UiO-styret vil ha tett oppfylging av økonomien til odontologi

UiO-styret vil ha ei hand på rattet og bli jamleg oppdatert om status for den økonomiske situasjonen på odontologi. Det kom klart fram i styremøtet i dag.

Ei kvinne og to menn sit i et rom og har folk på Zoom på ein storskjerm

PÅ ZOOM: Medan rektor Svein Stølen, prorektor Gro Bjørnerud Mo og universitetsdirektør Arne Benjaminsen sat i same rom i Lucy Smiths hus, deltok dei andre medlemane i Universitetsstyret på møtet via Zoom. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Det odontologiske fakultetet vil truleg få eit underskot på 54 millionar kroner i 2020, om det ikkje blir sett i verk tiltak for å få budsjettet i balanse. Det har Uniforum meldt tidlegare med UiOs verksemdsrapport for dei første fire månadane i år som kjelde.

Og dekan Pål Barkvoll har også gjort det klart overfor Uniforum at den økonomiske situasjonen er vanskeleg og at han ser fram til å samarbeida med UiO-leiinga om å få budsjettet i balanse.  

• Les meir i Uniforum: Økonomien til odontologi kan gå frå vondt til verre

– Eit «mismanagement» på fleire nivå

I dagens møte i Universtetsstyret vekte den vanskelege budsjettsituasjonen på odontologi stor merksemd.

 – Det er svært urovekkjande  og alvorleg for heile universitetet. I praksis er odontologi sett under administrasjon og ting tyder på at det er eit «mismanagement» på fleire nivå, sa ekstern representant Idar Kreutzer.

– Eg vil be  om at me legg til eit ekstra punkt i vedtaket som går ut  på  at styret skal haldast  orientert om status for  arbeidet. Det må vera adekvate tiltak og me må sjå på effekten av tiltaka, føreslo han.

– Må sjåast i samanheng med Det medisinske fakultetet

Etter hans meining var det viktig å sjå kva implikasjonar dette ville få framover.

– Me må byggja ein betre grunnmur for odontologi og også sjå det i samanheng med Det medisinske fakultetet, sa han.  Idar Kreutzer fekk støtte frå Marianne Østby Midthus, som er representant for dei teknisk-administrative tilsette.

– Styret må haldast orientert om det som går føre seg på odontologi. Eg er heilt einig med Idar Kreutzer, sa ho. 

Inntekter har falle bort

Universitetsdirektør Arne Benjaminsen forklarte den vanskelege økonomiske situasjonen på odontologi med at fleire inntekter no har falle bort.

– Det gjeld både reduksjon av tildelingane frå Helsedirektoratet til spesialistutdanninga for tannlegar, men også bortfall av eksterne inntekter for tenester som odontologi utførte for UDI, peika Benjaminsen på. Dessutan trekte han fram noko som er særegent for odontologi.

– Dei har tradisjonelt fått lite pengar frå Forskingsrådet og EU samanlikna med andre fakultet.  No har det dessutan også vore ein del fråfall i studia som gir svakare resultatutteljing, trekte han fram. Og han understreka at det økonomiske uføret som odontologi har hamna i, i hovudsak skuldast andre ting enn koronapandemien.

– For å spara pengar, er me allereie blitt einige om å utsetja tilsetjingane i nokre rekrutteringsstillingar på odontologi, sa han. 

Arne Benjaminsen var einig i at det kunne ta med eit eige punkt i forslaget til vedtaket om at styret vil haldast løpande orientert om situasjonen på odontologi og om effekten av tiltaka som blir sett i verk.  Det slutta også styret seg til.

– Ex.phil. kan bli katastrofalt svekka

I verksemdsrapporten  for første tertial i 2020 går det fram at både HF og UiO sentralt (LOS) har fått hovudet opp at vatnet og ser ut til å få budsjettet i balanse i løpet av dei næraste åra.

Representant for dei vitskaplege tilsette, Olav Gjelsvik var likevel ikkje einig i den framstillinga. 

– Ex.phil. kan bli katastrofalt svekka om det ikke blir tatt tak. Det er dystre utsikter for ex.phil. for dei nytilsette på instituttet er på andre fag enn ex.phil. Neste haust vil ikkje dette gå, varsla han. 

– Kan bli ein salderingspost

Universitetsdirektør Arne Benjaminsen viste til at dei ville koma tilbake til situasjonen på ex.phil på eit eige møte om ei evaluering av ex.phil til hausten. 

Også Idar Kreutzer frykta for lagnaden til ex.phil.

 – Det er viktig at dei økonomiske tiltaka er formålstenlege. Me er redde for at ex.phil kan bli ein salderingspost. Me er opptatt av både økonomien og kvaliteten, og akkurat no er det viktig at me held oppe kvaliteten på undervisninga, sa han.

– Masseførelesingar

Olav Gjelsvik tok ordet igjen og gjorde det klart at han ikkje var nøgd med svaret frå universitetsdirektør Arne Benjaminsen.

– Det er ein akutt situasjon på ex.phil. Resultatet kan bli at instituttet må gå bort får dagens studieopplegg og gjeninnføra systemet med masseførelesingar, frykta han. 

– Ja, det kan bli for seint å venta på den oppfylginga som universitetsdirektøren viser til, trudde Olav Gjelsvik.

Han drog også fram to andre døme der han meinte ex.phil kom dårleg ut.

– Dei pengane som HF får overførte til ex-phil blir brukte til andre ting. Og no er opplegget til HF at dei skal lata folk frå andre fag undervisa i ex.phil. Styret må få innspel frå HF om det me har tatt opp, sa ein svært engasjert Olav Gjelsvik.

Men universitetsdirektør Arne Benjaminsen var ikkje like kategorisk. 

– Frå mi side vil eg seia at det er ingen grunn til å tru at fakultetet ikkje har tatt ynsket frå styret på alvor, slo han fast.  

Bad Kunnskapsdepartementet om meir pengar

Han kom også inn på korleis UiO saman med blant andre Universitets- og høgskulerådet hadde bede Kunnskapsdepartementet om meir pengar til sektoren i samband med auka utgifter og færre inntekter som ein konsekvens av koronasituasjonen.

DIGITALT UNIVERSITETSSTYRE: Rektor Svein Stølen, prorektor Gro Bjørnerud Mo og universitetsdirektør Arne Benjaminsen under det digitale møtet i Universitetsstyret i dag.  Bak spaserer seniorrådgjevar Bente  Hennie Strandh. (Foto: Ola Sæther) 

– Då tok me opp situasjonen både for odontologi, Vikingskipshuset og om stipendiatar som ikkje er blitt ferdige innanfor normert tid, fortalde han.

 – Det kom ingen eigen pakke til dette i revidert budsjett, då det blei vedtatt på fredag.  Derimot har universiteta fått ein samla pott på 40 millionar kroner som skal gå til kompensasjon for rekrutteringsstillingar som er knytte til næringslivet, EU, og som er utanom ordinær finansiering av desse stillingane, opplyste universitetsdirektøren.

 Arne Benjaminsen kom også med ein konklusjon på kva som vil bli konsekvensen av dette.  

– Det vil seia at me må ta desse pengane innanfor dei rammene me har. Derfor kan det også koma på tale å utsetja utlysingar av ledige stillingar på UiO, sa han.

Emneord: Odontologi, Universitetspolitikk, Universitetsstyret, IFIKK Av Martin Toft
Publisert 23. juni 2020 17:30 - Sist endra 23. juni 2020 17:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere