Norum forsvarar Kosovo-vedtak
Av Martin Toft
Kollegievedtaket om å krevja våpenkvile i krigen på Balkan har vekt både negative og positive reaksjonar ved Universitetet i Oslo. Rektor Kaare R. Norum er derimot lei seg for at Universitas overfortolka vedtaket:
- Det stod ingenting verken om NATO eller bomber i vedtaket. Det einaste me krevde, var ein pause i krigshandlingane på Balkan og ein stans i den etniske reinsinga i heileJugoslavia, presiserer han. Dessutan inneheldt framlegget ei rekkje tiltak som galdt studentar og akademikarar i området.
- Eg er glad for at Asbjørn Kjønstad, Olaf Svorstøl og eg sjølv klarte å leggja fram eit utkast som eit samrøystes kollegium vedtok, seier Norum.
- Medlemane i Kollegiet er jo ikkje valde på grunnlag av si politiske overtyding. Er det ikkje difor tvilsamt at Universitetet i Oslo uttalar seg om ei utanrikspolitisk sak?
- Sidan Noreg også deltok i denne krigen, var dette ein heilt spesiell situasjon. Under vanlege omstende ville ikkje Kollegiet ha koma med ei politisk fråsegn. I ettertid kan eg gjerne vedgå me i vårt utkast ikkje skulle ha brukt enkelte setningar som var identiske med setningar i brevet som Nils Christie med fleire sende ut til alle dei tilsette ved UiO.
- Ja, var det ikkje også tvilsamt at brevet som Nils Christie og dei andre initiativtakarane sende ut til alle dei tilsette, var påført Universitetet i Oslos logo?
- Det tar eg det heile og fulle ansvaret for. Og den avgjerda forsvarar eg, seier ein bestemt universitetsrektor.
Dei som vil lesa heile brevet frå Kollegiet til Regjeringa om krigen på Balkan, kan finna det på fylgjande internettadresse: http://www.admin.uio.no/ia/debatt_k/regjeringsbrev.html
Pekere til andre artikler og innlegg i Uniforum:
- Med skalpell i krigssonen (dette nummer)
- Verden ikke den samme etter Kosovo (dette nummer)
- Debatt: Universitetet og krigen (dette nummer)
- Strid om Kosovo-vedtak (nr. 9)
- Debatt: Kollegiet og Kosovo-krigen (nr. 9)
- Debatt: Krigen på Balkan - og Kollegiet (nr. 9)
- Debatt: Seks argumenter mot Kollegiets Kosovo-resolusjon (nr. 9)
- Kollegiet ber om våpenkvile på Balkan (nr. 8)
- Debatt: Om universitetsledelsens valg av politisk side i Kosovo-konflikten, og om ukritiske akademikere (nr. 8)
- Oppfordrer til krigsdugnad (nr. 7)
- Ljubisa Rajic: NATO har sett FN ut av spel (nr. 7)
- Fem i farta: Savner du akademikernes engasjement? (nr. 7)
- Debatt: Krigen og det kritiske universitet (nr. 7)
- Statssuverenitet vs. menneskerettane (nr. 6)
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere