Dimensjoneringsmeldingen:
-
Utvida bruk av mellombelse tilsetjingar ved universiteta
-
Innføring av seniorstipend
-
Fleire studieplassar i medisin, odontologi, farmasi og psykologi
Av Martin Toft
Dette er dei viktigaste framlegga i Regjeringas stortingsmelding om dimensjonering (omfordeling) av høgare utdanning. Meldinga opnar for ein vidare auke i studieplassar i medisin ved universiteta i Tromsø og Trondheim. Ein eventuell auke av talet på studiekapasiteten i medisin skal skje i nært samarbeid med universiteta. Sosial- og helsedepartementet har framleis til vurdering om universitetsfunksjonen ved Sentralsjukehuset i Akershus (SiA) skal gjenopprettast. Spørsmålet vil difor koma opp igjen i samband med framlegg til statsbudsjett for år 2000. Trass i at det blei oppretta 15 nye studieplassar i farmasi ved universiteta i Oslo og Tromsø i 1998, meiner Regjeringa at det framleis er behov for fleire farmasøytar.
Fleire tannlegar og psykologar
Det vil også vera behov for fleire tannlegar om nokre år. Sosial- og helsedepartementet har difor i samarbeid med Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartemenet (KUF) sett ned eit utval som skal greia ut behovet for tannlegar og utdanningskapasitet på grunnlag av tannlegemangelen i Nord-Noreg. Utvalet skal sjå om det er mogleg å oppretta eit eige odontologistudium ved Universitetet i Tromsø. Utgreiinga vil vera ferdig i løpet av sommaren. I ti år framover skal derimot tannlegemangelen løysast ved rekruttering av tannlegar frå utlandet. KUF vil i samarbeid med universiteta også vurdera om det er behov for å utvida talet på studieplassar i psykologi. Dersom det blir behov for fleire lærarar til hausten, vil KUF møta problemet ved å auka opptakskapasiteten til praktisk-pedagogisk utdanning ved universiteta. Det skal skje ved omdisponering av studieplassar.
Integrering av IT-studium
I meldinga kjem Regjeringa med framlegg om å vidareføra den samla utdanningskapasiteten i teknologiske fag. Arbeidet med å integrera informasjonsteknologi i ei rekkje fag og studium må halda fram. Dimensjoneringsmeldinga understrekar dessutan at det er viktig at universitet og høgskular har tilbod i IT som vidareutdanning eller som eit studium som kan kombinerast inn i fagkrins. Stortingsmeldinga legg vekt på at universiteta og høgskulane skal vera sentrale aktørar i etter- og vidareutdanningsreforma (kompetansereforma). Etter Regjeringas meining må dei visa fleksibilitet og evne til å møta nye behov innan etter- og vidareutdanning gjennom nye studietilbod og organisasjonsmodellar.
Omstilling
I stortingsmeldinga blir det heller ikkje lagt skjul på at universiteta og høgskulane må omstilla seg. Det vil seia at dei må ta i bruk tiltak som omplassering eller førtidspensjonering av tilsette. Dessutan vil departementet avklara om det er mogleg å etablera ei ordning med seniorstipend eller bistilling i kombinasjon med pensjon. Når det gjeld spørsmålet om universiteta og høgskulane skal få høve til å seia opp tilsette, viser departementet til at Tenestemannslova §10 opnar for dette i tilfelle der arbeidet fell bort. Departementet meiner at det vil skapa store problem for arbeidet med rekruttering av nye doktorgradskandidatar, at det ber institusjonane om å vera tilbakehaldne med å nytta eit slikt virkemiddel. Derimot opnar Regjeringa for at det i framtida skal vera mogleg med auka bruk av mellombels tilsetjing. Difor kjem KUF til å ta initiativ til ein gjennomgang av lov- og føreskriftsverk for å finna ut om det i større grad enn i dag kan gjevast tidsavgrensa tilsetting. Dette vil vera mest aktuelt for dei som har hovudstilling utanfor lærestaden.
Nye styringsordningar
Dimensjoneringsmeldinga varslar også at KUF i løpet av denne våren vil koma med ein odelstingsproposisjon som har tatt føre seg om det er mogleg å setja i gang forsøksverksemd med nye styringsordningar ved universitet og høgskular. I dag er styringsstrukturen ved universitet og høgskular regulert av universitets- og høgskulelova, som bestemmer at rektor og dei andre interne styremedlemane skal veljast.
Logg inn for å kommentere