Odontologi ber Helsedirektoratet dekkja investeringar i koronaklinikk

Odontologi måtte kjøpa inn spesialutstyr for over 1,4 millionar kroner då fakultetet etablerte ein eigen koronaklinikk for pasientar som trengte akuttbehandling i munnhola eller i kjeven. No ber dei Helsedirektoratet om å ta rekninga.

Ein mann i kvit frakk står framfor eit røntgenapparat

FEKK OPPFORDRING: Helsedirektoratatet oppfordra odontologi til å etablera ein koronaklinikk:  «Antallet behandlede pasienter har vært så lavt at det i svært liten grad bidrar til å dekke investeringene vi har gjort for å kunne etablere tilbudet", skriv dekan Pål Barkvoll (biletet) i eit brev til Helsedirektoratet.. (Arkivfoto)

Foto: Ola Gamst Sæther

Den 26. mars hadde Det odontologiske fakultetet ved UiO klart å etablera ein eigen klinikk for pasientar med behov for akuttbehandling i munnhola eller i kjeven under koroanepidemien. Den skulle dekkja pasientar frå fylka Oslo, Viken, Innlandet, Vestfold og Telemark.

Det var etter ei oppfordring frå Helsedirektoratet at klinikken blei bygd opp. Det førte til innkjøp av ekstra utstyr til mellom anna desinfisering av behandlingsrom til ein samla kostnad på 1,4 millionar kroner. Dette er utgifter som Helsedirektoratet bør dekkja, skriv dekan Pål Barkvoll og konstituert fakultetsdirektør Brit Amundsen Hoel i eit brev til Helsedirektoratet.

Kjøpte røntgenapparat til 1 million kroner

Den største investeringa var eit innkjøp av ei ny CBCT-maskin til nesten ein million kroner. Den nye maskinen gjorde det mogleg å handtera desse pasientane på ein forsvarleg måte, går det fram av brevet frå fakultetsleiinga. Dette er eit røntgenapparat som vert brukt til å ta tredimensjonale bilete av ansiktet, munnen og kjeven til pasientane.

I tillegg er det gjort investeringar for å tilpassa lokala til krava i smittevernsføreskriftene.

I brevet vert det trekt fram at Helsedirektoratet og fylkeskommunane rekna det som sannsynleg at det kunne bli eit stort behov for desse tenestene. Det var grunnen til at fakultetet måtte investera i mellom anna den nye CBCT-maskina.

Låg pasienttilstrøyming

Rundt fire månader seinare registrerer odontologi at tilstrøyminga av pasientar er langt lågare enn det helsestyresmaktene varsla. «Antallet behandlede pasienter har vært så lavt at det i svært liten grad bidrar til å dekke investeringene vi har gjort for å kunne etablere tilbudet, selv om våre driftskostnader er dekket gjennom egenandel og HELFO-refusjoner», står det i brevet.

Det vert også peika på at klinikkane ved odontologi truleg får halvert pasientinntektene i 2020 på grunn av koronapandemien. Likevel har fakultetet investert store summar for å fylgja oppfordringa frå Helsedirektoratet om å etablera eit eige tilbod for pasientar med behov for akuttbehandling i munnhola eller i kjeven. Derfor ber Universitetet i Oslo om at Helsedirektoratet betalar dei samla ekstrakostandene på 1,432 millionar kroner.

Enno ikkje noko svar

Dekan Pål Barkvoll har enno ikkje fått svar frå Helsedirektotatet. Uniforum tok før helga kontakt med presseavdelinga i Helsedirektoratet. Om Helsedirektoratet vil dekkja rekninga for ekstrainvesteringa i koronaklinikken kan dei enno ikkje svara på.

Emneord: Koronviruset, Odontologi, Økonomi Av Martin Toft
Publisert 11. aug. 2020 12:03 - Sist endra 11. aug. 2020 12:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere