Strid om Kosovo-vedtak

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 9 1999


- Kollegiemedlemane har misbrukt mandatet sitt ved å uttala seg om krigen i Kosovo, meiner medisinprofessor Per Brandtzæg.
- Eg er stolt over at Kollegiet har gjort eit slikt vedtak, seier kriminologiprofessor, Nils Christie.

Av Martin Toft

Også professor i offentleg rett, Frederik Zimmer, er kritisk til vedtaket der eit samrøystes kollegium gjekk inn for våpenkvile i krigshandlingane på Balkan. Han meiner det er vanskeleg å sjå at Kollegiet har noko mandat til å uttala seg på vegner av heile universitetssamfunnet i spørsmål som ikkje har noko med universitetet å gjera. I eit lesarinnlegg i dagens Uniforum skriv han at ”Kollegiet er valgt for å styre universitetet (se universitetslovens § 2). Vi har stemt på de kandidater som vi mener er best egnet til dette, ikke ut fra hva de måtte mene om politiske, kulturelle osv. spørsmål uten sammenheng med universitetets virksomhet,” påpeikar Zimmer.

Skal ikkje uttala seg om politikk

Medisinprofessor Per Brandtzæg er enda hardare i sin dom over kollegievedtaket.

- Eg meiner bestemt at me ikkje har valt våre faglege leiarar fordi dei skal uttala seg om politikk. Universitetstilsette hargenerelt ikkje meir kompetanse til å uttala seg om krigen i Kosovo enn den vanlege mannen i gata. Ekspertane blant oss kan heller bruka dagspressa for å fremja synspunkta sine i staden for å bruka dei universitetstilsette som sanningsvitne for seg sjølve, er rådet frå Brandtzæg. – Men me tykkjer sjølvsagt alle at det er trist det som skjer i Jugoslavia, legg han til.

Stolt over Kosovo-vedtaket

Initiativtakaren til debattmøtet om Kosovo i Universitetets gamle festsal like etter påske, professor i kriminologi, Nils Christie, er derimot svært nøgd med det samrøystes kollegievedtaket.

- Eg er svært glad for dette initiativet og stolt over at Kollegiet tar eit slikt steg. Noreg er i krig, og det er ei overveldande viktig hending som er mest fullstendig oversett av det politiske Noreg. Difor er det svært viktig at me viser at universitetet, vår akademiske kjerneinstitusjon, ikkje søv, seier Nils Christie. Han og dei andre initiativtakarane har til no fått inn 600 underskrifter frå universitetstilsette som støttar oppropet om bombestans i Jugoslavia.

Ikkje kontroversielt

Kollegiemedlem Ingeborg Jacobsen synest heller ikkje Kosovo-vedtaket er særleg kontroversielt.

- Eg synest det var eit ryddig og greitt vedtak som det ikkje var vanskeleg å få samrøystes oppslutning om. Også kollegiemedlem Cathrine Fabricius Hansen synest vedtaket var uroblematisk.

- I utgangspunktet var eg skeptisk og meinte at det ikkje var Kollegiets sak å uttala seg om eit politisk spørsmål. Diskusjonen i Kollegiet overtydde meg derimot om at det var rett å gjera eit slikt vedtak.

Pekere til andre artikler og innlegg i Uniforum:


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 9 1999

Publisert 3. juni 1999 15:26 - Sist endra 1. sep. 2014 13:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere