Svein Harald Milde har vendt tilbake til heimekontoret

– Eg ventar berre på at eg på nytt skal vakna med smerter i ryggen. Det seier Svein Harald Milde som no er tilbake på heimekontoret, trass i at han fryktar å få helseproblem.

Ein mann sit i sofakroken med ei berbar datamaskin på fanget

GLADE: – UiO-leiinga skal vera glade for dei pliktoppfyllande heimekontorarbeidarane sine, seier kommunikasjonsrådgjevar Svein Harald Milde på Psykologisk insittutt. Her sit han og arbeider i sofakroken heime med den berbare datamaskina på fanget. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var tysdag 3. november Uniforum først kunne fortelja om kommunikasjonsrådgjevar Svein Harald Milde på Psykologisk institutt som ikkje ville flytta på heimekontor før UiO kunne lova han ei ordentleg tilrettelegging. Han grunngav kravet med at han fekk store ryggproblem og var på nippet til å ta ut ei sjukemelding ein månad ut i den første tida med heimekontor. Då hadde arbeidet med ei berbar datamaskin på fanget sitjande i ein dårleg stol, gjort ryggsmertene uuthaldelege.

– Det var derfor eg gjekk på smertestillande i den perioden, seier han.  

• Les i Uniforum:

Svein Harald Milde nektar å jobba på heimekontor før UiO legg til rette for det

– Ikkje særleg praktisk

Denne veka møter Uniforums fotograf Svein Harald Milde heime i stova i huset på Veitvet. Milde er framleis ikkje nøgd med situasjonen.

– Eg har snakka med den næraste leiaren min og fått lovnad om at eg kan ta med meg både kontorstolen og dei to dataskjermane på kontoret, heim. UiO vil betala fraktkostnadene. For meg er det ikkje særleg praktisk å ha desse PC-skjermane heime for å jobba derifrå, spesielt ikkje på fredagar, seier Svein Harald Milde til Uniforum i ein telefonsamtale. Han viser til at han derfor har fått lov at den næraste leiaren sin til å vera på kontoret eit par dagar i veka når det er behov for det.

Dette seier Arbeidstilsynet:

Om arbeidsmiljøet på heimekontoret:

For å sikra at arbeidstakaren sin tryggleik si helse og velferd vert tatt vare på, skal arbeidsgjevaren så langt det er praktisk mogleg, forsikra seg om at arbeidsforholda på heimearbeidsplassen er fullt forsvarlege. Dette gjeld blant anna at arbeidsstaden, arbeidsutstyret og innemiljøet ikkje fører til uheldige fysiske bører. 

Om arbeidsgjevaren sitt ansvar for tilsette på heimekontor:

Sørg for at dei har ein ergonomisk best mogleg arbeidsplass, med til dømes regulerbar arbeidsstol, god belysning og stor nok og regulerbar dataskjerm.

Les meir på Arbeidstilsynets nettsider

(Kjelde: Arbeidstilynet)

Blir på jobbkontoret kvar fredag

– Derfor har eg bestemt meg for å vera på kontoret på Psykologisk institutt kvar fredag for å laga nyhendebrevet til instituttet. Då er eg avhengig av to skjermar for å unngå at det blir alvorlege feil i nyhendebrevet.  Om eg berre hadde hatt ei berbar datamaskin til disposisjon for det arbeidet, er eg redd for at eg lettare ville ha gjort feil.  Eg kunne ha risikert at feil epost ville ha kome til, til dømes feil journalist, fortel han.

Mange vil seia at han kunne ha kopla til dei to skjermane til den berbare datamaskina heime. 

– IT-avdelinga har gitt meg beskjed om at eg helst ikkje bør gjera det, seier Svein Harald Milde. 

I Uniforum den 3. november peika han på at OsloMet har gått til innkjøp av utstyr til alle tilsette som må jobba frå heimekontor. Seinare viste også Khrono i ein artikkel nokre dagar seinare, at også Universitetet i Bergen kan tilby ei liknande ordning for sine tilsette.   

– Stå på krava

Svein Harald Milde angrar ikkje på at han stod på kravet om tilrettelegging i den første artikkelen i Uniforum. Og han ber andre om å gjera det same.

 – Ja, eg vil tilrå alle til å stå på krava, spesielt alle dei som har gjort ein liten hybel om til kontor. Sjølv fekk eg mange støtteerklæringar frå folk i både utdanningssektoren, frå UiO, frå Folkehelseinstituttet og frå andre institusjonar etter oppslaget i Uniforum, summerer han opp.   

Eit stort problem han trekkjer fram er at heile dagen blir arbeidstid.

– Folk klarer ikkje å skilja mellom arbeidstid og fritid. Nokon høyrer brått eit kling frå PC-en midt på natta og føler at dei må sjekka om det er ein viktig epost. Derfor står dei opp, før dei legg seg igjen, drar han fram som eit døme.

– Pliktoppfyllande heimekontorarbeidarar

Svein Harald Milde synest det er viktig at dei som styrer Universitetet i Oslo viser at dei set pris på innsatsen til dei tilsette.

– UiO-leiinga skal vera glade for dei pliktoppfyllande heimekontorarbeidarane sine. Derfor bør UiO aktivt støtta opp og sørgja for at det blir mogleg å få til meir tilrettelegging.  Nettopp derfor var det rett av meg å ta opp dette temaet i Uniforum, seier Svein Harald Milde.  

For han var det viktig å retta merksemda mot tilrettelegging og HMS på heimekontoret fordi han har registrert at det ikkje blei nemnt i overordna epostar frå fakultets- og UiO-leiinga.

– Der kom det berre påbod, pålegg og krav om å pella seg heim fortast mogleg, ikkje eit einaste avsnitt om høvet til å leggja arbeidsplassen til rette heime, konstaterer han. 

Svein Harald Milde trur det er fleire grunnar til at profesjonalisert, standardisert tilrettelegging av heimekontor sit langt inne hos UiO-leiinga. 

– Det midlertidige ved situasjonen er éin ting. Kostnadene noko anna, no som Livsvitskapsbygget berre balar på seg. Ein tredje bremsefaktor er at heimekontor blei sett på som eit privilegium, før pandemien endra samfunnet, meiner han. Han viser til at det tidlegare var mogleg å få lov av sjefen til å jobba heimanfrå dersom ein skulle få besøk av, til dømes handverkarar, heime.

– No er dei livredde for å mista kontora eller arbeidsmiljøet, og for at heimekontor skal bli standarden, trur han.

– Handlar om å profesjonalisera heimekontoret

Og når 2021 kanskje også kan bli lik 2020,  er Svein Harald Milde overtydd om at det ikkje lenger berre blir midlertidig.

– Det handlar om å profesjonalisera heimekontoret, rigga oss til å bli operative både heime og på arbeidsplassen og vera ein smule serviceinnstilt overfor sine eigne arbeidstakarar, som trass alt er ein verdifull ressurs, slår han fast.

NTL-leiar: – Skal ha ein forsvarleg HMS-situasjon

Uniforum har også tatt kontakt med Natalia Zubillaga, leiar for Norsk Tenestemannslag på UiO for å høyra kva ho som tillitsvald meiner UIO-leiinga bør gjera for å leggja til rette for heimekontor og for å passa på at dei er i samsvar med HMS-reglane.

– Me skal ha ein forsvarleg HMS-situasjon også når me har heimekontor. Ikkje minst dersom dette er pålagt. NTL har heile tida, frå Covid-19-tiltaka på UiO starta, presisert kor viktig det er med tydeleg  kommunikasjon frå UiO sentralt og nedover til fakultet, institutt og lokale leiarar, svarar ho Uniforum i ein epost.
TILRETTELAGDE ORDNINGAR: – Jobb er jobb og dersom status er heimekontor, anten pålagt av styresmaktene eller etter avtale med leiar, så bør den tilsette oppleva tydelege og praktisk godt tilrettelagde ordningar, seier NTL-leiar Natalia Zubillaga. (Arkivfoto: Ola Gamst Sæther) 

 

 
Natalia Zubillaga peikar på at  det er heilt avgjerande at denne kommunikasjonen både er på plass og er tydelig med omsyn til korleis tilrettelegging skal praktiserast for at UiOs tilsette skal klara å tilpassa gode heimekontorløysingar.
 
– Som tillitsvalde har me opplevd at tilsette har mottatt både ulik og utydeleg informasjon, og opplevd ulik grad av moglegheiter med omsyn til å få til praktiske og gode heimekontorordningar, fortel Natalia Zubillaga.
 
– Kva tykkjer du om at  tilsette på UiO har dårlegare ordningar enn tilsette ved OsloMet og UiB?
– Omsynet til det fysiske arbeidsmiljøet må gå føre omsynet til kostnad.​ Eg oppfattar at retningslinjene til UiO også opnar for at ein skal kunna kjøpa nødvendig utstyr, at det ikkje kun avgrensar seg til heimkjøring. Men verksemdene  har tydelegvis veldig forskjellig grad av standardisering og løysingar for heimekontor. Jobb er jobb og dersom status er heimekontor, anten pålagt av styresmaktene eller etter avtale med leiar, så bør den tilsette oppleva tydelege og praktisk godt tilrettelagde ordningar, uavhengig av kvar du jobbar, slår ho fast.

Skal ikkje vera ei varig ordning

På spørsmål om ho trur at det er rett at UiO-leiinga er livredde for å mista kontor og arbeidsmiljøet slik at heimekontor blir standarden, viser Natalia Zubillaga til at det er den tilsette som først skal spørja om det er høve til å bruka heimekontor.  

– NTL meiner, i ein normalsituasjon, at bruken av heimekontor skal koma etter initiativ frå den tilsette - og ikkje vera ei varig ordning pålagt av arbeidsgjevar. Det er fleire moment ved langvarig bruk av heimekontor som kan vera problematiske. Nokre har nok opplevd at heimekontor har gitt meir rom til å disponera arbeidstida si på ein annan måte, og det har nok vore positivt for dei det gjeld. Og me ser at ein av og til kan ha behov for heimekontor, den fleksibiliteten for den tilsette er viktig, understrekar Natalia Zubillaga. 

– Opplever at folk vil tilbake

Ho er også klar over at det å ha heimekontor kan skapa ei ubalanse mellom arbeidstid og fritid.  
–  Å oppretthalda eit skilje mellom desse er utruleg viktig for den enkelte​ og ordningar med heimekontor må ta utgangspunkt i den enkelte sin rett til å skilja mellom arbeid og fritid. Deretter er det å møta kollegaer viktig for arbeidsmiljøet. Me treng å møta kvarandre, diskutera saker me jobbar med, møta studentar - og ikkje minst ha dei uformelle samtalane i gangen eller rundt kaffimaskina. ​Digitale plattformer klarer ikkje å erstatta det sosiale behovet me har. NTL ynskjer ikkje at heimekontor skal bli standarden, me opplever at folk vil tilbake - det er me glade for, seier NTL-leiaren. 

– UiO vil ha fleksibilitet og gode løysingar

Uniforum har også tatt opp problema Svein Harald Milde opplever med å ha heimekontor med personaldirektør Irene Sandlie. I ein epost svarar ho at UiO ynskjer å ha ​fleksible og gode løysingar for heimekontor. 

DEKKJER UTSTYR: – UiO dekkjer utstyr føresett at innkjøp er avtalt med leiar i forkant, og det ikkje let seg gjera å låna tilsvarande frå UiO, seier personaldirektør Irene Sandlie. (Arkivfoto: Ola Gamst Sæther)

– UiO er opptatt av å ha ein god personalpolitikk som skapar fleksibilitet og gode løysingar for heimekontor. Me legg til grunn at leiar og den enkelte medarbeidar gjennom dialog finn desse løysingane, understrekar ho.

Irene Sandlie rår også dei tilsette til å ta kontakt med den næraste leiaren for å fortelja kva dei treng, om dei må jobba heime. 

–Tilsette som har behov for ergonomisk utstyr eller ekstra IT-utstyr til heimekontor, avtalar dette med næraste leiar  etter ei individuell vurdering av behovet. Me legg også til rette for at tilsette kan låna med seg utstyr. Der det ikkje er mogleg for tilsette å henta utstyr sjølve, kan UiO bistå med heimlevering, peikar ho på. 

UiO kan dekkja utstyr

Og ho minner om at UiO i enkelte tilfelle også kan betala for utgifter til utstyr. 
– UiO dekkjer utstyr føresett at innkjøp er avtalt med leiar i forkant, og det ikkje let seg gjera å låna tilsvarande frå UiO. Me vil løpande vurdera om retningslinjene bør bli justerte basert på organisasjonen sitt behov og kva situasjonen krev, slik me har gjort gjennom heile perioden, understrekar personaldirektør Irene Sandlie. 

 

Les meir om heimekontor på UiOs nettsider

 

 

Emneord: Koronavirus, Koronaviruset, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 19. nov. 2020 14:51 - Sist endra 19. nov. 2020 14:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere