Ukrainske, russiske og kviterussiske studentar i Noreg får økonomisk støtte

Studentar frå Ukraina, Russland og Kviterussland i Noreg får pengar frå den norske staten for å kunna halda fram med studia. Det opplyser forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe.

To kvinner står i foajeen ved Georg Sverdrups hus

SPENTE PÅ INNHALDET: Dei to ukrainske studentane Olexandra Dorichenko (t.v.) og Yelyzabeta Dovhinka var spente på kva statsråd Ola Borten Moe ville ha med i den økonomiske støtta for studentar frå Ukraina, Russland og Kviterussland. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Fredag ettermiddag står dei ukrainske studentane Olexandra Dorichenko og Yelyzabeta Dovhinka spente utanfor Georg Sverdrups hus saman med UiO-rektor Svein Stølen. Dei ventar på forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe, for dei har fått vita at han vil kunngjera ei ordning med økonomisk hjelp og støtte for studentar frå Ukraina, Russland og Kviterussland som studerer i Noreg.  

Desse kan få støtte:

• Studentar ved universitet, høgskular, fagskular og ph.d.-studentar frå Ukraina, Russland og Kviterussland

• Studentar som sjølve finansierer studieopphaldet og har mista tilgang til finansieringa si på grunn av krigen

• Ordninga omfattar ikkje studentar med ukrainsk, russisk eller kviterussisk statsborgarskap som har vanlege rettargjennom Lånekassen.

Tal:

Tal frå Direktorat for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) viser at det i vårsemesteret 2022 er 150 ukrainske studenter, 400  russiske og ca. 50 kviterussiske studentar i Noreg. Det er grunn til å tru at fleire av desse er busette/har permanent opphaldsløyve i Noreg og har vanlege rettar gjennom Lånekassen.

Det er uvisst kor mange som vil ha behov for økonomisk hjelp dette vårsemesteret, eit mogleg tal kan vera alt frå 50 til 300.

I samsvar med UDIs krav til studieløyve skal studentar ha overført pengar til norsk konto tilsvarande 126 357 for eit studieår eller ha tilsvarande økonomisk garanti (evt. lågare sum for berre eit semester). Det er derfor sannsynleg at ein god del studentar har midlar i Noreg fram til juni. Det kan likevel vera ein del tilfelle der studentar av ulike grunnar har midlar på konto i heimlandet som no ikkje er tilgjengelege.

Korleis det fungerer:

Universiteta. høgskulane og fagskulane må sørgja for å informera alle studentar som kan vera aktuelle for denne ordninga. Deretter må studentane sjølve søkja om midlar frå institusjonen dei går på.  Det vil stillast krav til framlegging av dokumentasjon. Kva slags dokumentasjon skal Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) raskt finna ut av. Institusjonane søkjer deretter om refusjon frå direktoratet.

I 2022 har Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse sett av ca. 12 millionar kroner til prosjektsamarbeid med Russland gjennom programma UTFORSK og RUSSUT. RUSSUT er nå stoppa og det vil ikkje vera mogleg å søkja prosjekt saman med russiske partnarar i denne utlysingsrunden for UTFORSK. Desse midlane vert difor brukte til stipendordninga.

(Kjelde: Kunnskapsdepartementet) 

– Me har snakka lenge og mykje om ei ordning som skulle bli innført. Tidlegare har me ikkje fått så mykje informasjon. No skal det verkeleggjerast, seier japanskstudenten Olexandra Dorichenko frå UiO på flytande norsk.

– Viktig for dei som ikkje får støtte frå foreldra

Informatikkstudenten Yelyzabetha Dovhinka frå UiO veit heller ikkje innhaldet i støttepakka, men ho er viss på at den blir viktig.

– Ikkje minst viktig blir den for dei som ikkje får økonomisk støtte frå foreldra sine, seier Yelyzabetha Dovhinka som også representerer foreininga for ukrainske studentar i Oslo. Sjølv klarer ho seg godt økonomisk.

– Ja, eg kan senda pengar til foreldra mine i Ukraina som dei gir vidare som hjelp til det lokale sjukehuset, fortel ho.

– Ville ha vore umenneskeleg

Ingen av dei har noko imot at den økonomiske hjelpepakken også inkluderer studentar frå Russland og Kviterussland.

– Det ville ha vore umenneskeleg ikkje å ha inkludert dei russiske og kviterussiske studentane som studerer i Noreg i denne ordninga, synest dei.  

– Har det veldig tøft no

Like etterpå kom forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe bort til dei, og etter kvart kunne han avsløra innhaldet i støtteordninga for dei studentane som kjem frå landa som er involverte i krigen i Ukraina.

Ifylgje ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet kunne han fortelja at regjeringa opprettar ei stipendordning for vårsemesteret 2022. Kvar student som kvalifiserer til stipendet, vil få utbetalt opptil 11 500 kroner per månad frå mars til august. Ph.d.-studentar får utbetalt opptil 21 000 kroner.

– Mange ukrainske studentar i Noreg har det veldig tøft no, både psykisk og økonomisk. I tillegg er det viktig for oss at også russiske og kviterussiske studentar er med i denne ordninga. Desse studentane er like uskyldige i den krigen som har oppstått som deg og meg, seier Borten Moe i pressemeldinga.

Kunnskapsdepartementet peikar på at bakgrunnen er at enkelte ukrainske, russiske og kviterussiske studentar i Noreg no har økonomiske problem på grunn av krigen. Til dømes fordi foreldre og andre som har finansiert dei fram til no, ikkje lenger kan halda fram med det, eller fordi dei har mista tilgang til pengane sine på grunn av økonomiske sanksjonar retta mot Russland.

– Eg er veldig glad for at me har fått dette på plass. Det vil vera trist og urettferdig om desse studentane må avbryta studia i Noreg fordi dei ikkje har råd lenger, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe.

Brukar pengar frå Russland-samarbeid til stipendordninga

Finansieringa skjer ved at pengar som allereie er sett av til samarbeid med Russland, blir brukte til stipendordninga. For i 2022 har Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse sett av ca. 12 millionar kroner til prosjektsamarbeid med Russland gjennom programma UTFORSK og RUSSUT. RUSSUT er nå stoppa, og det vil ikkje vera mogleg å søkja prosjekt saman med russiske partnarar i denne utlysingsrunden for UTFORSK. Desse midlane vert difor brukte til stipendordninga, opplyser Kunnskapsdepartementet i pressemeldinga.

Studenter som meiner at dei er kvalifiserte, må søkja om stipendet frå eigen utdanningsinstitusjon. Ordninga vil gjelda frå 1. mars til august 2022.

– Sjølv om denne ordninga berre vil gjelda fram til august, så vil det koma på plass løysingar også frå hausten 2022. Me må sikra stabilitet og det må vera føreseieleg for dei studentane det gjeld, seier Borten Moe.

MØTTE UKRAINSKE STUDENTAR: Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe kom til UiO på Blindern  for å kunngjera innhaldet i ei hjelpepakke til studentar frå Ukraina, Russland og Kviterussland som studerer i Noreg.  Han blei tatt imot av dei ukrainske studentane  Olexandra Dorichenko (t.v.) og Yelyzabeta Dovhinka  og UiO-rektor Svein Stølen. (Foto: Ola Gamst Sæther) 

 

 

 

 

 

 

• Les meir om Ukraina-krigen i Uniforum:

Stølen sendte brev til Russland: – Tydelig i vår fordømmelse

UiO-forskar spår ein langvarig krig i Ukraina

Rektor om Ukraina: – Nå må vi legge et løp som gjør at vi kan bidra i relativt stort omfang

Regjeringen fryser det akademiske samarbeidet med Russland

– Den internasjonale domstolen i Haag kan erklæra Russlands invasjon som illegitim

UiO set av 10 millionar kroner til Ukraina-beredskap

Tidlegare forsvarssjef: – Truleg er dette byrjinga på slutten av Putins regime

Suspenderer akademisk samarbeid med Russland

Russland kan bli stengt ute frå Horisont Europa

Universitetet i Tromsø fratok Sergei Lavrov æresdoktoratet

DEBATT: Universitetets ansvar

UiT-styret holder ekstraordinært møte om Lavrovs æresdoktorat

UiO heiser Ukrainas flagg

– Russland er blitt et klassisk diktatur

LEIAR: Ein maktsjuk mann som set verdsfreden i fare

Anniken Huitfeldt: –  Det gjeld å unngå at Russland får eit påskot til ein offensiv mot Ukraina

 

Emneord: Ukraina, Russland, Kviterussland, Studentforhold, Studiesaker Av Martin Toft
Publisert 19. mars 2022 16:00 - Sist endra 1. juni 2022 14:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere