Menneskerettsprisvinnar Isthar Gözaydin ber folk kryssa fingrane før rettssak

Istanbul: I morgon formiddag skal Isthar Gözaydin møta for domstolen i Istanbul i Tyrkia.  I haust fekk ho tildelt Universitetet i Oslos menneskerettspris, og dermed blir ho den første i historia av desse prisvinnarane som vert stilt for retten etterpå.

SPENT PÅ RETTSAVGJERD: Isthar Gözaydin må møta i retten i Istanbul i morgon. Vinnaren av UiOs menneskrettspris 2017 håpar at i alle fall utreiseforbodet blir oppheva.

Foto: Ola Sæther

 Istanbul:

–  Eg er både stressa og spent. For eit par veker sidan følte eg meg mykje betre, men etter kvart som tidspunktet for rettssaka nærmar seg, er eg blitt meir og meir spent, fortel Isthar Gözaydin då Uniforum  treffer henne i husværet i bydelen Besiktas i Istanbul dagen før rettssaka startar.  

– Håpar utreiseforbodet vert oppheva

Isthar Gözaydin prøver likevel å vera optimistisk.

 – Eg håpar alltid på det beste.  Det ville sjølvsagt vera at eg ville bli frikjent, men det trur eg ikkje er realistisk. Etter det eg kjenner til, har dei ikkje enno klart å laga ei saksmappe på meg.  Men det eg for all del håpar skal skje, er at dei opphevar utreiseforbodet mitt. Då opnar det vegen for at eg kan få passet mitt tilbake og høve til å reisa utanlands. Det vil vera svært viktig for meg. Eg er blitt ganske utsliten av ikkje å ha høve til å reisa.  Så om det er det som skjer i morgon, vil eg bli svært letta, fortel Isthar Gözaydin til Uniforum.  

– Psykologisk og økonomisk katastrofe

– Kva vil vera alternativet?

– Det vil eg helst ikkje tenkja på. For om det ikkje skjer noko meir i saka mi, vil perioden med utreiseforbod også blir forlengja. Då vil eg halda fram med å vera i Tyrkia og prøva å jobba heilt åleine. Det er ikkje lett å forska og det er ikkje lett å konsentrera seg. Og eg er ein person som likar å jobba saman med  kollegar på eit forskingsinstitutt eller universitet. Dette er første gong eg ikkje har arbeidt i løpet av eit heilt år. Heilt sidan juli 2016 har eg ikkje jobba, og det er ein katastrofe både psykologisk og økonomisk.

Det var i november Isthar Gözaydin fekk utdelt UiOs menneskerettspris for 2017. Sidan ho hadde utreiseforbod, kunne ikkje juristen og den tidlegare leiaren for Sosiologisk institutt ved Gediz University i Izmir sjølv koma til Oslo for å ta imot prisen. Men ho var med på Skype frå Istanbul. 

   • Les også i Uniforum: Isthar Gözaydin skåle for menneskerettsprisen frå Tyrkia

   • Les også i Uniforum:  Menneskerettsprisen gav meg truverdet tilbake

Mista jobben for å ha tvitra imot gjeninnføring av dødsstraff

Isthar Gözaydin blei heidra for å ha kjempa for både den akademiske fridomen og for menneskerettane i Tyrkia.  Ho var mellom anna med på å starta ein Helsingforskomité i Tyrkia.  Kort etter kuppforsøket 15. juli 2016 mista ho jobben som instituttleiar ved Gediz University i Izmir. Grunngjevinga var at ho hadde sendt vidare ei twittermelding som oppfordra folk til å gå imot framlegget om å gjeninnføra  dødsstraffa i Tyrkia.

   • Les også i Uniforum: Gjekk imot gjeninnføring av dødsstraff - mista jobben

Risikerer dom på 15 år i fengsel

Rundt seks månader etterpå måtte ho i politiavhøyr, fekk utreiseforbod og blei til slutt plassert i kvinnefengselet i Izmir. Der sat ho i varetekt i tre månader.  Ho var skulda for å vera medlem i ein væpna terrororganisasjon.  For den skuldinga risikerer ho å få ein dom på inntil 15 års fengsel. Ho er ein av mange tusen akademikarar og journalistar i Tyrkia som har mista jobben og blitt stilte for retten.

   • Les også i Uniforum: Tyrkiske Isthar Gözaydin får UiOs menneskerettspris - Kan få 15 år i fengsel

– Vil reisa aller først til Oslo

– Og om utreiseforbodet vert oppheva, kvar vil du reisa?

– Eg har ein avtale om å begynna i ei  mellombels forskarstilling ved Universitetet i Leipzig frå 1. april og ut september. Om ingenting går feil, kjem eg til å dra dit. Men om eg får tilbake passet, så vil eg sjølvsagt også reisa andre stader. Og den aller første plassen vert Oslo, slik eg også har sagt i tidlegare intervju.  No ber eg berre alle om å kryssa fingrane for meg før avgjerda i domstolen i morgon.

– Korleis har støtta vore frå andre akademikarar etter at du mista jobben, hamna i fengsel, kom ut igjen og fekk utreiseforbod?

– Ja, eg har absolutt fått mykje støtte. Denne erfaringa har vore som å bla om til ei  ny side i ei bok. Du finn ut kven som verkeleg bryr seg om slike ting, kven som bryr seg om deg og om din situasjon. Eg har ikkje blitt skuffa, tvert imot. Det har vore ein interessant periode der eg har fått masse støtte frå venner, kollegar og dei personane som eg har mest kjær, seier ho.

Då me forlet Isthar Gözaydin, skal  ho ut og ha middag med gode venner. Før ho kaprar ein taxi på gata, rekk ho å visa oss ei hand med fingrane kryssa.

Emneord: Tyrkia, Akademisk frihet, Menneskerettar Av Martin Toft (tekst) og Ola Sæther (foto)
Publisert 11. jan. 2018 18:37 - Sist endra 11. jan. 2018 21:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere