Enno ikkje aktuelt med påbod om munnbind på UiO

UiO har enno ingen planar om å innføra obligatorisk bruk av munnbind. – Per dags dato ser me ulempene som fleire enn fordelane, seier rektor Svein Stølen.

Ein mann står med hendene godt planta i ein stolrygg

IKKJE PÅBOD: Det vert enno ikkje innført påbod om bruk av munnbind på UiO: Men me vurderer det løpande, og er førebudde dersom me får andre retningslinjer frå styresmaktene, seier UiO-rektor Svein Stølen.

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var onsdag denne veka Gunnar Hasle, som er leiar for Reiseklinikken og tidlegare overlege ved Oslo universitetssykehus på Ullevål, kom med eit utspel om at også studentar og førelesarar burde få påbod om å bruka munnbind under førelesingar.

I fylgje Universitetsavisa meiner han at det vil gi universiteta høve til å ha fullt hus av studentar på kvar førelesing utan at faren for å bli smitta av koronaviruset aukar. Først viste han til at det var naudsynt å innføra eit slikt påbod på alle offentlege stader som til dømes på kino, og på konsertar. 

– Dette burde også gjelda undervisning på campus, sa han til Universitetsavisa.

Også dei to NTNU-professorane Solveig Bøe og Dag Svanæs meinte at universitetsleiinga burde innføra påbod om bruk av munnbind.

OsloMet-rektor Curt Rice fylgde opp i VG  dagen etter med å støtta forslaget og meinte det ville gi fleire fordelar enn ulemper.  I intervjuet stiller han seg undrande til at ikkje helsestyresmaktene innfører påbod av munnbind i alle klasserom.

– Fleire ulemper enn fordelar

UiO-rektor Svein Stølen deler ikkje dette synspunktet med OsloMet-kollegaen sin.

– Per dags dato ser me ulempene som fleire enn fordelane. Men me vurderer det løpande, og er førebudde dersom me får andre retningslinjer frå styresmaktene, eller dersom me sjølve skulle koma til ein annan konklusjon.
Det gjer han klart overfor Uniforum i ein epost frå feriestaden i Sogn. Svein Stølen viser til at UiO heile tida vurderer situasjonen sjølv og samtidig studerer råda frå helsestyresmaktene.

– Me held oss til retningslinjene frå helsestyresmaktene og vurderer i tillegg situasjonen sjølvstendig og løpande. Me har god kontakt med styresmaktene. I tillegg har me ganske stor intern ekspertise, understrekar han.  

Må fylgja smittevernreglane

UiO-rektoren meiner at det viktigaste no er å halda fram med å fylgja dei generelle reglane for å hindra smitte.

– Det som er heilt sentralt er at me framleis fylgjer smittevernreglane: God hand- og hostehygiene, fysisk avstand og at folk held seg heime dersom ein føler symptom på COVID-19. Held me oss ikkje til dette, vil me få ei smitteoppblomstring. Det er svært viktig å innsjå at munnbind ikkje endrar dette, minner han om.

Ingenting i vegen for å innføra påbod

Svein Stølen ser absolutt klart kvifor det no blir spurt om universiteta vil innføra liknande tiltak som flyselskapa har gjort.

– Likevel forstår eg spørsmålet. Nokre sektorar vel å gå lenger enn FHIs (Folkehelseinstuttets/Red.merknad) retningslinjer, og me må til dømes bruka munnbind på fly. Det er ingenting i vegen for at universiteta kan innføra det same. Det krev verken lovpålegg eller FHIs tilråding, og det er argument både for og mot, konstaterer han.  

Svein Stølen viser til fredagens pressekonferanse der styresmaktene slo seg til ro med å oppfordra studentane til å ta smittevernreglane alvorleg.

– Kva er fordelen med å bruka munnbind i staden for å halda fram med digitale førelesingar?

– Det er ei misforståing at dette er anten eller, og det er ein av grunnane til at styresmaktene ikkje har munnbind som tilråding. Dei fryktar at folk då kan ta lettare på smittevernreglane, som er langt viktigare. Einmeters-regelen gjeld både med og utan munnbind. Hand- og hostehygiene likeså. Ein må framleis bli heime ved symptom, slår Svein Stølen fast.

– UiO betalar

– Vil UiO betala for munnbinda til alle eller vil dei måtta betala sjølve?

– I utgangspunktet tenkjer eg UiO betalar. Eg har ærleg talt ikkje tenkt på den problemstillinga, vedgår UiO-rektoren.

NTNU-rektor Anne Borg opplyste i går til Universitetsavisa at dei no vurderer å kjøpa inn munnbind for å ha dei i beredskap.

– Eg har bede økonomi- og eigendomsdirektøren om å sjå på innkjøp av eit avgrensa tal munnbind, slik at me har ein viss beredskap om smittevernreglane skulle endrast med omsyn til bruk av munnbind, seier ho til Universitetsavisa.

Studiestart på UiO er  måndag 10. august, ifylgje UiOs nettsider. Den tradisjonelle velkomstseremonien blir i år digital og blir strøymt til alle nye studentar. Men det blir fysiske møte for faddergrupper på inntil 20 personar.

Dette er tiltak som er sette i verk nettopp for å verna studentar og tilsette mot å bli smitta av koronaviruset.  Men innføring av eit påbod om munnbind, er altså enno ikkje aktuelt som eit nytt tiltak. 

 

Emneord: Koronavirus, Studenforhold, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 1. aug. 2020 12:14 - Sist endra 1. aug. 2020 12:17
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere