Mjøsutvalet vil avskaffa rektorvalet

Innhold Neste Uniforum nr. 8 2000


Mjøs og Giske

Medisinprofessor Ole Danbolt Mjøs overrekkjer Mjøsutvalets 700 sider tjukke innstilling "Frihet med ansvar" til KUF-minister Trond Giske.

  • Avskaffing av demokratiske rektorval
  • Eit styre med fleirtal av eksterne medlemar
  • Nytt fagleg kollegium underlagt styret

Dette er dei mest radikale organisasjonsmessige endringane Mjøsutvalet kjem med framlegg om i innstillinga Frihet med ansvar

Martin Toft
Grethe Tidemann (foto)

- Det som er sikkert, er at ikkje alt som blir foreslått i denne rapporten blir gjennomført. Det sa kyrkje- utdannings- og forskingsminister Trond Giske, då han 8. mai tok imot innstillinga "Frihet med ansvar" frå Mjøsutvalets leiar, professor Ole Danbolt Mjøs. Han kvitterte med å understreka at utvalet heile tida hadde vore opptatt av å koma med framlegg som vil vera med på å byggja opp under målet om å setja studenten i sentrum. Men han la også vekt på kor viktig det er å satsa på grunnforskinga.

- Det må gå ei forskingsvekking over heile landet. Eg tar gjerne på meg oppgåva med å dra til Røst for å tala om forsking så folk får tårer i augene. Og denne forskingsvekkinga må me føra vidare til Stortinget slik at politikarane løyver mange milliardar kroner meir til forsking med eit smil, sa Mjøs. Det vil dei i tilfelle ikkje få høve til før våren eller hausten 2001. Først då vil denne rapporten koma til Stortinget som ei stortingsmelding om høgare utdanning og forsking i Noreg, opplyste Giske, som også nytta høvet til å slå fast at det er han som er forskingsminister i dette landet.

Styre med eksternt fleirtal

Den 700 sider tjukke rapporten med visjonar og framlegg til korleis den høgare utdanninga i Noreg skal sjå ut i tida framover, er mest radikal når det gjeld organiseringa av lærestadene.

Universiteta og høgskulane skal i framtida kunna organiserast som særlovselskap slik fleirtalet i utvalet vil, eller som forvaltingsorgan med særskilte og utvida fullmakter slik mindretalet ynskjer. Begge desse organisasjonsformene inneber ei ny styringsform ved desse utdanningsinstitusjonane. Difor står også heile det 17-mann store Mjøsutvalet saman om framlegget om å etablera eit eige styre med 11 medlemar der eit fleirtal på seks skal oppnemnast av Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet.

Blant dei fem andre medlemane av styret skal det vera to representantar for dei fagleg tilsette, to representantar for studentane og ein representant for dei teknisk-administrativt tilsette. Både styreleiar og nestleiar skal utpeikast av departementet. Styret skal ha eit hovudansvar for den langsiktige utviklinga av institusjonen og ha ansvar for strategiske og økonomisk-administrative spørsmål ved institusjonen.

Ny rektorrolle

Når det gjeld rolla til rektor i ein slik styringsmodell, er Mjøsutvalet delt. Eit fleirtal på 10 med leiar Ole Danbolt Mjøs, nestleiar Tora Aasland, Ole Henrik Magga og Victor Norman i brodden, foreslår at rektor skal vera den daglege leiaren for utdanningsinstitusjonen og vera ansvarleg overfor styret. Rektor skal ikkje vera medlem av styret, men er saksførebuar for og har framleggs-, møte- og talerett i styret. Rektor skal også vera leiar av det nye organet Det faglege kollegium. Eit mindretal på sju, med blant andre Kåre Rommetveit, Kari Kjenndalen, Gerd Liv Valla og Turid Karlsen Seim, understrekar også at rektor skal vera ansvarleg overfor styret.

Men mindretalet skiljer seg ut ved ikkje å lata han åleine vera den daglege leiaren for institusjonen. Derimot skal rektor utgjera ein del av den daglege leiinga av institusjonen saman med ein eller to prorektorar og ein direktør. Han eller ho skal vera institusjonen sin øvste leiar og utgjer saman med ein eller to prorektorar og direktør den daglege leiinga av institusjonen. Også i denne modellen skal rektor førebu saker for styret.

Fakta

Dette foreslår Mjøsutvalet:

  • Utdanningsinstitusjonane blir organiserte som særlovselskap eller forvaltingsorgan med særskilte og utvida fullmakter
  • Styre på elleve medlemar med seks eksterne medlemar oppnemnde av KUF
  • Demokratiske rektorval blir avskaffa
  • Ny internasjonal gradsstruktur (Bachelor- og Master-gradar)
  • Nytt karaktersystem med fem beståttkarakterar (ECTS-skalaen)
  • Høgskular og vitskaplege høgskular kan søkja om å bli universitet dersom dei innfrir spesielle vilkår
  • Auka satsing på internasjonalisering. Fleire norske studentar til utlandet og fleire utanlandske studentar til engelskspråklege tilbod ved norske lærestader.

Ingen rektorval

I dag blir rektor demokratisk vald av dei tilsette og studentane ved utdanningsinstitusjonen. Dette blir det slutt på om Stortinget vedtar Mjøsutvalets framlegg til korleis rektor skal utpeikast i framtida. Eit fleirtal på elleve i utvalet (med både Mjøs, Aasland og Magga,) gjer framlegg om å lata styret foreslå kandidat til rektorstillinga overfor det faglege kollegium for godkjenning. Deretter tilset styret rektor. Eit mindretal på fire (Rommetveit, Karlsen Seim, Aamodt og Kjenndalen) foreslår å lata det faglege kollegium åleine nominera kandidatar til rektorstillinga til styret, som så tilset rektor. Utvalsmedlem Knut Brautaset står åleine med framlegget om å lata departementet utnemna rektor etter nominasjon frå det faglege kollegium og framlegg frå styret. Eit stort fleirtal av utvalsmedlemane går også inn for å oppretta Det faglege kollegium. Dette organet skal ha eit særskilt ansvar i faglege spørsmål, og skal utgjerast av dekanar og representantar for studentar og dei teknisk/administrativt tilsette.

Forskings-og undervisningsbudsjett

Mjøsutvalet foreslår også endringar i finansieringa av høgare utdanning og forsking. Ikkje heilt uventa går det inn for ei finansieringsordning som skiljer mellom forsking og undervisning. Det skal gjevast ei tredelt forskingsløyving, der ein del blir fordelt utifrå resultats- og kvalitetskriterium, ein del utifrå regional- og fagpolitiske prioriteringar og ein siste del knytt til studenttalet. Som hovudregel skal det inngåast avtalar mellom KUF og lærestaden som skal bestemma normaltal for verksemda ved institusjonen. Dette normaltalet skal fastsetjast med utgangspunkt i ei nasjonal prioritering av totalkapasiteten, men institusjonane skal få høve til ein viss variasjon mellom ei øvre og nedre grense. Det blir også innført ei ordning der grunnløyvinga blir knytt opp til resultata av verksemda ved institusjonen gjennom ei stykkprisfinansiering av kandidatar og vekttalsproduksjon. Ti av utvalsmedlemane går også inn for å innføra ei ordning der ein fast sum (voucher) på rundt

15 000 kroner fylgjer kvar student og blir utbetalt når studenten har fullført 50 prosent av normert studieprogresjon.

Ny gradsstruktur

Dersom Mjøsutvalets framlegg får gjennomslag i Stortinget, blir det ein heilt ny gradsstruktur ved dei norske lærestadene. Då blir dei internasjonale Bachelor- og Master-gradane også innført i Noreg. Det inneber ein Bachelor-grad på 3 til 3 ½ år som vil erstatta dagens cand.mag.-grad på fire år og ein Master-grad på fem år, som vil erstatta dagens hovudfag på seks år. Målet med denne ordninga er å gjera det enklare for norske studentar å studera ved utanlandske lærestader og vil gjera det både lettare og mindre byråkratisk for utanlandske studentar å studera i Noreg.

Forskingssatsing

Mjøsutvalet ynskjer også ein enda sterkare satsing på forsking. Difor går utvalet inn for å få løyvingane til forsking og utvikling (FoU) opp til gjennomsnittleg OECD-nivå i løpet av fem år, og i løpet av dei fire neste åra skal norske FoU-løyvingar vera på same nivå som i Danmark, Finland og Sverige. Utvalet går inn for å auka forskingsfondet til 20 milliardar kroner. Den årlege avkastinga av dette fondet skal gå til forsking, ikkje minst grunnforsking, som blir sterkt framheva i innstillinga.

Det skal framleis berre vera fire tradisjonelle universitet i Noreg. Men utvalet går inn for å lata dei høgskulane som har fått tildelt rett til å dela ut doktorgrad i minst fem fagområde, søkja om å bli vitskapleg høgskule eller mini-universitet. Det blir også opna for å lata universitet og høgskular slå seg saman og oppretta nye einingar. Initiativet til dette må koma frå institusjonen, men avgjerda må takast av KUF.

Tilsyn for høgare utdanning

Viss det går slik utvalet vil, skal det også etablerast eit sjølvstendig tilsynsorgan for høgare utdanning. Dette Senteret for evaluering og akkreditering skal vera frittståande i høve til KUF, og skal akkreditera og evaluera alle dei institusjonane som skal ha rett til å tilby offentleg godkjent utdanning. Det skal også vurdera om institusjonane har oppfylt dei krava som den relevante institusjonsnemninga fører med seg, altså universitet, høgskule eller vitskapleg høgskule. For å få løyvingar over statsbudsjettet vil det vera naudsynt med ei slik akkreditering, men det åleine vil likevel ikkje vera eit tilstrekkeleg vilkår, sidan KUF i alle tilfelle vil ta den endelege avgjerda. Styret for dette organet skal oppnemnast av regjeringa. Alle dei norske lærestadene blir oppmoda til å driva marknadsføring av studia sine i utlandet og oppretta fleire engelskspråklege studium spesielt tilrettelagde for utanlandske studentar, men som samtidig også skal vera opne for norske studentar.

Glede ved UiO

- I dag er universiteta bundne på hender og føter av reglement og byråkrati som gjer det vanskeleg å styra institusjonane. Eg er derfor glad for at Mjøsutvalet kjem med framlegg om ei meir sjølvstendig stilling for universiteta. Det seier rektor Kaare R. Norum ved UiO, som er tilfreds med at utvalet åtvarar mot å etablera fleire universitet i Noreg.

Han støttar også ein kraftig auke av Forskingsfondet og at forsking ved universiteta, som blir finansiert av Noregs forskingsråd, må fullfinansierast av Forskingsrådet. Norum ser positivt på framlegget om ny gradsstruktur.

Dekan Even Hovdhaugen ved HF-fakultetet synest framlegget til ny styringsmodell er uklart. - Ikkje minst opplegget med rektor som ein slags administrerande direktør er komplisert – finst det nokon slik superrektor? spør han. Men han synest det er fint med styrkja ekstern representasjon i styret, sjølv om han ser føre seg mange problem i ansvarsforhold og maktforhold mellom styre og kollegium. Hovdhaugen ser positive sider ved innføring av ny gradsstruktur.

- Femårsramma er ei positiv endring som saman med den meir produktorienterte finansieringsordninga, kan tvinga oss til å auka kvaliteten på utdanningstilboda våre, seier HF-dekanen.

Også student og kollegierepresentant Marianne Dahl er i utgangspunktet open for framlegget til ny gradsstruktur. - Det viktige for oss som studentar er at dersom det blir valt å korta ned gradane, så må det også bli gjort ein skikkeleg gjennomgang av kva som skal vera innhaldet i dei, meiner Dahl, som støttar ei mogleg innføring av universitetsstyre med eksternt fleirtal.

- Dersom universiteta får ein større grad av fristilling, er det rimeleg at staten krev å få oppnemnt eit fleirtal av medlemane i styret. Me trur dessutan at det er viktig med eksterne representantar for å styrkja kontakten med resten av samfunnet og for å hindra at universitetet blir for innadvendt og for fokusert på interne problem, seier ho.

Les også:

Debatt: Mjøs-innstillingen: La oss gripe sjansen!

Pressebiter

Fem i farta


Innhold Neste Uniforum nr. 8 2000

Publisert 25. mai 2000 15:50 - Sist endra 1. sep. 2014 14:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere