UiO bad om 132,5 millionar for koronatap - fekk ingenting

132,5 millionar kroner har UiO hatt i inntektstap på koronapandemien så langt. Men det kom ingen kompensasjon for tapet i revidert budsjett.

Osebergskipet står i Vikingskipshuset på Bygdøy

TAPER 100 MILLIONAR: Kulturhistorisk museum vil åleine tapa 100 millionar kroner i 2020 og 2021 som fylgje av manglande inntekter frå billettsal og museumsbutikkane på grunn av koronastenginga. Den største attraksjonen er Vikingskipshuset på Bygdøy. Det kom ingen kompensasjon til UiO og museet i revidert budsjett.(Arkivfoto)

Foto: pressebilde KHM

I møtet i UiO-styret i går opplyste universitetsdirektør Arne Benjaminsen at UiO hadde vore i kontakt med Kunnskapsdepartementet for å få kompensert inntektstapa UiO har hatt på grunn av koronapandemien. Då nemnde han særskilt tapa til Det odontologiske fakultetet, Kulturhistorisk museum og Naturhistorisk museum.

Til saman har UiO rekna ut at det altså har hatt eit tap på 132,5 millionar kroner. Det går fram av eit brev universitetet sende til Kunnskapsdepartementet den 3. juni. Der bad universitetet om å få kompensasjon for dette inntektstapet.

Har tapt 20 millionar i pasientinntekter

Når det gjeld odontologi vert det vist til at koronastenginga av klinikkane vil gi 20 millionar mindre i inntekter i 2020. Før koronakrisa begynte hadde fakultetet rekna med samla inntekter frå klinikkane på 40 millionar kroner.

Universitetsdirektør Arne Benjaminsen og rektor Svein Stølen uttrykkjer i brevet stor uro over kva konsekvensane kan bli for profesjonsutdanning i odontologi når talet på både pasientar og inntekter går så kraftig ned. Dei viser også til at odontologi frå april i år har fått oppdraget med å vera andrelinje for dei fire fylka som er knytte til Helse Søraust.

Derfor har klinikkane vore stengde for vanleg pasientbehandling. I staden er dei blitt brukte som akutt oral kirurgisk eller oral medisinsk behandling for dei fire fylkeskommunane Oslo,Viken, Innlandet og Vestfold og Telemark under koronapandemien.

No har klinikkane opna for akuttbehandling, men på grunn av smittevernomsyn ligg talet på behandlingar på mellom 15 og 20 prosent av det som var vanleg før koronasituasjonen starta, går det fram av brevet dei har sendt til Kunnskapsdepartementet.

Vil tapa 100 millionar på to år

Det er likevel Kulturhistorisk museum som truleg har hatt det største inntektstapet på UiO som ein fylgje av koronapandemien. I fjor hadde museet totalt 720 000 besøkjande, mesteparten av dei var utanlandske turistar.

UiO-leiinga har rekna ut at museet vil få eit inntektstap på 45 millionar kroner i 2020 og 55 millionar i 2021, inkludert bortfall av inntekter frå museumsbutikkane. Det får konsekvensar for planlagde utstillingar i både Vikingskipshuset og i Historisk museum, sidan utstillingane skulle ha blitt finansierte av desse pengane.

Sponsorar trekkjer seg

Mange av sponsorane som tidlegare hadde lova å støtta museet, har no gitt beskjed om at det truleg ikkje blir noko av. Derfor reknar UiO at museet får eit inntektsbortfall på mellom 80 og 130 millionar kroner frå sponsorar.

7,5 millionar i tap for Naturhistorisk museum

For Naturhistorisk museum er det kalkulert med eit inntektstap på rundt 7,5 millionar kroner på grunn av koronastenginga. I det talet ligg også eit tap i billettinntekter frå Klimahuset på 2 millionar kroner. I 2019 besøkte 149 500 personar dei innandørs utstillingane til museet, samtidig som heile 800 000 hadde vore innanfor portane til Botanisk hage.

Om det ikkje kjem fleire sponsorpengar til Klimahuset, trur UiO-leiinga at det kan føra til konsekvensar for drifta og for dei som allereie er tilsette på Klimahuset.

Ekstra stipendiatutgifter på 350 millionar over fem år

UiO har også rekna på den langsiktige effekten av at alle tilsette stipendiatar som nyleg har starta prosjekta sine, vil bli to månader forseinka i arbeidet sitt på grunn av koronapandemien. Mellom 2020 og 2025 vil det gi ei ekstrautgift på 350 millionar kroner for Universitetet i Oslo. Akkurat det tapet ligg ikkje inne i den summen som UiO ber om kompensasjon for. 132,5 millionar utgjer inntektsbortfalla til odontologi og universitetsmusea.

Kan gå utover kjerneaktivitetane

 I 2019 hadde UiO til disposisjon 83 millonar kroner etter at fjorårets tildeling frå Kunnskapsdepartemetet var fordelt.

Om UiO ikkje får kompensasjon for dei tapte inntektene, vil det vera vanskeleg å handtera eit slikt bortfall av inntekter utan at dei andre kjerneaktivitetane må reduserast, åtvarar universitetsdirektør Arne Benjaminsen og UiO-rektor Svein Stølen i brevet til Kunnskapsdepartementet.

Ingen pengar til UiO og dei andre institusjonane i revidert

Også Universitets- og høgkulerådet sende eit brev med bønn om ei koronapakke på 1,29 milliardar kroner til universiteta og høgskulane. Det sende brevet direkte til Stortingets finanskomite med ynske om at dei kunne vurdera å ta det med i revidert budsjett.

Då revidert budsjett blei vedtatt av Stortinget fredag 19. juni, var det verken ei ekstra tildeling på 132,5 millionar kroner til UiO eller ei eiga koronapakke på 1,29 milliardar kroner til alle universiteta og høgskulane.

Det var bodskapen UiO-rektor Svein Stølen og universitetsdirektør Arne Benjaminsen også måtte bringa vidare til Universitetsstyret i går. Dei endelege prioriteringane i UiOs budsjett for 2021, vert heller ikkje endeleg vedtatt før Universitetsstyret skal møtast igjen til hausten. Grunnen til det er nettopp fordi UiO ikkje har fullt oversyn over kor stor effekt koronapandemien vil få på budsjettet neste år. Det går fram av bakgrunnsdokumenta til budsjettet for 2021 og det blei gjentatt av universitetsdirektør Arne Benjaminsen på møtet i går.

 

Emneord: Koronavirus, Økonomi, Kulturhistorisk museum, Naturhistorisk museum, Odontologi Av Martin Toft
Publisert 24. juni 2020 15:53 - Sist endra 24. juni 2020 15:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere