UiO-forskar spår ein langvarig krig i Ukraina

– Me må nok førebu oss på ein lang krig. Eg trur ikkje russarane vil gi opp utan vidare. Spørsmålet er kor mange drepne og skadde soldatar dei vil tolerera. Det seier postdoktor Kacper Rekawek som arbeider på C-REX- Senter for ekstremismeforsking på UiO.

HAKEKROSS: – Det er ein slags hakekross, og eg treng ikkje ta munnen for full, når eg seier at mange russarar heilt frivillig stiller seg opp i ein Z for å demonstrera at dei støttar soldatane i Ukraina. Folk kjem med Z-helsingar overalt, både i kjøpesenter og på gatene, seier UiO-forskar Kacper Rekawek på C-REX- Senter for ekstremismeforsking ved UiO. 

Foto: Martin Toft

På Blindern sit Kacper Rekawek frå Polen og fylgjer spent med på nyhende frå krigen i Ukraina. Han er postdoktor ved C-REX Senter for ekstremismeforsking på UiO og har kontakt med både ukrainske studentar og venner i Kyiv som oppheld seg i tilfluktsromma i hovudstaden i Ukraina. Han har ingen tru på at Russlands invasjonskrig i Ukraina vil ta slutt med det første.

– Det er ein klar og tydeleg russisk aggresjon, heilt ulik den maskerte russiske invasjonen av Krim i 2014. Då framstilte dei  det som om det var ein borgarkrig, som var heilt usant. Denne aggresjonen i dag kunne ikkje vore meir tydeleg enn den er. Russland har truleg trudd at dette skulle bli ein rask og enkel militæroperasjon, er hans observasjon. 

– På sosiale media i Russland er det sendt ut twittermeldingar som seier klokka 08..00 invasjon, klokka 12.00 lunsj og klokka 13.00 parade i Kyiv. Det har ikkje gått så bra med dei. Faktum er at det er ei enorm humanitær katastrofe der, masse lidingar, medan russarane driv med terroraksjonar som bombe- og artilleriåtak, forsøk på å svelta folket ut, og tvinga den ukrainske regjeringa til å gi etter for krava frå Russland. Det vil me sjå meir og meir av i tida framover, trur han.

• Les ogsåTidlegare forsvarssjef: – Truleg er dette byrjinga på slutten av Putins regime

– Mellom barken og veden

Kacper Rekawek har også russiske forskarkollegaer på UiO. Han har vore i kontakt med dei for å utveksla synspunkt på krigen i Ukraina.

– Ærleg talt så er nok dei mellom barken og veden. Det er ikkje lett å vita kva folk i Russland tenkjer om krigen. Kva dei seier og meiner i Russland kan vera både eit villspor og svært forvirrande. Nokre trur på propagandaen og lurer på kva krig me snakkar om. Andre seier at konflikten i Ukraina ikkje er noko som dei har noko med. Så er det ei tredje gruppe som seier at dei må forsvara landet sitt uansett kva som skjer. Det meiner eg er eit greitt standpunkt så lenge eit land forsvarar seg mot ein ytre fiende. Men når det er ditt eige land som går til åtak på eit anna, synest eg at det er eit problematisk standpunkt, seier han

– Kjem fram små drypp om krigen

Kacper Rekawek registrerer at også i offisielle media i Russland kjem det fram små drypp om krigen som Russland er involvert i i nabolandet Ukraina.

– Ja, i mange populære talkshow vert det gitt plass til å eit minutt stille for deira falne kameratar. Det gir oss eit bilete av at krigen også vil ha ein påverknad på samfunnet i Russland. Mykje av den same påverknaden på samfunnet hadde den russiske okkupasjonen av Afghanistan. Det var mange russiske soldatar som fall der, men over veldig mange år. Tala på falne russiske soldatar i Ukraina er berre frå dei siste to vekene. Det er eit slag i ansiktet, peikar han på.

• Les også: – Den internasjonale domstolen i Haag kan erklæra Russlands invasjon som illegitim

Z-helsingar i Russland

Så viser han til den berømte Z-en som den russiske regjeringa brukar som eit symbol for å visa støtte til dei russiske soldatane i Ukraina.

– Det er ein slags hakekross, og eg treng ikkje ta munnen for full, når eg seier at mange russarar heilt frivillig stiller seg opp i ein Z for å demonstrera at dei støttar soldatane i Ukraina. Folk kjem med Z-helsingar overalt, både i kjøpesenter og på gatene. Dessutan har du studentar på eliteuniversiteta som stiller seg framfor eit kamera og uttrykkjer støtte til Russlands invasjon av Ukraina. Det er ingen som tvingar dei til å gjera det. Og dei står det og oppfordrar president Zelenskyj til å avslutta krigen. Det er rett og slett ei fascismefisering av krigen i Russland rundt flagget og andre symbol, konstaterer han.

Kacper Rekawek har også liberale russiske venner som har prøvd å analysera det som går føre seg i Russland. Dei har også gitt han ei forklaring.

– Ein liberal russisk venn som bur i utlandet uttrykte på sosiale media at propagandaen fungerte som ein vaksine mot alle dei skrekkelege tinga som dei høyrer om. På den måten gir propagandaen dei ei tilflukt. «Me er i ferd med å denazismefisera Ukraina og me gjer det til beste for alle. Dette er rett og slett ein humanitær militæroperasjon». Det er ein mental flukt, slår han fast.

– Motivasjonen er ideologisk

Postdoktoren er ekspert på framandkrigarar både i Ukraina og i Midtausten. No strøymer det personar til frå heile Europa som vil kjempa side om side med ukrainarane mot den russiske invasjonen. Kacper Rekawek begynte med å forska på framandkrigarane som kom til Ukraina etter okkupasjonen av Krim og delar av Aust-Ukraina i 2014.

– Kva vil skje med dei seinare i livet? Er dei eit tema for fedrelanda deira? Svaret mitt er at me skal byggja opp ei datasamling for å sjå kva som skjer. Nokre av dei har vore heilt opne om kva planar dei hadde, og me har namna deira. Også den gongen var motivasjonen ideologisk, sjølv om rekrutteringa var i langt mindre omfang då enn det som er tilfellet no. Det er det forskinga mi handlar om. For når Ukraina seier at 20 000 frivillige vil koma og kjempa for dei, så må eg halda eit auge med det også, fortel han.

Etter Russlands invasjon av Ukraina ser han ei heilt ny form for rekruttering. Og dei har ei heilt anna ideologisk tilnærming enn dei som kom i 2014.

Dei mennene som no står fram i media og fortel at dei er på veg til Ukraina for å kjempa mot russarane, er personar som har krigserfaring frå andre land.

– Dei er veteranar som er på toppen av soldatspiret og som allereie er godt organiserte og veit kva det går ut på. Kanskje dei allereie har trena med ukrainske soldatar eller har vore på felles oppdrag med dei tidlegare. Soldatvennene deira i den ukrainske hæren vil kunna snakka engelsk med dei, så derfor vil dei heller ikkje oppleva språkbarrierar.

– Har inga peiling

Kacper Rekawek fortel at den andre gruppa som drar er ganske forskjellig frå den første. Det er dei som vil gjera noko godt for Europa, for den kristne verda, for barna eller for samfunnet som dei inkluderer seg med.

– Eg kan forsikra deg om at av dei to gruppene, veteranane og dei som vil gjera noko godt, er den siste gruppa som er både minst rutinerte og minst informerte. Dei har knapt vore utanfor sine eigne land sine grenser tidlegare. Det lengste dei kanskje har strekt det til er ei helgetur til Polen. Dei veit ingenting om korleis dei kjem fram til grensa eller korleis dei kan kryssa grensa. Og dei har inga peiling på korleis det ukrainske samfunnet er. I hovudsak er det einaste dei gjer å snakka i motsetning til veteranane som veit kva dei går til og korleis ting må organiserast, konstaterer han.

Etter hans oppfatning er talet på kor mange framandkrigar som til slutt kjem til Ukraina, overdrive. – Det er mykje røyk utan eld, slår han fast.

– Dei verste av dei verste

I 2014 var mange overraska over at det kom framandkrigarar for å kjempa for ekstreme ukrainske nasjonalistar.

– Mange gjorde nok det, men eg kan fortelja deg at det var langt verre på den prorussiske sida i opprørsregionane Donetsk og Luhansk. Det var dei verste av dei verste som kom dit. Dei kunne flyga til Moskva, og så ville du bli frakta vidare i buss, på tog eller i eit fly til grensebyen Rostov. Derifrå kunne du kryssa grensa inn til separatistkontrollerte område. Der var det franske nynazistar, spanjolar langt på ytre venstresida, italienarar og punkarar. No går det ingen fly til Russland lenger, konstaterer han. 

For kort tid sidan hadde han ei spesiell oppleving. 

– På sosiale media såg eg nyleg nokre godt væpna menn frå Den sentralafrikanske republikken som fortalde at dei gjorde seg klarte til å gå i krigen på russisk side mot ukrainske nasjonalistar. Eg sende dei ei melding og lurte på korleis dei skulle koma seg dit når det ikkje går fly til Russland. Skal de dra inn via Kina? spurte eg dei om. Det vil bli eit logistisk mareritt for dei.

– Trur ikkje dei vil kjempa lenger for Russland

Kacper Rekawek tykkjer også det er eit paradoks at Russland no vil avvisa alt frå Vesten og venda seg til Kina.

– Ja, korleis kan dei seia nei til alt frå Vesten og så akseptera å ta imot framandkrigarar frå Vesten? Eg trur heller ikkje nokon av dei lenger vil kjempa for Russland. Om eg var ein fransk nasjonalist som ville kjempa for Russland, så ville eg ikkje ha sagt det til nokon. Ingen vil dra på slagmarka i Ukraina og døy der. Det er ganske helsefarleg, og det –er faktisk sikrare for helsa å vera frivillig for Ukraina no, seier han.

– Kor mange framandkrigarar trur du vil koma til Ukraina?

–Dei seier at 20 000 er på veg. Lat oss dela det talet på 10. Då får me 2000. Så langt veit eg konkret berre om 20 personar.

Russland har brukt den væpna Asov-gruppa som eit døme på at fascismen eksisterer i Ukraina. Rekawek meiner det er ei sterk overdriving.

– Ja, det er ei paramilitær gruppe, men den har aldri fått meir enn 2 prosent oppslutnad ved val, understrekar han. Det er ei gruppe som Ukraina må finna ut kva den vil gjera med etter at krigen er over. No kjempar den side ved side med den ukrainske hæren under kommando av Ukrainas regjering.

Denne veka var NRK i kontakt med ein norsk framandkrigar via telefonen til den svenske framandkrigaren Jesper Søder.  Etter åtaket mot ein ukrainsk militærbase nær grensa til Polen sundag kveld, hevdar han overfor NRK at han deltok i evakueringa av 37 framandkrigarar. Samtidig seier leiaren for den paramilitære gruppa Georgian National Legion Mamuka Mamulashvili til VG at dei avviste ein ung nordmann som ville verva seg fordi han ikkje var profesjonell og  mangla militær erfaring. 

Håpar på samtalar mellom partane

Ekstremismeforskaren Kacper Rekawek har inga tru på at krigen snart vil vera over.

– Eg hatar når folk seier at det vil bli eit opprør.. Me må nok førebu oss på ein lang krig. Eg trur ikkje russarane vil gi opp utan vidare eller tapa. Det handlar ikkje om berre ein mann. Kven vil bli den neste? Ein russisk nasjonalist? spør han.

• Les også:  LEIAR: Ein maktsjuk mann som set verdsfreden i fare

– Eg håpar dei kan koma saman og ha samtalar. Kanskje det faktum at me vil ruinera russarane økonomisk gjennom sanksjonar, vil bringa dei til forhandlingsbordet. Dei vil sjå etter ei løysing som gjer at dei ikkje taper ansikt. Det same gjeld for Ukraina.

– Spørsmålet er kor mange hundre tusen drepne og skadde russarane vil tolerera. Det er ei grense for kor mange av dei som blir sende til himmelen (Paradis). Og kor lenge vil russarane halda ut å vera utan iPhonen sin og dei andre vestlege forbruksvarene? spør han.

• Les meir om Ukraina-krigen i Uniforum: 

Rektor om Ukraina: – Nå må vi legge et løp som gjør at vi kan bidra i relativt stort omfang

Regjeringen fryser det akademiske samarbeidet med Russland

– Den internasjonale domstolen i Haag kan erklæra Russlands invasjon som illegitim

UiO set av 10 millionar kroner til Ukraina-beredskap

Tidlegare forsvarssjef: – Truleg er dette byrjinga på slutten av Putins regime

Suspenderer akademisk samarbeid med Russland

Russland kan bli stengt ute frå Horisont Europa

Universitetet i Tromsø fratok Sergei Lavrov æresdoktoratet

DEBATT: Universitetets ansvar

UiT-styret holder ekstraordinært møte om Lavrovs æresdoktorat

UiO heiser Ukrainas flagg

– Russland er blitt et klassisk diktatur

LEIAR: Ein maktsjuk mann som set verdsfreden i fare

Anniken Huitfeldt: –  Det gjeld å unngå at Russland får eit påskot til ein offensiv mot Ukraina

 

Emneord: Ukraina, Russland Av Martin Toft
Publisert 16. mars 2022 04:30 - Sist endra 1. juni 2022 14:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere