Statssuverenitet vs. menneskerettane

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 6 1999


LANDSBYGD I KOSOVO: Seter som tilhøyrer Ismaq, ein av dei landsbyane som blei etnisk reinsa og brende ned i byrjinga av denne månaden. Biletet er frå september 1976. (Foto: Ann Christine Eek)

Krigen i Kosovo:

NATO har skapt noko heilt nytt når organisasjonen no går til humanitær aksjon i Jugoslavia utan FN-mandat. Det meiner juristen Vidar Helgesen.

Av Martin Toft

- Den aktuelle konflikten i Jugoslavia set dilemmaet mellom statssuverenitet og menneskerettar på spissen: På den eine sida aksepterer ikkje verdssamfunnet grove og massive menneskerettsbrot innanfor grensene til ein stat, på den andre sida gir verdssamfunnet si ”grunnlov”, FN-pakta, sterkt vern for dei som hevdar at statssuvereniteten har forrang. Innanfor FN-pakta er det vanskelig å sjå nokon heimel for ein militæraksjon mot Jugoslavia utan mandat frå Tryggingsrådet, seier Vidar Helgesen. Han har skrive ei særavhandling til embetsstudiet i jus med tittelen ”Til krig for menneskerettighetene. Etter at han avslutta embetsstudiet i jus ved UiO i fjor haust, han har arbeidd som rådgjevar for presidenten for Den internasjonale Raudekrossen, Astrid Nøklebye Heiberg.

DILEMMA: Mange dilemma i NATO-aksjonen i Kosovo, seier juristen Vidar Helgesen som har skrive avhandling om spørsmålet om å gå til krig for menneskerettane (Foto: Hanne Buxrud)


ALDRI MEIR NORSK UNIFORM: Norsk-serbiske Emil Jeremic vil aldri ta på seg norsk uniform igjen etter at Noreg deltok i NATO-aksjonen mot Serbia. (Foto: Martin Toft)


NATO HINDRAR OVERGREP: Når NATO grip inn er det for å hindra ei internasjonal kriminell handling, meiner albanske Anila Nauni (Foto: Martin Toft)

Humanitær intervensjon

- Det me derimot ser, er at mange vender tilbake til den klassiske doktrinen om humanitær intervensjon, som hadde mange tilhengjarar for rundt hundre år sidan. Denne doktrinen har stort sett hatt teoretisk interesse etter at FN-pakta blei vedtatt, men er no aktualisert igjen, konstaterer Helgesen.

I særavhandlinga listar han opp fleire av elementa som tradisjonelt har inngått i ein humanitær intervensjon: Det måtte liggja føre ein situasjon der ein vesentleg del av innbyggjarane i ein stat var utsett for grove, systematiske og omfattande overgrep innanfor grensene til den aktuelle staten. Intervensjonen utifrå skjedde med militære maktmiddel og utan samtykke frå staten. Og den parten som intervenerer skulle ikkje ha særlege eigeninteresser knytt til styreform, politiske maktforhold eller kommersielle forhold, men opptre kun med auge for dei humanitære forholda.

Vanskelege dilemma

- Det kan argumenterast med at desse vilkåra er oppfylte i Kosovo-situasjonen. Men det er inga allmenn semje om at denne doktrina er reetablert som gjeldande folkerett; det var det på ein måte heller ikkje for hundre år sidan. Her er me på ei område ikkje berre juridiske, men også politiske, moralske og strategiske vurderingar spelar inn. Eit av dei dilemma som verkeleg er vanskeleg, er kva tiltak som verkeleg gir vern av dei sivile. Dersom nokon går til krig på humanitært grunnlag, så må det stillast visse krav til krigføringa. Nokon vil seia at bombinga har auka lidingane på kort sikt, men ingen veit kva som ville skjedd på lang sikt utan bombing. Ved å gå utanfor FN-pakta, slepp NATO-landa dilemmaet som vetoretten skaper. Men nye dilemma dukkar opp: NATO vil også koma til vera selektiv med kvar og når organisasjonen skal intervenera.

I særavhandlinga, skriven tidleg i fjor haust, understrekar Helgesen at det er lite sannsynleg at NATO vil gripa inn militært i Kosovo utan mandat frå FNs Tryggingsråd.

- Dette viser kor raskt utviklinga går. NATO stod lenge på at FN-mandat var naudsynt, men gjorde så eit unnatak som no kan koma til å bli regelen. Likevel er det klart at NATO-landa har vore nøye med å visa til at Tryggingsrådet har slått fast at situasjonen utgjer eit trugsmål mot internasjonal fred og tryggleik. Men dette er ikkje det same som eit mandat frå Tryggingsrådet, meiner Helgesen som minner om at FN-pakta blei utforma utifrå røynslene med to verdskrigar der brot på statssuvereniteten hadde vore årsak til krig.

Interne konfliktar får internasjonale fylgjer

- No har dette endra seg. I dag er det få tilfelle av mellomstatlege krigar, medan konfliktane innanfor statar lett får internasjonale konsekvensar, forklarar Helgesen.

- Eit så sterkt vern for statssuvereniteten som FN-pakta gir kan i dag difor vera med på å halda ved like konfliktar heller enn å løysa dei. Menneskerettane er i dag gjeldande folkerett på normplanet, men FNs Tryggingsråd har vore svært tilbakehalden med å bruka militære middel mot statar som grovt og massivt bryt menneskerettane.


Tar aldri ta på meg norsk uniform igjen

- Eg kjem aldri til å bera norsk uniforum igjen etter at Noreg har deltatt i NATO-aksjonen mot Serbia. Det seier norsk-serbiske Emil Jeremic. Han har norsk mor og serbisk far, har avtent verneplikta i Noreg og har vore fenrik i den norske FN-bataljonen i Libanon.

- Eg føler meg forrådt av dei norske stortingspolitikarane som har støtta NATO-aksjonen mot Serbia. Aksjonen er eit klart brot på Folkeretten. Jeremic har skrive hovudoppgåve ved Institutt for statsvitskap ved UiO om verknadane av sanksjonspolitikken mot Serbia. Konklusjonen på oppgåva var at sanksjonspolitikken hadde gått hardast utover dei fattigaste og tent til å styrkja Slobodan Milosevic og maktapparatet rundt han.

- Bombeaksjonen mot Serbia har også ført til auka oppslutnad om president Slobodan Milosevic og sterkare undertrykking av opposisjonen. Denne veka fekk eg melding om at det var den opposisjonelle avisredaktøren Slavko Curuvija som blei funnen myrda utanfor heimen sin sist helg, fortel Jeremic. Likevel er han imot NATO-politikken overfor Serbia.

- Rambouillet-avtalen var eit diktat som NATO ynskte å tre ned over hovudet på Serbia. Det ville ha ført til at NATO hadde fått full kontroll over all infrastruktur i Serbia. Difor meiner eg at avtalen blei utforma slik for at NATO skulle få det påskotet det trengte for å gå til åtak på Serbia, meiner han. Jeremic synest demokratar i Vesten heller kunne ha prøvd andre løysingar enn bombing for å få fred i Kosovo.

- I staden for å bomba Serbia burde heller dei demokratiske kreftene i Vesten ha tatt initiativet til ein Balkankonferanse der både flyktingeproblemet i Serbia og Bosnia, situasjonen i Kosovo og den utarma økonomien i Jugoslavia kunne ha blitt tatt opp. I dag ser eg ikkje noko anna løysing enn at Kosovo blir delt i ein serbisk og ein kosovoalbansk del, seier Jeremic.


Rettferd er også å bruka makt

Den serbiske undertrykkinga av kosovoalbanarane var kome så langt før NATO greip inn at harmonien mellom dei to folka i Kosovo allereie var øydelagt. Det seier albanske Anila Nauni som arbeider som tolk blant kosovoalbanske flyktningar i Noreg.

- I demokratiske statar har me tradisjon for å straffa dei som bryt lovene. Når NATO no grip inn så er det å for å hindra ei internasjonal kriminell handling. I dette tilfellet meiner eg at rettferd også kan innebera å ta i bruk makt, meiner Nauni, som akkurat har levert inn ei hovudoppgåve i sosiologi ved UiO om identitetsdanning blant kosovoalbanske flyktningar i Noreg.

- Eg håpar at bombinga av Rest-Jugoslavia snart tar slutt, men samtidig undrar eg meg over at den jugoslaviske regjeringa ikkje har tatt imot høvet til å skriva under ein fredsavtale med kosovoalbanarane. Kosovoalbanarane vil jo ikkje ha noko Stor-Albania, men sjølvstyre, konstaterer Nauni, som har eit stort ynskje for kosovoalbanarane.

- Eg håpar dei får høve til å venda tilbake til heimane sine i Kosovo. Dei kosovoalbanske ungdomane som eg har snakka med her i landet er glade i Noreg, men det er berre Kosovo dei er villige til å døy for.

Den europeiske universitetsorganisasjonen (CRE) har vedtatt å eksludera dei serbiske universiteta fordi dei valde dekanane og rektorane har blitt erstatta med regimetru personar.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 6 1999

Publisert 15. apr. 1999 10:48 - Sist endra 1. sep. 2014 13:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere