Kollegiet ber om våpenkvile på Balkan

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 8 1999


Det må bli ein pause i krigshandlingane på Balkan, og den etniske reinsinga i heile det tidlegare Jugoslavia må stansast. Det meiner eit samrøystes Kollegium ved Universitetet i Oslo.

Av Martin Toft

Kollegiet meiner at berre ein pause i krigshandlingane kan føra til at FNs posisjon og autoriteten til folkeretten blir gjenoppretta. Det krev også at menneskerettane blir respekterte ved ein stans i den etniske reinsinga i det tidlegare Jugoslavia. Kollegiet ber dessutan om at nye fredsforhandlingar med FN i førarsetet må ta sikte på ei snarleg løysing som garanterer rettane og tryggleiken til kosovoalbanarane og som gjer det mogleg for alle flyktningar i det tidlegare Jugoslavia å venda heim. Vidare meiner Kollegiet at flyktningane må sikrast verdige vilkår inntil dei kan venda tilbake, og at både interne og eksterne flyktningar kjem i hus før vinteren. Det må dessutan ytast storstilt økonomisk hjelp til oppattbygginga på Balkan, understrekar Kollegiet. Vedtaket slår fast at Universitetet i Oslo vil arbeida for å oppretta og oppretthalda kontakt med universitetsmiljøa i det tidlegare Jugoslavia og med akademikarar på flukt. Partane må vita at dei ikkje er gløymde, og at dei stadig er delar av ein større akademisk fellesskap. UiO vil i tillegg arbeida for å skapa mogleg arbeid på alle nivå for forskarar som kjem hit som flyktningar, og som måtte ynskja tilknyting til dei respektive faga sine på universitetet vårt. UiO vil dessutan arbeida for ein generøs opptakspolitikk for studentar som kjem hit som flyktningar, heiter det i fråsegna. Det samrøystes kollegievedtaket oppmodar alle dei tilsette ved UiO til å skapa ein djupare innsikt i og kunnskap om kva som skjer som fylgje av krigen. Universitetsleiinga oppfordrar dessutan alle i universitetssamfunnet til å hjelpa til med å lindra og motvirka den menneskelege tragedien me alle er vitne til, står det til slutt i fråsegna.

Tidligere artikler og innlegg i Uniforum om Krigen i Kosovo (siste først):

Peker til Informasjonsavdelingens side om Krigen i Kosovo


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 8 1999

Publisert 20. mai 1999 14:23 - Sist endra 1. sep. 2014 13:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere