Pål Barkvoll: – Dramatisk budsjettkutt for odontologi

Helse- og omsorgsdepartementet føreslår kutt i tilskotet til spesialistutdanninga med 7 millionar kroner. – Det er dramatisk for Det odontologiske fakultetet, seier dekan Pål Barkvoll.

Ein mann står med ryggen mot veggen og ser mot kameraet

DRAMATISK: – Budsjettforslaget til regjeringa får dramatiske fylgjer for spesialistutdanninga, seier OD-dekan Pål Barkvoll.

Foto: Ola Sæther

Det er ikkje ofte odonologidekan Pål Barkvoll slår alarm når det gjeld forslaget til statsbudsjett frå regjeringa. Denne gongen gjer han det. For no synest han situasjonen for odontologi kan bli dramatisk etter varsel om kutt på 7 millionar kroner i tilskotet til spesialistutdanninga.

– Det vert også varsla ytterlegare kutt dei neste tre åra. Tilskotet til spesialistutdanninga utgjer ein viktig del av den totale økonomien til fakultetet. Når kutt som fylgje av avbyråkratiserings-og effektivitetsreforma (ABE-reforma) vert ført vidare med 0,5 prosent vil ei naudsynt fylgje av dette gå utover den faglege kvaliteten og truleg også på sikt bemanninga ved fakultetet, fryktar han.

– Tar imot pasientar med avanserte diagnosar og avanserte behandlingsbehov

Pål Barkvoll omtalar spesialistutdanning som svært viktig når det gjeld kvalitet i grunnutdanninga, noko han meiner fakultetet heile tida har peika på. Han drar også fram døme på kvifor den er så viktig.

– At fakultetet har ei aktiv spesialistutdanning fører til at me tar imot pasientar med avanserte diagnosar og behandlingsbehov. På denne måten speglar fakultetet sin pasientmasse både i breidde og i  djupn, noko om er viktig for ein god kvalitetssikra tannlege- og tannpleiarutdanning, understrekar han.

Uroa over framtidas finansiering

Pål Barkvoll er ikkje minst uroa over korleis Helse- og omsorgsdepartementet har tenkt å finansiera spesialistutdanninga i framtida.

– HOD ynskjer med budsjettforslaget sitt i større grad å finansiera spesialistutdanning på dei fylkeskommunalt eigde regionale odontologiske kompetansesentra der dei finansierer statlege oppgåver slik som forsking og kunnskapsutvikling, fagstøtte til tannklinikkane og deltaking i spesialistutdanning av tannlegar, seier han.

Dekanen meiner at desse sentra ikkje kan spela den same rolla som helseføretaka når det gjeld undervisning.

– Desse odontologiske kompetansesentra har ingen undervisningsoppgåver for studentane våre på verken master eller bachelornivå og kan såleis ikkje samanliknast med dei regionale helseføretaka si undervisningsrolle overfor dei andre helseprofesjonane. Dei odontologiske universitetsklinikkane ved UiB og UiO vert eigde og drivne av universiteta sjølve og er avhengige av å utvikla spesialkompetanse, slår han fast.

Dekan Pål Barkvoll er også skuffa over korleis resten av tannhelsetenesta blir behandla i dette forslaget til statsbudsjett.

– For tannhelsetenesta er det skuffande at HOD heller ikkje for 2020 vil priskompensera refusjonane til nødvendig tannbehandling gjennom Folketrygda. HOD forventar ein pris- og kostnadsauke på 3,2 prosent for 2020 - men kompenserer berre med 2,2 prosent - dette har ført til ein realnedgang i trygderefusjonane til nødvendig tannbehandling - dette prinsippet har HOD lagt til grunn kvart år sidan 2015. Desse refusjonane er meint å dekkje delar av pasientane sine utgifter når ein får sjukdom i munnhole og kjevar som er uforskyldt, forklarar han.

Forskjellsbehandling av kroppen

Barkvoll synest det er betenkeleg at sjukdom i munnhole og kjevar skal behandlast annleis enn om den oppstod på ein kvar annan plass på kroppen.

– Ein hudsjukdom eller svulst som uforskulda oppstår i munnhola eller i kjevane vil krevja at pasientane må betala ein betydeleg del av eiga lomme samanlikna om den oppstod andre stader på kroppen - der pasienten slepp med ein egendel hos fastlegen eller i spesialisthelsetenesta. Oppsummert gir dette større eigenbetaling for pasientar med uforskulda  sjukdom i munnhuoe og kjevar, konstaterer Pål Barkvoll.

Men han ser også nokre positive takter i budsjettforslaget frå regjeringa Solberg.

– HOD presiserer at dei styrkjer tannbehandling til offer for tortur og overgrep og pasientar med tannbehandlingsangst - det er jo fint - det er berre det at dette vert tatt frå andre grupper. Ingen reel styrking av feltet, slår dekan Pål Barkvoll fast.

– Skrekkeleg dårleg tal

Han meiner at heller ikkje dei eldre får dei tannhelsetenestene dei bør ha krav på.

– Det er også skuffande at det ikkje vert sette inn tiltak for tannhelse i den aldrande delen av folket. . HOD oppgir sjølv i proposisjonen sin at berre 21 prosent av heimebuande eldre med heimehjelp, som har krav på fri tannbehandling i den offentlege tannhelsetenesta, blei undersøkte eller behandla i 2018. Dette er eit skrekkeleg dårleg tal som ikkje vert fylgd opp med tiltak, synest han.

– Eg ser også dystert på at det vert føreslått å kutta nærmare ein halv milliard til Forsknngsrådet, legg han til.


– Kva fylgjer får desse kutta på ved odontologi?

– Det vil gå utover den faglege aktiviteten om dette forslaget blir vedtatt i desember.

– Hadde du og dei andre od-dekanane fått signal om dette tidlegare?

– Nei.

– Fann du nokre positive ting i budsjettforslaget?

– Jadå - sjølvsagt er det også positive ting. Eg registrerer at regjeringa signaliserer finansiering av nytt Oslo universitetssykehus på Gaustad, opprusting av Aker og vidare oppbygging av Radiumhospitalet som eit fullverdig kreftsjukehus med alle fasilitetar. Han trekkjer også fram på plussida at forsøksordninga med sjukehusodontologi vert føreslått ført vidare.

På Barkvoll finn også eit anna positvt trekk i budsjettframlegget.

– Vidare ser eg sjølvsagt positivt på at regjeringa legg vekt på arbeidet mot antibiotikaresistens – noko som kanskje er den største helseutfordringa me står overfor, konstaterer OD-dekan Pål Barkvoll.

 

 

Emneord: Odontologi, Økonomi, Forskningspolitikk, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 8. okt. 2019 00:06 - Sist endra 8. okt. 2019 10:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere