiOs menneskerettspris i Gamle festsal. Men sjølv har ho ikkje fått løyve til å reisa ut av Tyrkia. For første gong i historia blir stolen til vinnaren av UiOs menneskerettspris derfor ståande tom.

Foto: Ola Sæther

Når den tyrkiske sosiologiprofessoren Isthar Gözaydin i kveld får UiOs menneskerettspris under ein seremoni i Gamle festsal, vil stolen hennar stå tom.

Men ho vil bli intervjua på link frå Tyrkia. Isthar Gözaydin har ikkje fått tilbake passet sitt etter at tyrkiske styresmakter tok det frå henne då ho i fjor haust skulle på ei utanlandsreise. Seinare blei ho arrestert og måtte sitja over to månader i varetektsfengsel i Izmir.

Det var også ved Gediz University i Izmir ho arbeidde som sosiologiprofessor og instituttleiar, då ho støtta ein protestaksjon på Twitter mot at dødsstraff skulle innførast på nytt i det tyrkiske rettssystemet. Det var nok til at ho fekk sparken frå universitetet. I eit intervju sa ho også at kurdarane hadde rett til å uttala seg. Dette er truleg grunnen til at no er tiltalt for å tilhøyra ein ulovleg terroristorganisasjon. I januar vil rettssaka mot henne starta. Isthar Gözaydin risikerer å få ei straff på opptil 15 år i fengsel.  

    • Les også i Uniforum: Tyrkiske Isthar Gözaydin får UiOs menneskerettspris: Kan få 15 år i fengsel

– Ei ære og ei glede

Men ho synest likevel det er positivt at ho er blitt lagt merke til og at ho er tildelt UiOs menneskerettspris for kampen sin for menneskerettane i Tyrkia.

– For meg er det ei stor ære og ei stor glede å få denne prisen. Det som er sikkert, er at du gjennom heile livet driv på med arbeid som du ikkje reknar med å få noka anerkjenning for. Den einaste grunnen til at eg har gjort det, er at det var den rette tingen å gjera for meg. Derfor er det fint å bli sett pris på, ikkje minst etter ein serie med uheldige hendingar som eg har opplevd det siste halvtanna året. Prisen gav meg truverdet tilbake, føler eg, skriv ho i ein epost til Uniforum.

– Må minna Tyrkia om internasjonale avtalar

Isthar Gözaydin kjem også med ein bodskap til alle akademikarar i Noreg og i resten av verda.

– Dessverre har Tyrkia opplevd ei tid der dei grunnleggjande prinsippa for rettsstaten og menneskerettane er neglisjerte. Derfor må Tyrkias internasjonale avtalar om å verna om rettsstaten og menneskerettane, heile tida bli peika på og minna om over heile den akademiske verda, synest ho.

– Ser fram til rettssak

– Korleis er din eigen situasjon akkurat no?

– Eg har det så bra som eg kan ha det. Eg trur håpet er kjelda som held oss alle sterke. Personleg seg eg fram til høvet til å ha ei rettferdig rettssak som vil avslutta denne uheldige perioden av livet mitt, seier ho.

I dag er ikkje Isthar Gözaydin lenger knytt til noko bestemt universitet. Likevel prøver å ho å halda på med forsking privat.

– Akkurat no er det heilt umogleg å bli tilsett ved eit tyrkisk universitet, både for meg og for tusenvis av andre tyrkiske akademikarar som det er reist juridiske og administrative saker mot. Ja, sjølv driv eg med forsking på eiga hand, men eg trur akademisk arbeid blir mykje meir fruktbart i eit akademisk fagmiljø, understrekar Isthar Gözaydin.  

Oslo blir første reisemål

– Og når vil du koma til Noreg?

– For å vera heilt ærleg, straks eg får tilbake passet mitt. Oslo vil då bli den første staden eg drar til i utlandet. Det ser eg verkeleg fram til, seier Isthar Gözaydin til Uniforum.

Trist

Rektor Svein Stølen ved UiO gir i ei pressemelding uttrykk for at det er trist at Gözaydin ikkje får ta imot prisen i Oslo:

– Dette understrekar den svært krevjande situasjonen som eit stort tal tyrkiske akademikar er i. Den akademiske fridomen er under sterkt press i Tyrkia – og i mange andre land i verda – og alle me som er med i den globale akademiske fellesskapen  har eit ansvar for å støtta opp om studentar og akademikarar som får ytringsfridomen sin truga, seier Svein Stølen.

UiOs menneskerettspris blir delt ut i kveld klokka 18.00 i Gamle festsal i Urbygningen i sentrum. (Oppdatert 12:54)

     • Les også: An empty Chair at the University of Oslo's Human Rights Award 2017

     • Fylg seremonien direkte her frå i kveld klokka 18.00

Tidslinje for menneskeretts-prisvinnaren Ishtar Gözaydin:

Juli 2016: Får  sparken frå jobben som professor ved Gediz University i Izmir etter å ha sendt vidare ei twittermelding som oppfordra folk til å protestera mot unntakstilstanden og forslaget frå presidenten om å gjeninnføra dødsstraff i Tyrkia. 

September 2016: Blir stansa på flyplassen i Istanbul på veg til ein forskarkonferanse på Sicilia. Får beskjed om at ho har utreiseforbud og ho må levera inn passet. 

20. desember 2016: Politiet kjem til husværet hennar  og arresterer henne. Ho blir sendt med fly til Izmir. Der blir ho sett i varetekt i politiarresten i åtte dagar.  

2017: Frå januar til 1. april sit ho og sonar ein dom på 94 dagar i kvinnefengselet i Izmir. 

Saka hennar blir flytta til Istanbul. Ho er skulda for å vera medlem i ei væpna terroristgruppe. Ho risikerer å få ein dom på 15 år. Rettssaka startar 12. september, men blir truleg ikkje ferdig før i november.

August 2017: UiO gjer kjent gjennom Uniforum at Ishtar Gözaydin får UiOs menneskerettspris for 2017. Avgjerda er tatt av universitetsstyret.

November 2017: Ishtar Gözaydin får utdelt UiOs menneskerettspris utan å kunna vera til stades.Tyrkia vil ikkje gi henne passet tilbake.

Tidslinje for situasjonen for akademikarar i Tyrkia:

11. januar 2016: Academics for Peace publiserer kravet om stans i krigshandlingane i dei kurdiske områda og at partane startar fredsforhandlingar.

Februar 2016:  Dei første akademikarane får sparken eller blir arresterte for å ha skrive under på kravet frå Academics for Peace.

15. juli 2016: Kuppforsøk mot president Recip Tayyip Erdogan. Mange hundre soldatar og sivile blir drepne.

16. juli 2016: Presidenten startar arrestasjonar av akademikarar, juristar og andre som han skuldar for å sympatisera med Fethullah Gülen .

23. juli 2016: 15 universitet som skal vera finansierte av Gülen-rørsla blir stengde av styresmaktene. 

17 000 tilsette innanfor høgare utdanning mista jobbane sine fram til september 2016. 

2017: Over 100 000 akademikarar, juristar, journalistar og byråkratar har mista jobbane sine. 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Menneskerettar, Tyrkia, Akademisk frihet, UiOs priser Av Martin Toft
Publisert 13. nov. 2017 12:01 - Sist endra 13. nov. 2017 14:37
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere