Regjeringa vil gi milliardlån til utbygging av nye sjukehus på Gaustad og på Aker

Regjeringa vil g eit lån på 29,1 millardar kroner til Nye Oslo universitetssykehus. Pengane skal brukast til eit nytt komplett regionsjukehus på Gaustad og eit nytt stort akuttsjukehus på Aker.

Biletet viser ei skisse av korleis eit nytt sjukehus på Gaustad vil sjå ut.

NYTT SJUKEHUS PÅ GAUSTAD: Skisser av det planlagde sjukehuset på Gaustad.

Det går fram av regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2020.  Regjeringa kjem også med ei første løyving på 100 millionar kroner til prosjektet i 2020.

Det inneber at regjeringa går inn for å leggja ned dagens sjukehusdrift på Ullevål.

– Eg er glad for at me no får på plass finansiering til Nye Oslo universitetssykehus. Dette er eit stort løft i utviklinga av spesialisthelsetenesta – og viktig for innbyggjarane både i Oslo, regionen og resten av landet, seier helseminister Bent Høie i ei pressemelding frå Helse- og omsorgsdepartementet.

– Viktig for UiO

Til saman vil utbygginga av eit nytt regionsjukehus på Gaustad og eit nytt akuttsjukehus på Aker koma på 32,6 milliardar kroner. No føreslår regjeringa eit lån på 29,1 milliardar kroner til  Nye Oslo universitetssykehus Samtidig føreslår den ei første løyving på 100 millionar kroner til prosjektet i 2020.

VIKTIG: Universitetsdirektør Arne Benjaminsen ved UiO meiner det er viktig å få bygd ut eit nytt regionsjukehus på Gaustad. (Foto: Ola Sæther) 

Universitetsdirektør Arne Benjaminsen ser at det er ein fordel for Universitetet i Oslo

– For oss er det viktig å få utbygginga av nytt sjukehus på Gaustad, seier han til Uniforum. Tidlegare har både viserektor Per Morten Sandset og medisindekan Ivar Prydz Gladhaug gått sterkt inn for å få til ei utbygging av eit regionsjukehus med lokalsjukehusfunksjonar på Gaustad.  I eit intervju med Uniforum i  førre veke utdjupa viserektor Per Morten Sandset ynsket til UiO om å få bygd ut eit nytt sjukehus på Gaustad.

– Me ynskjer å gjera Livsvitskapssenteret til ein kompetanseklyngje der fagfolk som arbeider innan medisin og helse kan møtast. Det skal bli ein møteplass der folk kan treffast. Det vil liggja heilt sentralt, nord for universitetet og sør for Rikshospitalet. Radiumhospitalet og dei andre sjukehusa i Oslo kan ha det som ein møteplass, og slik kan det bli eit myldretun for folk som er interesserte i forsking og undervisning i helsevitskap, sa Per Morten Sandset til Uniforum.

Det er likevel ikkje sikkert at det blir så lett å få gjennom den planen som regjeringa går inn for.

Fleirtal i Oslo bystyre for å redda Ullevål

For det er Oslo kommune som eig tomta Ullevål sjukehus står på, og i Oslo bystyre er det etter kommunevalet  i dag politisk fleirtal for å redda Ullevål som sjukehus. 32 av representantane i Oslo bystyre er for å redda Ullevål, medan 27 støttar planane til Helse Søraust og regjeringa. Dei einaste partia som står på regjeringa si side i det spørsmålet er Arbeidarpartiet og Høgre. Både Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti, Venstre, SV, Framstegspartiet, Mijøpartiet Dei grøne, Raudt og Bompengepartiet har alle lova  å kjempa for at Oslo universitetssykehus skal halda fram med sjukehusdrift på Ullevål. 

Finansieringa av utbygginga av nytt universitetssjukehus på Gaustad og akuttsjukehus på Aker er avhengig av salet av tomta som Ullevål sykehus står på i dag.

 – Utan tomt blir det ikkje noko sal eller noka finansiering av Gaustad, seier  Framstegspartiets nestleiar i Oslo bystyre, Aina Stenersen til NRK Østlandssendinga i dag.

Tre sjukehus med ulike funksjonar

I fylgje pressemeldinga blir Aker sykehus eit av landets største akuttsjukehus der innbyggjarane får eit samla tilbod av spesialistteneste med psykisk helsevern, tverrfagleg spesialisert rusbehandling og somatikk. På Gaustad skal nasjonale og regionale behandlingtenester samlast, samtidig som det skal vera lokalsjukehus for fleire bydelar i Oslo. Radiumhospitalet skal utviklast vidare som eit spesialisert kreftsjukehus. Regjeringa har tidlegare gitt lån til det, og utbygginga av nytt klinikkbygg og protonsenter på Radiumhospitalet har begynt.

Emneord: OUS, Medisin, Det medisinske fakultet Av Martin Toft
Publisert 7. okt. 2019 16:59 - Sist endra 7. okt. 2019 17:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere