Gir grønt lys for at studentane kan dra tilbake til lesesalane i Oslo

Universiteta og høgskulane får også grønt lys frå Oslo kommune til å opna lesesalane og universitetsområda for studentane. Dermed står UiOs avgjerd om å lata studentane venda tilbake frå i morgon, fast. 

Ein mann snakkar i ein mikrofon

GRØNT LYS: Byrådsleiar Raymond Johansen gir grønt lys for at studentane i Oslo kan returnera til lesesalane. Og det blir også opna for trening og aktivitertar aktivitetstilbod utandørs og innandørs for unge opp til 19 år. Elles blir det ingen lettingar i koronatiltaka i hovudstaden.

Foto: Skjermdump frå Oslo kommune

Koronasmitta i Oslo har stige den siste veka. Både i Oslos største barnehage, Margarinfabrikken på Bjølsen, på Nordseter skole på Kjelsås og i heimetenesta i Sagene bydel har det vore utbrot av koronaviruset i løpet av dei siste dagane. Dermed vert det likevel ikkje store lettingar i koronatiltaka i Oslo.

– Auka mobilitet

Men byrådsleiar Raymond Johansen set ikkje hindringar i vegen for at Universitetet i Oslo, OsloMet og andre høgskular i byen kan ynskja studentane velkomne tilbake til lesesalane og universitetsområda. Det kom fram på pressekonferansen til Oslo kommune klokka 13.00 i ettermiddag. 

– Studentane kan frå i morgon ta i bruk lesesalane og biblioteka igjen. Det fører til auka mobilitet, men eg håpar likevel at det vil gå bra, sa Raymond Johansen. 

– Eg har tru på gradvis, kontrollert opning, la han til. Han vedgjekk at det hadde vore stort press for at byrådet skulle opna kjøpesenter og treningssenter. Sjølv valde han å trekkja fram at den viktigaste lettinga i Oslo kommune no er at det blir opna for trening og fritidsaktivitetar igjen både innandørs og utandørs for all ungdom opp til 19 år.

– Vaksne kan trena ute i grupper på maksimum ti personar, så lenge dei held ein avstand til kvarandre på 1 meter, opplyste byrådsleiar Raymond Johansen. 

– Folk må testa seg ofte

Det blei meldt om 279 tilfelle av  britiske mutert virus i Oslo i går. Også det sørafrikanske viruset har dukka opp fleire stader i Oslo. 

– No opnar me litt meir fordi Oslo-folk har gjort seg fortent til det, sa helsebyråd Robert Steen. 

– Folk må testa seg ofte, spesielt dei som skal dra ut av byen på vinterferie. Det er gledeleg å sjå at 3000 tok den oppfordringa til fylgje etter at den først kom frå Oslo kommune, la han til. 

Både byrådsleiar Raymond Johansen og helsebyråd Robert Steen gledde seg mest over at det ikkje var rapportert om nye utbrot av koronaviruset på sjukeheimane i Oslo dei siste vekene. 

Kjøpesentra i Oslo må altså halde stengt også dei neste vekene. 

I fylgje ei pressemelding frå Oslo kommune inneber det eit unntak for serveringsstader, matbutikkar, apotek og nokre andre verksemder på kjøpesenter som kan halde ope, men andre typar butikkar på kjøpesentra må halda stengt. Johansen understreka at byrådet tar sikte på at kjøpesentra kan opna igjen i  løpet av de neste vekene.

Tiltaka vil i utgangspunktet vara i to veker, frå  torsdag 18. februar til 3. mars.

 

 

Emneord: Koronavirus, Koronaviruset. Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 17. feb. 2021 13:44 - Sist endra 17. feb. 2021 13:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere