Korona: Odontologi stengjer klinikkane i Geitmyrsveien
Odontologi stengjer studentlinikkane i Geitmyrsveien for å hindra spreiing av koronasmitte. Barneklinikken er allereie stengt medan vaksenklinikken stengjer klokka 13.00 i dag, opplyser dekan Pål Barkvoll.

STENGJER KLINIKKAR: Odontologi stengjer studentklinikkane i Geitmyrsveien frå og med i dag, opplyser dekan Pål Barkvoll.
Det er i ein epost til alle tilsette og studentar at odontologidekan Pål Barkvoll og resten av beredskapsleiinga kunngjer at fakultetetet no har bestemt seg for å stengja dei to studentklinikkane i Geitmyrsveien frå og med i dag. Også det meste av studentundervisninga, også den teoretiske, blir påverka av dette.
"Mindre trykk av mennesker i bygningene våre"
Pål Barkvoll forklarar stenginga som eit tiltak for å hindra spreiing av koronasmitte.
"Vi ønsker som tidligere nevnt å gjøre det vi kan for å hindre smittespredning og en stor del av vår virksomhet vil måtte regnes som risiko for smittespredning. Ved å stenge ned daglig aktivitet vil det også bidra til mindre trykk av mennesker i bygningene våre", skriv han i eposten til studentane og dei tilsette på fakultetet.
Barneklinikken blei stengt frå i dag tidleg, medan vaksenklinikiken skal stengjast frå klokka 13.00 i dag.
Allmøte for studentar og tilsette
Pål Barkvoll fortel at alle studentane vil bli informerte meir om dette på eit i allmøte i Stort Auditorium i dag klokka 12.00.
Møtet vil også bli streama. Her vil dei få beskjed om korleis me tenkjer å løysa dette på best mogleg måte, uttaler dekan Pål Barkvoll via ein epost.
Det skal også haldast jamlege allmøte for dei tilsette for å informera om situasjonen og utviklinga. Også desse møta vert strøymde.
– Når me nå går inn i utfordrande tider, er det viktig at me står saman og bidrar med det med kan for å hindra vidare smitte av dette viruset, er appellen odontologidekanen kjem med til studentar og tilsette.
Han ber også alle om å halda seg orienterte via nettsidene til Det odontologiske fakultetet.
Les meir informasjon om klinikkverksemda
Les meir informasjon om undervisning
Uniforum kjem med oppdateringar straks me veit meir om tiltak mot koronaviruset ved Universitetet i Oslo.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere