Koronapandemien gav tap på 14 millionar for odontologi

Det odontologiske fakultetet ved UiO har tapt 14 millionar kroner i tapte pasientinntekter på grunn av koronapandemien, melder Khrono. Dekan Pål Barkvoll trur konsekvensen kan bli at det ikkje vert sett inn nye folk i ledige stillingar på fakultetet.

Ein mann i kvitt frakk står i eit rom for tannbehandling

TAPER PASIENTINNTEKTER: Det odontologiske fakultetet har tapt 14 millionar kroner i pasientinntekter på grunn av koronapandemien. Dekan Pål Barkvoll håpar tannlegeutdanningane no får kompensasjon frå regjeringa. Her står han i klinikken etter at den blei bygd om til pasientar med smitte eller med mistenkt smitte. (Arkivfoto) 

Foto: Ola Gamst Sæther

Den 12. mars varsla regjeringa om drastiske tiltak for å slå ned koronapandemien i Noreg. Mellom tiltaka var stenging av barnehagar, skular og universitetet. For Det odontologiske fakultetet ved UiO slo det ut dobbelt, for der måtte dei stengja ned i samsvar med både retningslinjene til UiO og dei som gjeld for tannhelsetenesta i Noreg.

 – I den første tida var det berre pasientar med naudsynt behov for tannbehandling som fekk sleppa inn på klinikkane til fakultetet, opplyser dekan Pål Barkvoll. 

– Det er klart at når me har 50 000 pasientbesøk i året på Noregs største tannklinikk og me mister inntektene frå eigenbetalingane til pasientane og refusjonane frå Helfo over trygda eller frå avtalar med fylkeskommunar, så får det konsekvensar, seier Pål Barkvoll til Uniforum.

Milliontap for odontologi både i Oslo og i Bergen

Det var Khrono som tysdag melde at Det odontologiske fakultetet kan ha tapt opp til 14 millionar kroner på dei tapte inntektene. Situasjonen er ikkje blitt betre av at fakultetet frå tidlegare hadde eit underskot på 22 millionar kroner i 2019, og tidlegare utrekningar har vist at underskotet kan bli nesten dobla i 2023 om ikkje noko blir gjort.  Også tannlegeutdanninga ved Universitetet i Bergen har tapt mange millionar på koronatiltaka, skriv Khrono. Der har Institutt for klinisk odontologi truleg tapt 11,1 millionar kroner. Også der er grunnen tapte inntekter frå ein stengt tannklinikk.

Dramatiske fylgjer for tannklinikkar i heile landet

Odontologidekan Pål Barkvoll ved UiO peikar på at når desse pasientinntektene går ned til eit minimum for Det odontologiske fakultetet, så får det ikkje berre dramatiske fylgjer for tannklinikkane til odontologi på UiO, men også for tannklinikkar i både privat og offentleg sektor  i  heile Noreg.

 – Utfordringa vår er å visa at me ikkje berre er eit universitet, men at klasserommet vårt samtidig også er ei helseteneste som me driv. Denne helsetenesta måtte  fylgja dei retningslinjene som blei gitt av helsestyresmaktene. Klinikkane er vårt klasserom, og då må det vera slik at det er attraktivt for pasientane å koma hit. Derfor må me ha noko å tilby som gjer det attraktivt for både pasientar og fylkeskommunar å koma hit, fortel Pål Barkvoll.

– Men dette var inntekter som de hadde rekna me ville falla bort då dei nye smitteverntiltaka blei innførde?

– Ja. med mindre me vert kompenserte for det bortfallet. Elles kan eg peika på at den private tannhelsetenesta i Noreg er stor, og dei får i regjeringa si krisepakke kompensasjon for sine faste utgifter i tillegg til eit lønnstilskot for bortfall av inntekter. Også fylkeskommunane som driftar den offentlege tannhelsetenesta, fokuserer i tilbakemeldinga si overfor regjeringa på bortfall av inntekter for pasientbehandlinga. Me som held til i offentleg sektor, kan heller ikkje permittera medarbeidarar i klinikken slik dei kan i privat sektor, minner Barkvoll om.

Tidlegare har de rekna med å få ei tildeling frå statsbudsjettet til spesialistutdanninga på odontologi. Har de fått desse pengane?

– Me har fått ei tildeling over statsbudsjettet, men den er på mellom to og tre millionar mindre enn det me meinte me hadde krav på å få for å få fullfinansiert spesialistutdanninga.  

Kan redusera talet på opptak til spesialistutdanninga

Kva vil de gjera no for å få inn dei pengane som manglar?

– Om ikkje Helse- og omsorgsdepartementet gjennom Helsedirektoratet gir oss meir pengar, må me vurdera dramatisk å redusera talet på studentar som me tar opp på spesialistutdanninga. Helse- og omsorgsdepartementet har peikt på at også ein del av basisfinansieringa frå Kunnskapsdepartementet skal gå til å finansiera spesialistutdanninga, seier han.

Og det er heller ikkje sikkert at problemet blir løyst ved å redusera talet på studentar.

– Uansett om det er to eller fem på gruppa, så må undervisninga gjevast, så det er ikkje sikkert me sparar så veldig mykje på å kutta i talet på kandidatar. Samtidig bidrar jo kandidatane til pasientinntekter, så derfor er det ein komplisert situasjon, synest han.

Må byggja om klinikkane

Etter hans oppfatning vil koronaepidemien også føra til andre store konsekvensar, ikkje berre for odontologi ved UiO, men for alle tannlegeinstitusjonar i Europa.

– Det som kjenneteiknar klinikkane våre er at me har stor opne areal, og der står vasspruten og aeorosolane i lufta med smitterisiko.  I sommar vil derfor dei store klinikkane i Geitmyrsveien bli bygde om slik at det blir høgare vegger rundt kvar bås. Det vil føra til auka utgifter. Dette blir nok framtida, og tida med store opne klinikkareal på tannlegeinstitusjonar er nok over. Elles er me heile tida innstilte på å behandla pasientar med smitte eller mistenkt smitte også i tida framover, lovar han.

Pål Barkvoll er uroleg for at det ikkje er like lett å få forståing blant folk både i UH-sektoren og i departementa at lokala deira ikkje berre er eit vanleg klasserom.

– Me driv ikkje denne klinikken for moro skuld. Den er heilt vesentleg for at me skal få utdanna gode tannlegar og tannpleiarar, understrekar han.

Håpar på krisepakke for dei offentlege tannlegeutdanningane

No vil han gjerne at regjeringa også ser behov for å gi ei krisepakke til dei offentlege tannlegeutdanningane for inntektsbortfallet under koronapandemien.  Barkvoll understrekar at det er kostbart å utdanna tannlegar og tannpleiarar.

– Ja, det håpar eg at universitetsleiinga får gjennomslag for hos Kunnskapsdepartementet. Eg er uroleg for profesjonsutdanningane våre. For oss er det viktig med nærkontakt mellom studentar og pasientar. Det er også viktig at studentane får nok praktisk trening. Det går ikkje an å driva digital undervisning i dei praktiske ferdigheitene som faget krev, slår han fast. Ifylgje odontologidekanen har koronatiltaka ført til at det no berre har vore aktuelt å tilby den praktiske klinikktreninga til studentane som er på slutten i studiet, og til spesialistkandidatar.

Enno ikkje oversyn over tap i nord

Den nordlegaste tannlegeutdanninga i verda ligg ved Universitetet i Tromsø. Der driftar dei ikkje sin eigen klinikk. Det ansvaret har fylkeskommunen i Troms og Finnmark som har ansvaret for ein ekstern klinikk. Der har leiinga på Det helsevitskaplege fakultetet heller enno ikkje noko klart bilete av kor store tap odontologiutdanninga har hatt på grunn av koronatiltaka, skriv Khrono.

 

 

 

 

Emneord: Koronavirus, Odontologi Av Martin Toft
Publisert 3. juni 2020 04:30 - Sist endra 3. juni 2020 09:47
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere