UiO-studentane takla koronakrisa bra

Studentane på UiO klarte seg i hovudsak godt gjennom koronakrisa våren 2020. Det viser ei undersøking som 9500 studentar har svart på.

En gruppe med studenter går over Frederikkeplassen der det er mange boder

I august kunne nye studentar koma til Frederikkeplassen på Blindern og delta i små faddergrupper under Fadderuka. Vårsemesteret 2020 lengta studentene tilbake til campus, etter flere månader med digital undervisning, viser ei studentundersøking frå UiO. (Arkivfoto)

Foto: Martin Toft

Den 12. mars i år gav statsminister Erna Solberg  beskjed til alle studentar om å dra frå lesesalane og auditoria og omskulera seg til ei tid med berre digital undervisning. Også dei alle fleste universitetslærarane og forskarane på UiO blei bedne om å jobba heimanfrå, så sant det var praktisk mogleg. Ein unntakstilstand som folk rekna med ville vera over etter to veker, varte fram til slutten av mai.

Først då kunne studentane sakte, men sikkert venda tilbake til laboratorieundervisning, lesesalar og auditorium på Universitetet i Oslo.  UiO nytta høvet til å senda eit spørjeskjema til alle studentane på UiO for å høyra korleis dei hadde takla koronatiltaka med mellom anna digital undervisning og fråvær av kontakt med medstudentar og lærarar.

I prosjektgruppa for studentundersøkinga UiO sat Gunn Enli, Knut Inge Fostervold, Sten Ludvigsen, Bjørn Stensaker og Helge I. Strømsø. Denne veka presenterte dekan Sten Runar Ludvigsen ved Det utdanningsvitskaplege fakultetet fleire av funna i undersøkinga på UiOs digitale utdanningskonferanse.

Vil tilbake til universitetet 

Over 30 prosent av dei spurte, 9500 studentar, svarte, noko som er høgare enn mange andre spørjeundersøkingar, opplyser dekan Sten Runar Ludvigsen på Det utdanningsvitskaplege fakultetet til Uniforum.  Undersøkinga viser at dei har klart seg ganske bra og at dei stort sett er nøgd med den digitale undervisninga.  Men dei vil gjerne tilbake til alt dei saknar på universitetsområda, medstudentar, direkte kontakt med lærarar, bibliotek, lesesalar og kantiner.

– Like høg studieprogresjon som i 2019

Sten Runar Ludvigsen er godt nøgd med tilbakemeldinga frå studentane.

– Studentane klarte seg fint gjennom krisa. Og sjølv om dei er nøgd med den digitale undervisninga, meiner dei at kvaliteten må opp, dersom UiO må halda fram med digital undervisning også neste semester, er punkta han trekkjer fram.

UV-dekanen peikar også på at andre tal byggjer opp under det same.

– Det er like høg studieprogresjon koronaåret 2020 som i 2019. Men studiekvaliteten var sjølvsagt ikkje like høgt som normalt våren 2020, slår han fast.  

30 prosent rapporterer om dårlegare studieforhold

I ein kronikk som han og dei andre i prosjektgruppa publiserte i Khrono i førre månad går det fram at det blei gjort mange viktige funn i undersøkinga.

- rundt 30 prosent av studentane rapporterer om klart dårlegare studieforhold.

- studentane ved UiO brukar like mykje tid på studia sine som før

- i perioden var det ein positiv samanheng mellom opplevd progresjon og kor mykje tid studentane har brukt på studia, som organisert undervisning og sjølvstudium. Samanhengen er tydelegare på bachelornivå enn på masternivå.

- dei fleste studentane meiner at dei fekk eit bra undervisningstilbod med tanke på føresetnadane. Seminar og smågruppeundervisning i zoom eller teams fungerte som ein kompensasjon for fysisk undervisning, med unntak av klinisk undervisning, laboratorium og ulike typar feltarbeid.

- opptak av førelesingar auka i bruk. Styrkjen ved førelesingsopptak er at dei skaper fleksibilitet for kvar enkelt student.

- mellom 35-40 prosent av studentane meiner dei har fått svekka studieprogresjonen våren 2020. Samtidig seier over 60 prosent at dei har hatt ein nesten normal studieprogresjon.

– Må redusera nettbruken sin

Undersøkinga syner også at studentane må jobba med seg sjølve for å frigjera seg frå nettbruken sin. 

– Den store utfordringa for dei er at mange studentar må bli langt flinkare til å redusera mediebruken sin. Dei er heile tida både på Facebook, Snapchat og Instagram. Dette må dei bli meir merksame på, understrekar Sten Runar Ludvigsen.

UV-dekanen  har notert seg at det har vore heller få tilfelle av koronasmitte blant studentane på UiO samanlikna med til dømes Noregs Handelshøgskule i Bergen. 

– Det trur eg har å gjera med at mange studentar vende heim til bustaden til foreldra då koronatiltaka kom, i staden for å halda fram med å bu på små studenthyblar, seier Sten Runar Ludvigsen.

 

 

Emneord: Studentforhold, Studentsaker, Koronavirus, Koronaviruset Av Martin Toft
Publisert 2. des. 2020 16:23 - Sist endra 2. des. 2020 16:23
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere