Alle UiO-tilsette som kan og vil, skal få jobba heimanfrå

– Me oppfordar alle einingar på UiO til å leggja til rette for heimekontor for dei tilsette som har høve til det. Det seier universitetsdirektør Arne Benjaminsen som i torsdag kveld sende ut ei påminning om dette til heile universitetssamfunnet.

Ein mann står ute på ein stor open plass

VIST STORT ANSVAR: Både studentar og tilsette har under heile perioden med pandemien vist stort ansvar for å fylgja smittevernreglar og koronatiltak, understrekar Arne Benjmaninsen. No oppfordrar han alle einingane til å leggja til rette for heimekontor for dei som kan og vil.

Foto: Ola Gamst Sæther

I Oslo har enno ikkje koronapandemien slept heilt taket og talet på smitta aukar dag for dag.  Det  får også ringverknader på UiO.  Torsdag kom det melding om åtte koronasmitta studentar  på Blindern Studenterhjem, noko som førte til at alle dei andre 200 som bur der også måtte i  karantene.

– Viktig at det blir eit forsvarleg arbeidsmiljø på UiO

Det får  universitetsdirektør Arne Benjaminsen til å mana til varsemd mellom dei 7000 tilsette og 28 000 studentane på Universitetet i Oslo for å gjera det dei kan for å forhindra smitte.   

– For oss er det viktig at det blir eit forsvarleg arbeidsmiljø på UiO, og at universitetet fungerer som ein ansvarleg institusjon. Derfor oppfordrar me alle einingane våre til å leggja forholda til rette for at tilsette kan jobba heimifrå.  Men me veit at mange også vil ha kontakt med det faste arbeidsmiljøet sitt, så me ber difor leiarar om å leggja opp til eit rotasjonssystem slik at det blir mogleg, understrekar Arne Benjaminsen. 

Han viser til at Oslo kommune har oppfordra alle som kan til å arbeida frå heimekontor, men også Kommunal- og moderniseringsdepartementet har bede statlege verksemder om å gjera det same.

 – Universitetet i Oslo vil også at dei som drar til den fysiske arbeidsplassen sin om å reisa i størst mogleg grad utanom rushtida om morgonen og ettermiddagen.  Både studentar og tilsette har under heile perioden med pandemien vist stort ansvar for å fylgja smittevernreglar og koronatiltak, understrekar Arne Benjmaninsen.  

Færre til stades på UiO denne hausten enn i eit normalår

For han og UiO er det viktig at det ikkje er for mange tilsette og studentar fysisk til stades på universitetet samtidig. 

– Og det er langt færre som er på arbeidsplassen sin eller på studieplassen sin denne hausten enn det som er vanleg i eit normalår, sjølv om me ikkje lenger kan måla nøyaktig kor mange personar som er her til ei kvar tid, konstaterer han. 

Arne Benjaminsen synest likevel universitetssamfunnet har fungert trass i  alle dei spesielle tiltaka som er sett i verk på grunn av koronapandemien.

– Det er viktig at flest mogleg fellesmøte vert avvikla digitalt slik at dei som jobbar heime, også kan delta.  Og eg vil be alle leiarar om å halda god kontakt også med dei arbeidstakarane som føretrekkjer å halda seg  på heimekontoret, seier Arne Benjaminsen. 

Gode sporingsordningar hos bydelsoverlegen

Han vil også gi honnør for innsatsen Studentsamskipnaden i Oslo (SiO) har gjort.

– Dei har sett opp ein teststasjon for Covid-19 midt på Blindern, som både studentar og tilsette kan bruka. Det går raskt å ta ein test, og stasjonen har stor kapasitet.  Me har også eit godt samarbeid med bydelsoverlegen i Nordre Aker. Han har gode sporingsordningar, i tilfelle der studentar eller tilsette er smitta av koronaviruset, synest Arne Benjaminsen.

– Viktig med fleksibilitet

– No er det viktig med fleksibilitet både når det gjeld kvar dei tilsette jobbar og når det gjeld arbeidstida. Og leiarane må innføra ei rotasjonsordning, dersom fleire har lyst til å kombinera heimekontor med å vera fysisk til stades på arbeidsplassen,  er oppfordringa frå universitetsdirektør Arne Benjaminsen.

– Ordlyden er kjempefornuftig

Hovudverneombod Hege Lynne stiller seg fullt og heilt bak bodskapen i meldinga frå universitetsdirektør Arne Benjaminsen til universitetssamfunnet.

– Eg synest ordlyden i denne teksten er kjempefornuftig. Den understrekar at det skal leggjast til rette for heimekontor for dei tilsette, dersom det er mogleg.  Det er den næraste leiaren som skal avgjera det, men det skal skje i samråd med den tilsette, slår ho fast.

Det er også viktig  for henne at det blir lagt til rette for fleksible ordningar både når det gjeld arbeidstid og arbeidstad, slik at alle føler at dei får gjort jobben sin på ein best mogleg måte.

– Det er grunnen til at det må kunne  etablerast ei ordning der dei som må vera på kontoret for å få gjort arbeidsoppgåvene sine, får høve til det. 

Føreslår ei rotasjonsordning

Hege Lynne trekkjer fram at mange arbeidstakarar ikkje kan jobba heimifrå.

– Det er ikkje mogleg å  driva reinhaldet av UiO heimanfrå, og heller ikkje laboratoriearbeid eller mange tekniske oppgåver, viser ho til.

– Men  viss det er nokon som ynskjer å kunna veksla mellom kontoret på universitetet og heimekontoret, må det vera mogleg å få til det gjennom ei rotasjonsordning mellom dei tilsette, seier Hege Lynne.

Heilt til slutt kjem ho med ei formaning.

– Det er viktig at arbeidstakaren opplever at han eller ho har det trygt og sikkert der han eller ho utfører arbeidsoppgåvene sine.

 

Emneord: Koronavirus, Koronaviruset, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 10. okt. 2020 00:05 - Sist endra 10. okt. 2020 00:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere