Universiteta og høgskulane fekk inga koronapakke i revidert budsjett

Det kom ingen koronapakke på 1,29 milliardar kroner til universiteta og høgskulane i revidert budsjett. Neste sjanse vert dermed i forslaget til statsbudsjett for 2021, konstaterer generalsekretær Alf Rasmussen i UHR.

Fire menn og ei kvinne står i ein sirkel i eit møterom

INGA KRISEPAKKE: Universiteta og høgskulane fekk inga krisepakke i revidert budsjett. Det må rektorane Svein Stølen,  UiO Curt Rice,OsloMet, Dag Rune Olsen (med ryggen til), UiB,og Berit Rokne, Høgskulen på Vestlandet, no konstatera. Generalsekretær Alf Rasmussen  i Universitets- og høgskulerådet.står lengst til venstre.  (Arkivfoto) 

Foto: Martin Toft

Revidert budsjett blei endeleg vedtatt av Stortinget fredag 19. juni, og det var utan ei eiga ekstra løyving til universiteta og høgskulane. Det stadfestar generalsekretær Alf Rasmussen i Universitets- og høgskulerådet overfor Uniforum. 

– Me får ikkje noka ekstra løyving via revidert budsjett. Derfor må me no ta dette opp direkte med Kunnskapsdepartementet, seier han.  

Då håpar han dei klarer å finna fram til ei anna løysing.

– Me skal sjå korleis me kan få det med i forslaget til statsbudsjett for 2021, fortel han.

– Må gjerne koma med nye pakker

Men han har tru på at det kanskje skje på andre måtar også.

– Regjeringa må gjerne koma med nye pakker, også for oss. Me vil fylgja dette opp for det er klart at institusjonane har hatt store ekstra kostnader knytte til koronatiltaka, slår han fast. 

Det var for elleve dagar sidan Universitetets- og høgskulerådet i eit brev til Stortingets finanskomité bad dei om å vurdera å ta med ei økonomisk krisepakke på 1,29 milliardar kroner til universiteta og høgskulane i revidert budsjett for 2020.

Det var den summen som dei hadde henta inn som samla tap for heile sektoren på grunn av koronatiltaka. Brevet var underskrive av styreleiar Dag Rune Olsen og generalsekretær Alf Rasmussen.

• Les i Uniforum: Universitetene og høyskolene ber om 1,2 milliarder i koronapakke

Store utgifter til opning av haustsemesteret

Dei viste til at berre opninga av haustsemesteret 2020 åleine, ville gi institusjonane ekstrautgifter på 600 millionar kroner. I tillegg lista dei opp ekstrautgifter på 300 millionar på grunn av forlenging av rekrutteringsstillingar, og bortfall av inntekter på 400 millionar til forsking og bidrags- og oppdragsfinansierte aktivitetar. Dei tok også med at institusjonane hadde rundt 500 millionar kroner i reduserte utgifter til reiser og arrangement.

I brevet understreka dei to underskrivarane at det først og fremst var av omsyn til studentane det var behov for ei eiga koronapakke til universiteta og høgskulane.

 «Det er behov for betydelige ekstrabevilgninger for å kunne ta imot nye studenter på åpne campus under dagens smittevernregler. Disse investeringene er helt nødvendige for å forhindre stort frafall, med de samfunnsøkonomiske konsekvensene det kan gi. I tillegg er det nødvendig for ikke å få ytterligere etterslep på forskningsprosjekter og –søknader», stod det i brevet styreleiar Dag Rune Olsen og generalsekretær Alf Rasmussen sende til Stortingets finanskomité,

– Hald i desse tala

Alf Rasmussen er nøgd med at dei fekk sendt inn eit eige brev til Stortingets finanskomité med konkrete tal på kor store dei ekstra utgiftene er i sektoren hausten 2020.

– Ja, og det er absolutt hald i desse tala. Når me no skal fylgja dette opp vidare, må me arbeida endå meir for å synleggjera desse tala både for 2020 og dei komande åra. Brevet var eit reelt forsøk på å få Stortingets finanskomité til å vurdera å ta med ei milliardpakke til sektoren i revidert budsjett, understrekar han.

 

 

Emneord: Koronavirus, Studentforhold, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 22. juni 2020 14:28 - Sist endra 22. juni 2020 14:28
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere