Line Vold i FHI:– Eg er uroleg for faddervekene

– Eg er uroleg for faddervekene og festing generelt. Festing og drikking gjer at ein lett gløymer reglane. Åtvaringa kom frå avdeligsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet under dagens pressekonferanse om koronasituasjonen.

UROLEG: – Eg ser med uro på faddervekene. Derfor åtvarar me mot store arrangement blanda med alkohol, sa avdelingsdirektør Line Vold  i Folkehelseinsittuttet i ettermiddag. 

Foto: Skjermbilete/Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS).

Førebels vil ikkje helse- og omsorgsminister Bent Høie og regjeringa be folk om å bruka munnbind for å hindra auka spreiing av koronasmitte.

– Munnbind er ikkje eit alternativ til å halda ein meter avstand til andre menneske. I situasjonar der det kan vera vanskeleg å halda avstand, må folk vera førebudd på at det kan koma ei tilråding. Det vil koma meir detaljerte råd fram til 14. august, sa helse- og omsorgsminister Bent Høie. 

Samtidig varsla han at det vil bli forbod mot alkoholservering etter midnatt i heile landet frå og med denne helga.

Fadderveker skapar uro

Neste veke kjem både nye og gamle studentar tilbake til universiteta og høgskulane. Dei nye studentane startar som regel med fadderveker. Og det fører til ei viss uro hos avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet:

– Eg ser med uro på faddervekene. Derfor åtvarar me mot store arrangement blanda med alkohol.Det kan  berre haldast arrangement på maksimalt  200 personar. Det er viktig å fylgja opp, for pandemien er ikkje over, understreka ho.

Line Vold peika på at medan smittetilfella har gått litt tilbake i Sverige, så  har dei auka i dei andre nordiske landa.

 – Me må hugsa på einmeteren og skrua ned festinga litt, la ho til. 

Får ikkje ta igjen russefeiringa

Og helse- og omsorgsminister Bent Høie peika på at koronatiltaka nok ein gong vil råka dei som gjekk ut av den vidaregåande skulen i år.

– Dei som gjekk glipp av russefeiringa, får ikkje  tatt den igjen  i faddervekene, sa han med eit smil.  Men samtidig trekte han fram det gode samarbeidet mellom Kunnskapsdepartementet, studentforeiningane og lærestadene når det gjeld markeringa av semesteropninga og faddervekene.  

– Det blir færre høve til å gå ut på byen etter dei  organiserte fadderarrangementa sidan alkoholserveringa blir stengt  før midnatt, konstarterte han.

– Munnbind berre aktuelt i kollektivtrafikken

Når det gjeld bruk av munnbind, så er det ikkje aktuelt å be folk om å bruka det i støtte grad enn før, enno.

– Munnbind vert berre aktuelt i kollektivtrafikken. Elles er det einmetersegelen som gjeld,  slo Line Vold fast.

Bent Høie meinte det derfor var ingen grunn til å hasta til apoteka for å skaffa seg munnbind. 

– No er det ingen grunn til å gå til innkjøp av munnbind. Einaste unntaket er dersom du skal ut for å reisa med eit fly. De må heller venta med det til det eventuelt kjem nye tilrådingar, var bodskapen hans.  

– Kan vera smitteberarar utan å vita det

Bent Høie var også opptatt av at alle fylgjer smittervernsreglane.  

– Då gjeld framleis handvask, generell hygiene, og at me må  halda oss heime når me er sjuke. Nokre av oss kan smitta andre utan å vita at me er smitteberarar. Derfor må me ikkje klemma folk som me ikkje bur saman med. De må heller aldri ha fleire enn 20 personar på besøk samtidig, bad han innstendig om. 

Og Bent Høie ville be folk om å halda seg i Noreg.

– Me vil oppfordra folk til ikkje å reisa til utlandet anten det er til grøne eller raude land. Og alle som kjem frå raude land, må ha på seg munnbind fram til karanteneområdet, minna han om.

– Ved eit omdreiingspunkt

Helsedirektør Bjørn Guldvog meinte at Noreg var i ein spesiell situasjon akkurat no når det gjeld utviklinga av koronapandemien. 

– Me er ved eit omdreiingspunkt. Situasjonen er meir alvorleg no. Me har hatt ei dobling av smitta to veker på rad. Risikoen er større enn den har vore på ei stund, slo han fast.

Guldvog viste til at dei også ville vurdera bruk av andre tiltak etter kvart.

– Heimearbeid og bruk av munnbind må vurderast opp mot kvarandre etter kvart, sa Bjørn Guldvog. Den jobben skal gjerast av Folkehelseinstituttet.

– FHI skal fornya vurderinga av situasjonen den første veka i september. Me bremsa no fordi me vil ha kontrollen. Me er urolege for utviklinga, sa helse- og omsorgsminister Bent Høie.

– Må planleggja for mogleg bruk av munnbind

Og når det handlar om spørsmålet om behovet for munnbind, så er det altså ikkje aktuelt å oppfordra til auka bruk av det no.  Men i i fylgje avdelingdirektør Line Vold i Folkehelsinstituttet har dei kome med ei tilråding til Helse- og omsorgsdepartementet.

 – Noreg må planleggja for mogleg meir bruk av munnbind. Det kan ha effekt ved auka smittepress i samfunnet der det ikkje er mogleg å halda ein meter lang avstand, sa ho på pressekonferansen i ettermiddag.

Om det ved eit seinare høve skulle bli aktuelt å be studentar og tilsette ved UiO om å bruka munnbind, har UiO på lager  over 100 000 eingongsbind og 20 000 munnbind som kan vaskast og brukast fleire gonger. Det får Uniforum opplyst frå Universitetet i Oslo.​

– Me vil til ei kvar tid halda oss til retningslinjene frå helsestyresmaktene. Nettopp derfor har me organisert ein opningsseremoni og ei fadderveka som er sett saman av både digitale arrangement og fysiske møte, seier rektor Svein Stølen til Uniforum. 

Studiestart er viktig for nye studentar

For Norsk studentorganisasjon er det no viktig at dei nye studentane får ein god start på studiet sitt. I ei pressemelding viser dei til at ein tredel at ShoT-undersøkinga viser at ein av tre  studentar er einsame. 

– Psykisk helse og tilhøyrsle er viktig for gjennomføring av utdanninga di, og her er studiestart eit av dei mest effektive tiltaka for dette. Utan fadderveker fryktar me at talet som lid av einsemd vil auka, og at det gjev fleire grunnar til fråfall. seier NSO-leiar Andreas Trohjell i pressemeldinga.  

NSO viser til at institusjonane har eit ansvar for å sørgja for at dei legg til rette for forsvarleg gjennomføring. Fortløpande dialog med studentane er essensiell, og skal sørgja for å vera tilgjengeleg og hjelpsam.
– Kvar enkelt student må sørgja for å ta sitt ansvar og bli med i dugnaden for at alle studentane skal få ein god og sikker start på studia sine, seier Trohjell

NSO veit at institusjonar og studentar som arrangerer har lagt til rette for gode mottak av studentar i år i samsvar me eksisterande regelverk.
–  Arrangørane har gjort ein jobb for å lage gode studiestartar i samsvar med retningslinjene, som har kravd mykje nytenking. Det er dei same retningslinjene som ligg til grunn når studiestarten begynner, som arrangørane har planlagd for, seier Trohjell.

(Oppdatert klokka 18.11) 

 

 

Emneord: Koronaviruset, Studenforhold, Studentsaker, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 7. aug. 2020 16:03 - Sist endra 10. aug. 2020 12:24
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere