Økonomien til odontologi kan gå frå vondt til verre

Odontologi kan få eit underskot på 54 millionar kroner i 2020. Både koronatiltak og manglande tilskott frå Helsedirektoratet er mellom grunnane til det store underskotet.

54 MILLIONAR. Det odontologiske fakultetet kan få eit underskot på 54 millionar kroner i 2020. Dekan Pål Barkvoll ser fram til å samarbeida med universitetsleiinga for å få ned underskotet. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Tidlegare denne månaden kom nyhendet om at odontologi ville tapa 14 millionar kroner i pasientinntekter i 2020 som ein konsekvens av koronatiltaka.  Nye utrekningar syner at inntektstapet truleg kjem på 18,8 millionar kroner.

• Les i Uniforum: Koronapandemien gav tap på 14 millionar for odontologi

No viser det seg også at underskotet, eller meirforbruket som det heiter i saksdokumenta til UiO, truleg vil koma opp i 54 millionar kroner i løpet av 2020.  Det går fram av UiOs verksemdsrapport for dei fire første månadane i år .Den vert lagt fram på møtet i Universitetsstyret den 23. juni. 

Det store underskotet fører til at Universitetsstyret no vert bede om å vedta eit forslag om at universitetsdirektøren straks skal setja i gang ei serskilt oppfylging av den økonomiske situasjonen på Det odontologiske fakultetet. 

Reduserte tilskot og milliontap i pasientinntekter

Ein viktig del av årsaka til underskotet er altså eit redusert tilskot på to millionar kroner frå Helsedirektoratet til spesialistutdanninga i 2020.  Det fører til at det samla tilskotet er redusert med rundt ni millionar kroner sidan 2015. Men også tapte pasientinntekter frå klinikkane etter at dei måtte stengja på grunn av koronatiltaka, har vore ei viktig årsak til at underskotet ser ut til å bli langt større enn tidlegare rekna med.

• Les i Uniforum: Korona: Odontologi stengje klinikkane i Geitmyrsveien

Samtidig vert det no sett i gang ombygging av klinikkane for at dei skal fylgja smittevernsreglane.  Klinikkane har under koronaepidemien blitt brukte som ei akutteining for oral og medisinsk behandling på vegner av fylkeskommunane Oslo, Viken, Innlandet og Vestfold og Telemark.

• Les i Uniforum:

Odontologiklinikkane vert under koronakrisa "sjukehus" for munn- og kjevekirurgi for Austlandet

OD har rekna ut at dei har tapt 18,8 millionar kroner i tapte pasientinntekter.  Universitetsdirektør Arne Benjaminsen peikar i saksdokumentet på at odontologi ville ha vore i ein vanskeleg økonomisk situasjon også utan tiltaka som blei sette i verk på grunn av koronaepidemien.

 – Ser fram til samarbeid med universitetsleiinga

Odontologidekan Pål Barkvoll stadfestar at underskotet kan koma opp i 54 millionar kroner i 2020.

– Ja, viss me ikkje gjer noko no, så kan me nå opp i det talet. Derfor ser eg fram til at me no skal samarbeida med universitetsleiinga for å få ned underskotet, seier Pål Barkvoll til Uniforum. 

Sjølv meiner han det er det er både dei reduserte tilskota frå Helsedirektoratet til spesialistutdanninga og koronaepidemien som har sparka beina under økonomien til odontologi. 

– Me har hatt ei massiv inntektssvikt på grunn av at me ikkje lenger har kunna behandla pasientar. Samtidig hadde me planlagt å få inn ekstrainntekter gjennom kliniske kurs, fortel han.  Om koronaepidemien og koronatiltaka held fram, trur han det vanskeleg kan gjerast noko for å auka inntektene. Han peikar også på at klinikkane skal byggjast om av smittevernomsyn.

– No håpar eg at situasjonen normaliserer seg, slik at me kan få studentane tilbake fysisk. Då kan me også få inn pasientinntekter, ja, kanskje til og med auka behandlingstilbodet, for å få tatt inn etterslepet, seier Pål Barkvoll.

UiO melder frå til KD om OD og musea

Som Uniforum tidlegare har meldt har også Kulturhistorisk museum tapt mange millionar kroner på billettinntekter som ein fylgje av stenginga under koronaepidemien. Museet reknar med 80 prosent redusert besøk i 2020 og neste år.  Det fører til eit inntektstap på mellom 45 og 55 millionar kroner i året.

Samtidig har museet også rekna ut at dei i samband med det nye vikingtidsmuseet på Bygdøy vil få eit tap  i sponsorinntekter på mellom 80 og 130 millionar kroner dei komande åra.

Det andre universitetsmuseet, Naturhistorisk museum på Tøyen, har kalkulert med tapte billettinntekter på 7,5 millionar kroner i 2020, samtidig som det fryktar at sponsorinntekter i samband med Klimahuset vil falla bort. 

Universitetet i Oslo skal no senda ei eiga melding til Kunnskapsdepartementet om situasjonen for odontologi og musea, står det i saksdokumenta universitetsdirektør Arne Benjaminsen har lagt fram for Universitetsstyret.

LOS reduserer underskotet

I verksemdsrapporten for dei første fire månadane i år, går det også fram at det store underskotet ved UiO sentralt, altså Leiing, organisasjon og støtteeiningar (LOS) er i ferd med å bli redusert raskare enn det som var rekna med. Årsresultatet vil dermed bli 7 millionar kroner betre i 2020 enn det som det såg ut til at det kunne bli i verksemdsrapporten for dei siste fire månadane av fjoråret. 

Om eininga held fram på den måten, vil budsjettunderskotet koma ned i 32 millionar kroner i 2023. Det er 12 millionar kroner mindre samanlikna med førre rapportering, står det i dokumentet.

Også på Det humanistiske fakultetet ser den økonomiske situasjonen langt lysare ut.  No er  underskotet  der 16 millionar kroner mindre samanlikna med same periode i fjor.

Koronatap kan koma på mellom 90 og 280 millionar 

Når det gjeld dei samla ekstrautgiftene som UiO har hatt på grunn av koronaepidemien, vil dei kunna  koma opp i mellom 90 og 280 millionar kroner i 2020. Men dette er førebels svært usikre tal, presiserer universitetsdirektør Arne Benjaminsen i saksdokumenta til Universitetsstyret. 

Møtet i Universitetsstyret finn stad den 23. juni  frå klokka 10.00 til  16.00, og det skal haldast  på den digitale plattforma Zoom.

Dette er heile saklista:

Møte nr. 6/2020 i universitetsstyret

Møtet gjennomføres elektronisk på Zoom og vil bli streamet.

Tid og sted: 23. juni 2020 10:0016:00, Zoom

Saker til behandling i lukket møte

Ordinære saker


V-SAK 1 Godkjenning av dagsorden og habilitet


Saker til behandling i åpent møte

Ordinære saker


V-SAK 2 Virksomhetsrapport per 1. tertial 2020

Saksnr:

Forslag til vedtak:

  1. Styret tar virksomhetsrapporten for 1.tertial 2020 til etterretning
  2. Styret ber universitetsdirektøren straks igangsette en særskilt oppfølging av den økonomiske situasjonen ved Det odontologiske fakultet.

Saksdokumenter:


V-SAK 3 Fordeling 2021/2022

Saksnr. 2019/12930

Forslag til vedtak:

1. Universitetsstyret vedtar samlet fordeling av antatt statsbevilgning på 5,9 mrd. kroner (post 50) for 2021 i tråd med saksfremlegg med følgende presiseringer:

a) Det bevilges 55 mill. kroner til rehabilitering av Eilert Sunds hus i 2021, samt at tildelingen fra KD på 45 mill. disponeres til samme formål.

b) Behandlingen av de øvrige forslagene til nye prioriteringer utsettes til høsten 2020 som følge av økonomisk usikkerhet som følge av Covis-19 pandemien.

c) Forventet opptrapping av ABE-reformen med 0,5% er gjennomført som rammekutt ved enhetene.

Saksdokumenter:


V-SAK 4 Universitetet i Oslos studietilbud for studieåret 2021/2022

Saksnr. 2020/1996

Forslag til vedtak:

a)    Følgende studietilbud etableres ved omdisponering innenfor eksisterende ramme:  
•    Årsenhet i Øst-Europa-studier
•    Masterprogram i Museum, Heritage and Education Studies (fellesgrad)
•    Honours-programmet, studieretning i samfunnsvitenskap
•    Bachelorprogram i Teologi
•    Masterprogram i Teologi
•    Årsenhet i barn og unges læring og utvikling

b)    Følgende studietilbud etableres som eksternfinansiert studieprogram:  
•    Årsstudium i IT-arkitektur  
c)    Følgende studietilbud nedlegges:  
•    Masterprogrammet Avansert geriatrisk sykepleie
•    Masterprogrammet Avansert klinisk allmennsykepleie

d)    Universitetsstyret gir rektor fullmakt til å fordele nye studieplasser fra Kunnskaps-departementet samt til å fordele inntil 4 studieplasser til “Students at risk” høsten 2021.
e)    Universitetsstyret gir rektor fullmakt til å fastsette konkrete opptaksrammer for studieåret 2021/2022.  
f)    Universitetsstyret gir rektor fullmakt til å godkjenne søknader om eksterne midler til utvikling av fellesgrader og til å vedta etablering av slike studieprogram.  

Saksdokumenter:


V-SAK 5 Humaniorastrategi for UiO

Saksnr.

Forslag til vedtak:

Universitetsstyret vedtar ny Humaniorastrategi for Universitet i Oslo.

Saksdokumenter:


V-SAK 6 LINK-oppfølging av evaluering, forslag til ny organisering og videre satsing

Saksnr.

Forslag til vedtak:

  1. Styret vedtar nytt styringsreglement for LINK.
  2. Styret ber universitetsledelsen ta initiativ til å ferdigstille nødvendige avtaler mellom LINK og vertsfakultetet.
  3. Styret ber LINK utarbeide en strategi.

Saksdokumenter:


V-SAK 7 Retningslinjer for forvaltning av De Schreinerske samlinger

Saksnr. 2014/14476

Forslag til vedtak:

Universitetsstyret vedtar forslag til Retningslinjer for bruk og forvaltning av menneskelige levninger ved De Schreinerske Samlinger, Institutt for medisinske basalfag, Universitetet i Oslo.

Saksdokumenter:


V-SAK 8 Oppnevning av medlemmer til Skikkethetsnemnda

Saksnr. 2008/14503

Forslag til vedtak:

Universitetsdirektøren foreslår at følgende personer oppnevnes som medlemmer av Skikkethetsnemnda, hvilket er i tråd med Studentparlamentets forslag:

Alexander Sæthern (født 7. mail 1997) er masterstudent i rettsvitenskap (4. studieår).

Frida Rasmussen (født 5. august 1998) er student ved lektorprogrammet i Nordisk.

 

Studentrepresentantene oppnevnes for perioden 01.07.2020 – 30.06.2021.

Saksdokumenter


Orienteringssaker


O-SAK 1 Status for det forskningsetiske arbeidet ved UiO

Saksnr.

Saksdokumenter:


O-SAK 2 Vitenskapsombudets rapport for 2019

Saksnr.

Saksdokumenter:


O-SAK 3 Valg av representant med vararepresentanter fra gruppen midlertidig vitenskapelig personale til Universitetsstyret - Protokoll

Saksnr. 2010/5768

Saksdokumenter:


O-SAK 4 Studiestart og undervisning

Saken presenteres i møtet


O-SAK 5 Orienteringer fra universitetsdirektøren

Saksnr. 2008/3197

Saksdokumenter:


O-SAK 6 Årshjul for styresaker

Saksnr. 2014/2322

Saksdokumenter:


Saker til behandling i lukket møte

Ordinære saker


V-SAK 9 Godkjenning av søkekomite for rektorvalget 2021

Saken er utsatt.

Saksnr.

Saken er unntatt offentlighet etter offl. § 


V-SAK 10 Universitetssamarbeidet BOTT - samarbeid om administrative systemer: økonomi og lønn

Saksnr.

Saken er unntatt offentlighet etter offl. § 23.1 ledd


V-SAK 11 Tildeling av UiOs priser for forskning, utdanning, formidling og innovasjon 2020

Saksnr. 2020/1318

Saken er unntatt offentlighet etter offl. § 26.2 ledd


V-SAK 12 Tildeling av UiOs menneskerettighetspris - Lisl og Leo Eitingers fond 2020

Saksnr. 2020/1323

Saken er unntatt offentlighet etter offl. § 26.2 ledd


V-SAK 13 Tildeling av H.M. Kongens gullmedalje 2020

Saksnr. 2020/343

Saken er unntatt offentlighet etter offl. § 26.2 ledd


O-SAK 7 Eventuelt


V-SAK 14 Godkjenning av protokoll for inneværende møte

 

Emneord: Økonomi, Universitetsstyret, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 19. juni 2020 13:42 - Sist endra 19. juni 2020 13:42
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere