– EØS-avtalen vil truleg få tryggingspolitiske konsekvensar

– Regjeringa synest det er bra for Noreg, for Norden og for det nordiske forsvarssamarbeidet.  Frankrike var derimot litt skuffa over at EU-solidariteten ikkje var nok for Finland og Sverige, sa statssekretær Eivind Vad Petersson i Utanriksdepartementet, då dei to landa hadde levert inn søknad om Nato-medlemskap.

Portrett av ein mann

FRAMSTEG: – EU-president Ursula van der Leyen sa at den russiske invasjonen av Ukraina førte til at EUs tryggingspolitikk gjorde større framsteg på tre dagar enn dei 20 åra før, sa statssekretær Eivind Vad Petersson i Utanriksdepartementet.  

Foto: Martin Toft

Den 1. juni skal Danmark i ei folkerøysting avgjera om landet framleis skal halda seg utanfort forsvarssamarbeidet i EU.  Samtidig er dei to EU-landa og nordiske naboane Sverige og Finland på veg inn i Nato, skremde av Russlands invasjon av Ukraina den 24. februar i år. Kan EU midt opp dette også bli ein viktig tryggingspolitisk aktør og ikkje berre ei økonomisk stormakt? Det var mellom problemstillingane som blei tatt opp på eit møte i regi av Partnarforum ved UiO og BI på Det juridiske fakultetet  måndag denne veka. 

Statssekretær Eivind Vad Petersson i Utanriksdepartementet drog i innlegget sitt fram EUs eigen omtale av den tryggingspolitiske utviklinga.

– EU-president Ursula van der Leyen sa at den russiske invasjonen av Ukraina førte til at EUs tryggingspolitikk gjorde større framsteg på tre dagar enn dei 20 åra før, registrerte han.

Eivind Vad Petersson kom også med eit sterkt forsvar for EØS-avtalen:

– EU har rett til å leggja straffetoll mot land utanfor EU, men det gjeld ikkje for Noreg og dei andre EØS-landa. Eit slikt unntak gjorde ikkje EU for Sveits. Og EØS-avtalen vil truleg også få tryggingspolitiske konsekvensar, trudde Eivind Vad Petersson.

– Har gitt full støtte til Ukrainas naboland

Så kom han tilbake til Russlands invasjon av Ukraina og konsekvensane den har fått for EU.

 – Om bileta frå Ukraina hadde vore i svart-kvitt, hadde denne krigen sett ut som scener frå Den andre verdskrigen på 1940-talet.  Krigen har ført til Europas største flyktningkrise sidan 2. verdskrigen.  I denne situasjonen har EU gitt full støtte til nabolanda som har tatt imot flyktningar. EU har koordinert våpenhjelp til Ukraina til ein verdi på over 2,4 milliardar euro. EU har sidan krigen starta også gjort seks sanksjonsvedtak, trekte han fram. 

Statssekretæren peika dessutan på korleis mesteparten av våpenbistanden går føre seg. 

– EU-landa som tidlegare var Warszawapakt-land gir dei gamle våpna sine til Ukraina, våpen som landet har god erfaring med. Og så erstattar EU dei gamle våpna med nye og moderne våpen i desse landa.. Når det gjeld våpenbistand, skjer likevel mesteparten gjennom USA, understreka Eivind Vad Petersson.

– Akkurat når det gjeld våpenbistand har Putin eit poeng i at det er USA/Nato mot Russland, la han til.  

– Frankrike var litt skuffa

Etter Russlands invasjon av Ukraina har både Finland og Sverige sendt inn søknad om medlemskap i NATO.

– Regjeringa synest det er bra for Noreg,  for Norden og for det nordiske forsvarssamarbeidet. Frankrike var litt skuffa over at EU-solidariteten ikkje var nok for Finland og Sverige, avslørte Vad Petersson. 

Heller ikkje han eller Utanriksdepartementet klarer å sjå  klart kva som blir utfallet av krigen. 

– Dei store konsekvensane av krigen kan vera annleis om få månader. EUs nisje er der framleis, men det er NATO som spelar hovudrolla, meinte han. 

Eivind Vad Petersson viste til at viss Finland og Sverige blir med i NATO, vil  det berre vera  4 EU-land som ikkje er NATO-medlemar; Austerrike, Malta, Kypros og Irland.

– EØS-avtalen ligg der og me må sørgja for at den ligg i hevd. Me må fylgja med, og Noreg må halda fram med det tettare forsvarssamarbeidet. For det er viktig at Noreg er ein del av samhaldet i Europa. Og for EU er Noreg det viktigaste samarbeidslandet utanfor EU, slo han fast. 

– Tyrkia har sine legitime tryggingsbehov

Då han fekk spørsmål om kva som skjer i høve til Tyrkia når det gjeld medlemssøknaden til Sverige og Finland, svarte han diplomatisk.

– Tyrkia har sine eigne legitime tryggingsbehov. No går det føre seg diplomatisk aktivitet, og me håpar at det om ikkje mange dagar skal finnast ei løysing på det.  Og når dei to landa går inn dei opne dørene hos NATO, blir dei tatt imot med opne armar, varsla statssekretær Eivind Vad Petersson.

– EU definerte medlemslanda sine svar på Russlands invasjon

Helene Sjursen, er professor ved ARENA - senter for europaforsking, UiO. Også ho såg på konsekvensane Russlands invasjon av Ukraina har fått for europeisk tryggingspolitikk. Sjursen lista opp to viktige årsaker til EUs styrka rolle som tryggingspolitisk aktør.

FELLES INTERESSER:  – I dag har dei landa som vil ha eit meir politisk EU felles interesser med dei som vil ha ein hardare tryggingspolitikk, til dømes Polen, sa professor Helene Sjursen ved ARENA -senter for europaforsking på UiO. (Foto: Martin Toft)

– FNs forbod mot åtak på andre land som skal vera leietråden for internasjonal politikk og Russlands brot på denne internasjonale retten. Det siste representerer realpolitikken sin tilbakekomst der det beste me kan håpa på er ein slags stabilitet av mangel på avtalar mellom stormakter, som styrer slik dei sjølve ynskjer innanfor såkalla eigne interessesfærar. EU har no tatt ei leiande rolle i å definera medlemslanda sine svar på Russlands invasjon, meinte Helene  Sjursen. 

Tidlegare har EU blitt skulda for å ha tala med opptil fleire tunger i politiske spørsmål.

– USAs tidlegare utanriksminister Henry Kissinger hevda at EUs medlemsland ikkje kunne bli einige om noko som helst på det tryggingspolitiske området.  Kva telefonnummer kan me ringja for å få tak i EU? spurte han.  Russlands invasjon av Ukraina har endra dette. EU har vedtatt omfattande økonomiske sanksjonar og stått bak koordinering av våpenhjelp. EU har samarbeidd langt nærare med Nato, medan Tyskland har gjennomført drastiske endringar i sin forsvarspolitikk, konstaterte Helene Sjursen. 

– Redde for sin eigen tryggleik

Ho peika dessutan på fleire hendingar i samband med Russlands invasjon av Ukraina som no har staka ut EUs framtidige plass i Europas tryggingspolitiske arkitektur.

– Det er brotet på folkeretten som ingen medlemsstatar kan ha på seg at dei ikkje støttar. Dei som har nølt, har blitt pressa av dei andre medlemslanda. Ei anna problemstilling er Tyskland og energipolitikken. Dei EU-landa som grensar til Ukraina er redde for sin eigen tryggleik. Det forklarar kvifor EU har reagert så raskt, understreka ho.

Helene Sjursen viste til at i EU har det vore store problem med å få land som Polen og Ungarn til å gå med på den politiske rolla EU har spelt og den flyktningpolitikken som EU har ført tidlegare.

– No er det stor oppslutnad frå alle partar om å ta imot flyktningar frå Ukraina, til stor skilnad frå mottaket av flyktningar frå land utanfor Europa tidlegare, trekte ho fram. 

– Valet av Donald Trump gjorde EU meir politisk

ARENA-professoren viste til at EU etter slutten på Den kalde krigen hadde ambisjonar om å utvikla sin eigen forsvars- og tryggingspolitikk.

– EU ville visa at det ikkje berre var eit økonomisk, men også eit politisk prosjekt. Det var også diskusjon om kva tryggingspolitikk EU skulle ha, som til dømes konfliktførebygging og fredsoperasjonar under FN-mandat. Samtidig hadde EU ein breiare verktøykasse enn det Nato hadde. Valet av Donald Trump som USAs president førte til at EU blei meir politisk, peika Helene Sjursen på.   

For ei tid sidan blei det klart at nokre EU-land også ynskjer å etablera ein eigen EU-styrke på 5000 soldatar.

– Medlemslanda sitt samarbeid rundt forsvarsmateriell vil bli styrka framover, trudde Sjursen.

Slik har dei to delane av tryggingspolitikken til EU møtt kvarandre, noko ho meiner har skjedd i endå større grad etter Russlands invasjon av Ukraina 24. februar i år.

– I dag har dei landa som vil ha eit meir politisk EU felles interesser med dei som vil ha ein hardare tryggingspolitikk, til dømes Polen. Det har kome ein allianse mellom dei to haldningane på grunn av krigen i Ukraina, slo ho fast. 

– EUs største fortrinn er likevel den store verktøykassen, med diplomati som den viktigaste reiskapen, la ho til.

– Danmark står åleine igjen på gangen

Statsvitskapsprofessor Ian Manners frå Lunds universitet såg føre seg ei svært spennande folkerøysting i Danmark 1. juni då det danske folket skal ta stilling til om Danmark framleis skal halda seg utanfor EUs forsvarspolitiske samarbeid. Han viste til stemmetala frå 1. juni 1992, då 51 prosent stemte for og 49 prosent mot at Danmark skulle stå utanfor forsvarssamarbeidet.

SA JA TIL IRAK-DELTAKING:   – Paradokset er at Danmark ikkje har kunna vera med i EU-leia fredsoperasjonar, men stemte ja til å delta i USAs invasjon av Irak i 2003, sa Ian Manners, professor i statsvitskap ved Lunds universitet. (Foto: Martin Toft)

– Sidan dette skjedde, har Storbritannia forlate EU og Danmark står åleine igjen på gangen når slike spørsmål blir diskutert. Irland har ofte redda Danmark. Paradokset er at Danmark ikkje har kunna vera med i EU-leia fredsoperasjonar, men stemte ja til å delta i USAs invasjon av Irak i 2003. Landet har også deltatt i Nato-operasjonen i Afghanistan. Akkurat no er Danmarks forsvarspolitiske utanforskap i EU aktualisert etter at heile Norden vil bli allierte i Nato sidan Finland og Sverige er på veg inn, konstaterte han.

På onsdag går danskane til urnene for å avgjera om Danmark skal bli med i EUs forsvarspolitiske samarbeid. Om dei stemmer ja, vil Danmark kunna delta i EUs militære operasjonar og vera med på å finansiera dei. Landet vil dermed også kunne delta i den delen av EUs utanriks- og tryggingspolitikk som påverkar forsvarspolitikken.

• Les meir om EU, Ukraina og Russland:

Russland-ekspert Geir Flikke: – Det er uheldig for ein diktator å koma mellom to tigrar

Ukrainske, russiske og kviterussiske studentar i Noreg får økonomisk støtte

Stølen sendte brev til Russland: – Tydelig i vår fordømmelse

UiO-forskar spår ein langvarig krig i Ukraina

Rektor om Ukraina: – Nå må vi legge et løp som gjør at vi kan bidra i relativt stort omfang

Regjeringen fryser det akademiske samarbeidet med Russland

– Den internasjonale domstolen i Haag kan erklæra Russlands invasjon som illegitim

UiO set av 10 millionar kroner til Ukraina-beredskap

Tidlegare forsvarssjef: – Truleg er dette byrjinga på slutten av Putins regime

Suspenderer akademisk samarbeid med Russland

Russland kan bli stengt ute frå Horisont Europa

Universitetet i Tromsø fratok Sergei Lavrov æresdoktoratet

DEBATT: Universitetets ansvar

UiT-styret holder ekstraordinært møte om Lavrovs æresdoktorat

UiO heiser Ukrainas flagg

– Russland er blitt et klassisk diktatur

LEIAR: Ein maktsjuk mann som set verdsfreden i fare

Anniken Huitfeldt: –  Det gjeld å unngå at Russland får eit påskot til ein offensiv mot Ukraina

 

 

Emneord: EU, Ukraina, Norden, Danmark Av Martin Toft
Publisert 27. mai 2022 19:09 - Sist endra 1. juni 2022 14:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere