Korona gir amputert årsfest i Aulaen

Koronatiltaka gjer at UiOs årsfest onsdag 2.september vert rekordliten. Alle vinnarane av UiOs prisar er inviterte, men ingen æresdoktorar vil koma i år.

Ei stor forsamling med personar i Universitets aula

MINIFORMAT: Årfesten i Aulaen blir denne gongen i eit miniformat på grunn av koronatiltaka. Maksimalt 78 personar kan vera til stades.  I 2018 var det stappfult i Aulaen då rektoratet markerte at UiO var 207 år.  (Arkvifoto)

Foto: Ola Sæther

Maksimalt 78 personar kan vera til stades i Universitetets aula under årsfesten onsdag 2. september.  Alle som har fått UiOs prisar og Kongens gullmedalje er inviterte, men dei kan ikkje ta med seg familie og venner.

– Me håpar at alle prisvinnarane kan stilla opp, seier rektor Svein Stølen til Uniforum.

39 til middag

Tradisjonelt blir vinnarane invitert til ein stor middag etterpå. Men på grunn av koronaepidemien vert det berre 39 personar på middagen i år. Fleire at dei tradisjonelle aktivitetane går ut denne gongen. Det gjeld både Kristine Bonnevie-førelesinga og kakeutdelinga på Frederikkeplassen.

 – Me håpar at me skal få intervjua så mange som mogleg av prisvinnaren i podkasten Universitetsplassen.  Og det blir musikk i Aulaen under årsfesten, lovar Svein Stølen. Dei musikalske utøvarane blir Universitets Symfoniorkester og Kvindelige Studenters Sangforening går det fram av programmet for årsfesten. Rektor Svein Stølen skal også halda ein tale og overrekkja fleire av UiOs prisar. Også leiaren for Studentparlamentet ved UiO, Runa Kristine Fiske skal tala på årsfesten. 

Æresdoktorane kjem neste år

Etter planen skulle det også utnemnast æresdoktorar i Aulaen i år.

– Det blir det ikkje noko av. Derfor utset med det til  neste år. Æresdoktorar blir uansett  utnemnde berre kvart tredje år, viser han til.  Det er allereie kjent kven som ville blitt utnemnde til æresdoktorar ved UiO for 2020. Dei mest kjende er det rektoratat sjølv som har føresått. Det er den verdskjende norske pianisten Leif Ove Andsnes og Etiopias forskings- og utdanningsminister Hirut Woldemariam Teketel. Begge har besøkt UiO tidlegare, men først neste år kan dei altså koma til UiO for å ta imot æresdoktorata sine.

Trur få ville ha fylgd ei strøyming av årsfesten

Det er heller ingen planar om å strøyma årsfesten over internett.

- Kva er grunnen til det kommunikasjonsdirektør Berit Kolberg Rossiné?

–Verdien av årsfesten er nærveret og det høgtidelege i Aulaen, og det let seg vanskeleg gjenskapa i ei strøyming på nettet med mindre ein legg opp til ein stor produksjon. Erfaringa er også at det ikkje er så mange som ser på ein slik produksjon. Derfor vil me heller bruka nye format for formidling digitalt. Og det kjem meir innhald med prisvinnarane i kanalar mot litt forskjellige målgrupper, svarar Berit Kolberg Rossiné. Ho trur uansett ikkje mange ville sett på ei strøyming av arrangementet.  

– Det er veldig få som fylgjer slike sendingar. Derfor vil me heller ta intervju med alle prisvinnarane og publisera det på podkasten vår Universitetsplassen utover hausten og våren. Prisvinnarane vil vera aktuelle i over eitt år. fortel ho.

- Vil bruka ressursane på å utforma digitalt innhald

-Sidan det er ei så streng avgrensing av kor mange som kan vera til stades i Aulaen, burde det ikkje vera viktigare enn nokon gong å strøyma årsfesten til alle dei som det ikkje er plass til og alle andre interesserte?

 - Me vil bruka ressursane på å utforma digitalt innhald me trur treffer målgruppene betre. Me ynskjer at det prisvinnarane får prisen for, nemleg tema dei har forska på og formidla, kjem fram i kanalar som publikum brukar. Til dømes vil prisvinnarane for beste masteroppgåve i berekraft, passa i sosiale media retta mot ei yngre målgruppe medan Universitetsplassen podkast, kan vera ein arena for dei andre, seier Berit Kolberg Rossiné.

Tre doktorkreeringar i Aulaen

Rektor Svein Stølen ser også fram til andre arrangement i Aulaen. For seinare i haust vert det også tre doktorkreeringar der.

– Ved å dela dei opp i tre, er det plass på 80-90 persona på kvart arrangement.  Det blir heller ikkje høve til å ta med seg gjester på mottakinga  i etterkant, slik som tidlegare.  Det er også på grunn av koronarestriksjonane, fortel Svein Stølen.

(Oppdadert 30.08.2020 kl 11.25: Tidlegare i denne saka stod det at venner og familie også er inviterte. Det viser seg at det berre er prisvinnarane som er inviterte. )

Emneord: Universitetets priser, Årsfesten, Kultur Av Martin Toft
Publisert 27. aug. 2020 04:30 - Sist endra 30. aug. 2020 11:27
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere