Lettar ikkje på koronatiltaka i Oslo: – Nærmar seg eit bristepunkt

– Når me får oversyn over dei andre variantane av viruset, må me ta omsyn til helsa for barn og unge og til næringslivet. Det sa byrådsleiar Raymond Johansen i dag. Men Oslo vil tidlegast letta på koronatiltaka i neste veke.

Ein mann står framfor ein mikrofon og snakkar

KONTROLL: – Frå neste veke må Oslo ha kontroll over eigne tiltak. Det er viktig. Me må få vurdera heilskapen for byen vår på demokratisk basert lokal kunnskap, byrådsleiar Raymond Johansen i dag.  Han kunne ikke lova lettingar i koronatiltaka i Oslo denne veka. (Arkivfoto)

Foto: Skjermdump

For ei veke sidan gjekk barnehagar,  og barne- og ungdomsskulane i Oslo frå raudt til gult nivå i koronatiltak. I dag kunne ikkje byrådsleiar Raymond Johansen lova vidare lempingar i koronatiltak, trass i at smittetala i hovudstaden har gått jamt nedover den siste veka og no er på same nivå som i november.

– Oslo må ha kontroll over eigne tiltak

Tre månader etter at Oslo blei stengt heilt ned, vil byrådsleiar Raymond Johansen no at Oslo kommune sjølv skal få tilbake makta til å bestemma kva smitteverntiiltak som det er mest formålstenlege å ta i bruk.

– Frå neste veke må Oslo ha kontroll over eigne tiltak. Det er viktig. Me må få vurdera heilskapen for byen vår på demokratisk basert lokal kunnskap. Kor stor smitte kan me leva med? Er 0 talet? Nei, børa er for stor. Eg er uroa for at Oslo no nærmar seg eit bristepunkt for barn og unge, for arbeidsplassar og for næringslivet, sa Raymond Johansen.

Han viste til at Oslo har forsterka arbeidet mot smittespreiing, testing og smitteoppsporing.

– Det kjem inga oppmjuking denne veka frå Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet, konstaterte han.

– Overstrøymande

Byrådsleiaren var godt nøgd med arbeidet Oslo kommune hadde gjort både når det gjeld gjennomføringa av koronatestar og vaksinering.

– Alle dei tilbakemeldingane eg har fått om informasjon og tidspunkt for vaksinar og oppfylging etterpå, har vore overstrøymande, fortalde Raymond Johansen.

Byråd for helse, eldre og innbyggjartenester, Robert Steen la til. 

– Dei som ikkje svarar på telefon blir oppsøkte på døra. Fram til no har telefonen vore den viktigaste måten å få tak i folk på.

For langt tilbake i vaksineringsgrad

Men Raymond Johansen ville gjerne ha større fortgang i vaksineringa i Oslo.

– Oslo ligg på 197.-plass av norske kommunar når det gjeld vaksineringsgrad. Det står ikkje i samsvar med dei tiltaka styresmaktene meiner Oslo bør leva med, meinte han.  

Raymond Johansen ser likevel lyset i andre enden av tunnelen.

– Byrådet begynte med ei viss opning i Oslo førre veke. Me håpar å halda fram med ei ny lita opning i neste veke. Me må gjera det som trengst for å forsvara våre innbyggjarar, sa han.

Byrådsleiaren tok også ein del av æra for at regjeringa bestemte seg for å stengja grensene.

– Etter press frå Oslo har Noreg stengt grensene. Alle fylgjer samvitsfullt opp om tiltaka. Den sosiale nedstenginga av Oslo held likevel fram, konstaterte han.

- Kan ikkje leva med krisetiltak over lang tid

Men han peika på at det ikkje kunne vara så mykje lenger utan å vita når det vil ta slutt.

– Me kan ikkje leva med krisetiltak over langt tid på ubestemt tid. Derfor må eg balansera omsynet til smittespreiing med andre omsyn. Når med får oversyn over dei andre variantane av viruset, må me ta omsyn til helsa for barn og unge og til næringslivet, understreka han. Litt etter litt vil Oslo dermed kunna letta på tiltaka. 

– Me skal ha eit samfunn som gradvis opnar seg. Smittevernlova set strenge grenser for kva tiltak me kan setja i verk. Me skal vera forsiktige med å tøya strikken berre for å vera forsiktig, var formaninga frå byrådsleiar Raymond Johansen.

Emneord: Koronavirus, Koronaviruset Av Martin Toft
Publisert 9. feb. 2021 23:49 - Sist endra 9. feb. 2021 23:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere