UiO fylgjer påbodet frå Oslo om heimekontor og tilrår digital undervisning

UiO fylgjer Oslo kommunes påbod om heimekontor for alle som kan jobba heimanfrå og oppfordrar til digital undervisning der det er mogleg. Det opplyser rektor Svein Stølen til Uniforum. 

Ein mann med briller står med paraply på Universitetsplassen i Oslo

PÅBOD: Universitetet i Oslo fylgjer påbodet til Oslo om at dei tilsette må bruka heimekontor og oppfordringa om mest mogleg digital undervisning. – Målet vårt er at me skal unngå at Oslo kjem i den same situasjonen som andre europeiske storbyar, seier rektor Svein Stølen.

Foto: Martin Toft

På måndag kom byrådsleiar Raymond Johansen i Oslo med ei sterk oppfordring til alle studiestadene i hovudstaden om å innføra digital undervisning i alle situasjonar der det er mogleg. Han bad også om at flest mogleg arbeidsplassar skulle påby dei tilsette å jobba heimanfrå, så sant dei hadde høve til det for å unngå for tette folkesamlingar i kollektivtrafikken. Regjeringa fylgde seinnare på dagen opp med liknande tiltak nasjonalt og lokalt avhengig av smittesituasjonen. 

Varslar innskjerpa tiltak på UiO

På UiO har leiinga i dagane etterpå arbeidd med å vurdera korleis dei skal  setja i verk naudsynte koronatiltak for studentar og tilsette. 

– Me har jobba vidare med heile organisasjonen. Målet vårt er at me skal unngå at Oslo kjem i den same situasjonen som andre europeiske storbyar, seier rektor Svein Stølen til Uniforum. 

Han varslar derfor innskjerpa tiltak også på UiO frå torsdag 29. oktober klokka 12.00.

 – Me skal leggja best mogleg til rette for digital undervisning på heile universitetet. Noko fysisk undervisning er viktig av læringsgrunnar og fagleg-sosiale og psykiske grunnar. Fakulteta vil varsla alle studentane om korleis det blir på dei ulike studieprogramma, fortel Svein Stølen. 

Påbyr alle som kan om å jobba heimanfrå

Akkurat som etter statsminister Erna Solbergs pressekonferanse den 12. mars i år, vil også UiO påby alle tilsette som har høve til det å utføra arbeidsoppgåvene sine heimanfrå. 

– Ja, me fylgjer opp påbodet om å bruka heimekontor, så lenge det er praktisk mogleg. Den næraste leiaren har ansvaret for i samråd med dei tilsette å vurdera kven som eventuelt må vera til stades for å sørga for å halda oppe forsking, undervisning og drift på Universitetet i Oslo, understrekar rektor Svein Stølen. 

Må bruka munnbind der dei ikkje kan halda meteren

– Og på alle offentlege stader på universitetet der det ikkje er mogleg å halda ein minsteavstand på 1 meter, ber med tilsette og studentar om å bruka munnbind, legg han til. 

Påbodet får også konsekvensar for møteverksemda på UiO. 

– Dei må alle haldast digitalt, slår han fast. 

Les også meir på koronasidene til UiO

Emneord: Koronavirus, Koronaviruset, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 28. okt. 2020 22:27 - Sist endra 29. okt. 2020 08:32
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere