Universitetsbiblioteket opnar igjen, men berre for sjølvbetjening

Universitetsbiblioteket  på UiO opnar dørene for sjølvbetjening for studentar i morgon, men lesesalane vert framleis stengde. Det er klart etter at Oslo kommune har avgjort å opna alle biblioteka i byen. 

Ein stor bygning i glas på Blindern

OPNAR: Universitetsbiblioteket opnar for studentar med adgangskort.  Det vil seia at også HumSam-biblioteket  i Georg Svedrups hus vil ta imot studentar frå og med i morgon, onsdag 3. februar. 

Foto: Ola Sæther

Universitetet i Oslo fylgjer opp opphevinga av nokre av koronatiltaka i Oslo.  Etter at det blei klart at byrådet i hovudstaden vil opna alle biblioteka for publikum frå og med onsdag 3. februar, har UiO-leiinga bestemt seg for å opna alle lokala til Universitetsbiblioteket for studentar.  Vilkåret er at studentane må bruka adgangskort med kode for å koma inn og ut av biblioteket. Det opplyser universitetsdirektør Arne Benjaminsen i ein epost. 

Dei ordinære lesesalane blir likevel ikkje opna no.  Heller ikkje lesesalane til Universitetsbiblioteket vert opna no, opplyser kommunikasjonsrådgjevar Birgit Hvoslef Dahl  på Universitetsbiblioteket til Uniforum.

Eksamenslokala i Silurveien blir framleis stengde slik at eksamenar må utsetjast eller gjennomførast digitalt, førebels fram til 10. februar 2021, går det fram av ein epost frå universitetsdirektør Arne Benjaminsen. 

Nokre studentar får sleppa inn på UiO

I helga blei det også klart at studentar som må ha tilgang til laboratoria eller må driva med øvingar som dei ikkje kan gjera andre stader, kan få tilgang til universitetslokala for å hindra avbrot eller forseinking i studia. For alle andre studentar gjeld framleis påbodet om å halda seg utanfor universitetsområda, og fylgja digital undervisning.

For alle tilsette gjeld dei same oppfordringane som for alle andre arbeidstakarar i arbeidslivet både i Oslo og i resten av  landet. Det inneber at dei må jobba frå heimekontor, så sant dei har høve til det, går det fram av laurdagens pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.

 

 

Emneord: Koronavirus, Koronaviruset, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 2. feb. 2021 10:30 - Sist endra 2. feb. 2021 12:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere