Det var to alvorlege menn og to alvorlege kvinner som stod framfor pressekorpset og skulle fortelja om sine inntrykk av spreiinga av koronasmitte blant unge vaksne dei siste dagane.
I universitetsbyane Oslo, Bergen og Trondheim er det først og fremst uoffisielle festar og samlingar etter dei offisielle faddevekearrangementa som har fått den hardaste medfarten. Resultatet så langt er at ein student ved Universitetet i Bergen og ein student ved NTNU er blitt smitta dei siste dagane.
– Handlar om liv og død
Helse- og omsorgsminister Bent Høie såg svært alvorleg på dette.
– Om smitten aukar mykje, må me stengja landet igjen. Ingen unge vil det. Mange veit ikkje at dei har koronaviruset og spreier det utan å vita det. Du kan i verste fall senda vennene dine til sjukehus. Og du risikerer at institusjonen du studerer ved må stengja dørene. Og om du ikkje vaskar hendene, kan dine venner og familien din bli smitta. Det handlar om liv og død. Ein einaste person kan spreia smitten til mange. Og ein einaste person kan stansa smitten, konstaterte han.
• Les i Uniforum: Byrådsleiaren trugar med å avlysa faddervekene i Oslo
– For mange folk og for kort avstand
Høie var tydeleg skuffa over det som skjedde både før helga og byrjinga av denne veka. Då blei det rapportert om mange private festar på Oslo vest og for stor utgliding av smittevernreglane på ein fest i Frognerparken med studentar som hadde deltatt på fadderarrangement.
– Det ser ut som om unge i 20-åra har gløymt råd og reglar. Dei blir smitta på festar med for mange folk og for kort avstand. Mange fryktar me skal mista det me vann på tronge dansegolv i overfylte husvære, åtvara han.
Ikkje aktuelt å stengja universitet og høgskular
Forsking og høgare utdanningsminister Henrik Asheim var likevel klar på at det ikkje er snakk om å gå tilbake til tida då Noreg blei heilt stengt.
– Å stengja ned universitet og høgskular er ikkje aktuelt no. Derfor er det viktig med denne pressekonferansen der me oppfordrar alle til å halda smittevernreglane., sa Henrik Asheim.
Han viste til at i den komande veka vil over ein million nordmenn venda tilbake til skular, fagskular og universitet. Og han understreka kor viktig det første møtet med studiestaden er for dei nye studentane.
– Det kan vera småskummelt for dei fleste å ikkje kjenna nokon. Derfor er det viktig med diskusjonen rundt fadderveka. Inntrykket mitt er at mange er godt førebudde. Mange reglar blir likevel brotne. Eg forstår at mange unge er leie at av dei ikkje kan vera saman med andre unge. Festing og nachspiel er morosamt, men ikkje når folk blir sjuke, var formaninga han kom med.
Vil ikkje avlysa faddervekene
– Det er uaktuelt å avlysa faddervekene. Fadderarrangementa som blir arrangert i regi av institusjonane og studentorganisasjonane har vore bra og har halde seg godt innanfor smittevernreglane. Men omsynslause festar som me ser etterpå, må opphøyra med ein gong, sa Henrik Asheim.
Kunnskapsminister Guri Melby kom samtidig med ei oppfordring til alle kommunane om å halda både barnehagar og skular opne trass i lokale utbrot av korona nokre stader.
Og skuledagen vil bli annleis både for barn og foreldre.
– Årets førsteklassingar kan ikkje handhelsa på rektor på første skuledag, og me foreldre kan ikkje fylgja barna inn i klasserommet. Kommunar må gjera alt dei kan for å halda barnehagar og skular opne, var tilrådinga hennar.
Avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet opplyste at alle som vil, no kan testa seg.
– Frå 12 august kan alle som ynskjer å testa seg for covid-19, gjera det utan eit pålegg frå legen. Koronatesting er gratis, og du får svar to, tre dagar etterpå, fortalde ho.
Skulestart vil gå som normalt, men på gult nivå. Det vil seia at klassane er like store som før, men klassane kan ikkje ha kontakt med kvarandre.
Kjem truleg tilråding om bruk av munnbind
– Det kjem truleg eit pålegg om bruk av munnbind i kollektivtransporten frå Folkehelseinstituttet på fredag. Me har vore i møte med byrådsleiar Raymond Johansen om det. Ein praktisk ting er at det må vera nok søppelspann til å kasta munnbinda i etter bruk, sa Bent Høie.
– Folk bør også unngå å bruka kollektivtransport i rushtida slik at skuleelevar og folk med samfunnskritiske stillingar kan koma seg fram, la han til.
Førstkomande fredag skal også forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim ha eit nasjonalt møte for alle rektorane ved dei høgare utdanningsinstitusjonane.
Ulovleg å drikka alkohol i parkane
Og helse- og omsorgsminister Bent Høie fekk også spørsmål om Oslopolitiet kunne slå ned på bruk av alkohol i parkane.
– Ja, det er ulovleg. Så skal politiet i Oslo vurdera om det skal prioriterast å gripa inn mot dette fordi det kan utarta til vidare festing, sa Bent Høie.
Han kom også med eit råd til dei unge som hadde problem med å vurdera om dei skulle ta nærare kontakt med ein annan person dei likte på ein fest.
– Dei kan forelska seg i den personen dei er heilt sikre på at dei vil vera forelska i gjennom heile pandemien. Men det er ikkje greitt om dei er i tvil og berre vil forelska seg i den personen for ein kveld og i ein ny person neste kveld, sa han smilande.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere