Ber UiO-tilsette om å halda seg på heimekontoret til 7. januar

Koronatiltaka i Oslo vil halda fram til og med 7. januar.  Oppfordringa  til UiO-tilsette om å halda seg på heimekontor gjeld derfor framleis. – Den står fast, seier universitetsdirektør Arne Benjaminsen.

Ein mann står på Frederikkplassen med bygningane bak seg

NEPPE BRÅ ENDRINGAR: – Me er innstilt på at det neppe kjem brå endringar i det opplegget rett etter jul, men at ein ser an korleis smittesituasjonen utviklar seg, seier universitetsdirektør Arne Benjaminsen.

Foto: Ola Gamst Sæther

I førre veke blei det klart at Oslo kommune ikkje ville lempa på dei strenge koronatiltaka i byen før etter 7. januar.  Då vil kommunen koma med ein ny vurdering av om dei skal halda fram, vurdert utifrå korleis smittetala ser ut.  Dermed oppfordrar byrådsleiar  Raymond Johansen alle som kan til å jobba frå heimekontor for å redusera presset på kollektivtransporten og for å unngå faren for smittespreiing på arbeidsplassane i Oslo. 

All alkoholservering er også forbode fram til 7. januar, samtidig som det er påbode å gå med munnbind både på kollektivtransporten, i kjøpesenter og i butikkar. Folk kan berre vera saman med ti personar i løpet av ei veke.  Fleire personar kan det heller ikkje vera heime hos folk og om ti personar er til stades i eit privat husvære, må det vera ein meter i mellom dei. 

– Den blir på same måten som den har vore

På Universitetet i Oslo jobbar så mange så mange som mogleg på heimekontoret, medan studentane i stor grad har hatt digital undervisning og digitale heimeksamenar nesten heile haustsemesteret. Universitetsdirektør Arne Benjaminsen trur ikkje situasjonen på UiO vil endra seg noko særleg dei komande vekene.

– Den blir på same måten som den har vore. Me fylgjer dei råda og det regelsettet me får frå staten og kommunen. Då er det blitt varsla at det kjem nye meldingar etter jul, den 7. januar. Og me held oss til den informasjonen me har fått. Me er innstilt på at det neppe kjem brå endringar i det opplegget rett etter jul, men at ein ser an korleis smittesituasjonen utviklar seg, seier Arne Benjaminsen til Uniforum. 

– Så oppfordringa om å halda seg på heimekontoret, den står framleis fast?

– Den står fast, stadfestar universitetsdirektør Arne Benjaminsen.

Få innmelde smittetilfelle på UiO

Den 23. november var den siste dagen det blei rapportert om koronasmitta studentar ved UiO. Den gongen blei det meldt at to studentar på Det medisinske fakultetet hadde blitt smitta av koronaviruset covid-19. Ei veke tidlegare var ein student på SV-fakultetet og ein på Det medisinske fakultetet smitta. Det går fram av koronasidene til UiO

Tidlegare i haust blei det også meldt om smitte på Det juridiske fakultetet og i Blindern Studenterhjem. Så langt har studentane både på Noregs handelshøgskule i Bergen og på NTNU vore langt hardare råka av koronaviruset enn studentane ved UiO.

Av Martin Toft
Publisert 16. des. 2020 04:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere