Opposisjonen sikrar truleg milliardpakke til studentane

Dei fire opposisjonpartia FrP, Ap, Sp og SV har gått saman om å sikra milliardstøtte til studentane. – Stortinget har fått med seg det studentane har ynskt og bede om, seier leiar Andreas Trohjell i Norsk studentorganisasjon. 

Ein mann står midt i ei gate og smiler

NØGD: Leiar Andreas Trohjell i Norsk studentorganisasjon er nøgd med at kravet om milliardstøtte til studentane truleg får fleirtal i Stortinget etter at det er med i den felles krisepakka til Frp; Ap, Sp og SV. 

Foto: Skjalg Bøhmer Vold/NSO

Måndag kveld blei det klart at opposisjonspartia i Stortinget har klart å samla seg om ei felles krisepakke som går langt lenger enn dei krisepakkene som regjeringa har varsla. Heile krisepakka frå Ap, FrP, Sp og SV blir lagt fram i debatten i Stortinget på tysdag.

1 milliard i ekstra stipendstøtte

Dermed vil studentane truleg få den milliardstøtta som dei forgjeves har bede regjeringa om å gi dei. I forslaget frå opposisjonen står milliardstøtta til studentane omtalt slik, ifylgje NRK: 

«Stortinget ber regjeringen raskest mulig opprette en krisestøtteordning for studenter som har opplevd inntektstap grunnet koronapandemien i vårsemesteret 2021. Ordningen skal være mer tilgjengelig og ha en høyere stipendandel enn ordningen våren 2020 og ta utgangspunkt fra en ramme hvor stipendene utgjør 1 mrd. kroner»

Både leiar Andreas Trohjell i Norsk studentorganisason (NSO) og studentleiarane ved dei største universiteta i Noreg har tidlegare kravd at det blir løyvd ein ekstra milliard til studentane. Grunngjevinga er mellom anna at mange av dei har tapt ekstrainntekt frå deltidsjobbar på grunn av koronatiltaka. Før helga gjekk også fagforeininga Unio ut og kravde ei krisepakke til studentane. 

– Må brukast for å sikra studentane sin økonomiske situasjon

Det er ein svært nøgd studentleiar Andreas Trohjell som  Uniforum får kontakt med via epost seint måndag kveld. 

– Kva trur du er grunnen til at de har fått gjennomslag i Stortinget for dette kravet?

– Stortinget har fått med seg det studentane har ynskt og bede om. Situasjonen for mange studentar er svært utfordrande.

– Kva meiner du er dei viktigaste tiltaka pengane i krisepakka kan brukast til? 

– Pengane må brukast for å sikra studentane sin økonomiske situasjon, slår Andreas Trohjell fast.

Førebels har ikkje Andreas Trohjell ei bestemt oppfatning av korleis  alle pengane skal fordelast.

 –Det kan me koma tilbake til. Midlane må fordelast til dei som har behov for det.

– Bør pengane blei løyvde via Statens lånekasse eller vil du ha direkteutbetaling til kvar student? 

– Lånekassen er alternativet, understrekar Andreas Trohjell. 

Dei fire opposjonspartia står også saman om å forlengja permitteringsordninga og den høgare dagpengesatsen fram til 1. oktober, og ikkje berre fram til 1. juli, slik regjeringa ynskjer, melder NRK.  

Semja mellom dei fire største opposisjonspartia sikrar at krisepakka får fleirtal når den kjem opp til røysting i Stortinget. 

 

Emneord: Koronavirus, Koronaviruset. Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 18. jan. 2021 23:10 - Sist endra 19. jan. 2021 12:20
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere