Byrådsleiaren trugar med å avlysa faddervekene i Oslo

Byrådsleiar Raymond Johansen trugar med å avlysa faddervekene og vil be politiet om å slå hardare ned på drikking i parkar. Det slo han fast på ein pressekonferanse i ettermiddag. 

Ein mann sit framfor ein vegg med logoen til Oslo kommune

UTGLIDINGA: – Det er viktig å få sett ein stoppar for den utglidinga me har sett til no, slår Raymond Johansen fast på ein pressekonferanse i ettermiddag. 

Foto: Skjermfoto/Oslo kommune

I dag kom det melding om at ein student ved Universitetet i Bergen og ein student ved NTNU er testa positivt på koronaviruset. Begge hadde deltatt på faddersamlingane på dei to institusjonane. I dag kom det meldingar om storstilt festing i Frognerparken av opptil tusen studentar som hadde samla seg der etter fadderarrangement på universiteta i hovudstaden.

Vil stoppa utglidinga

No trugar byrådsleiar Raymond Johansen med å avlysa faddervekene i Oslo og han vil be politiet om å slå endå hardare ned på drikking i parkar.

– Eg trur fadderarrangementa på universiteta er svært viktig. Me ynskjer inga heksejakt på unge vaksne. Dei har vore veldig flinke til å ta koronatiltaka alvorleg, understrekar han.   

– Det er viktig å få sett ein stoppar for den utglidinga me har sett til no, slår Raymond Johansen fast.

Førebels er det ikkje meldt om at studentar på Universitetet i Oslo har fått koronasmitte etter å ha deltatt på fadderarrangement.

To koronasmitta studentar ved UiB og NTNU

Det er likevel tilfellet ved Universitetet i Bergen og ved NTNU i Trondheim. 

Studenten på UiB er sett i isolasjon, opplyser universitetet i ei pressemelding. (https://www.uib.no/korona/137422/student-ved-uib-har-testa-positivt-p%C3%A5-korona) Nærkontaktar og faddergruppa studenten har delteke i er varsla og sett i karantene med umiddelbar virkning. Bergen kommune er varsla og samarbeider med UiB om smittesporing og oppfølging, går det fram av pressemeldinga.

- Det dreier seg om ein student ved fakultet for Det samfunnsvitskaplege fakultet, seier Oddrun Samdal, viserektor for utdanning ved UiB. Ho stadfester at studenten har delteke på fadderarrangement i mellom anna Nygårdsparken, men har fått stadfesta at den aktuelle faddergruppa har overhalde gjeldande smittevernreglar og heller ikkje blanda seg med andre faddergrupper.

Hos NTNU i Trondheim er det ein student ved Fakultetet for samfunns- og utdanningsvitskap som har fått koronasmitte. Det fører til at heile fadderutvalet ved fakultetet no er sett i karantene, opplyser konstituert dekan Tina Arntzen Helstbekk til Adressavisen. Fleire arrangement vert no kansellerte.

Ynskjer munnbind i kollektivtrafikken

Ifylgje VG har også  byrådsleiar Raymond Johansen ei klar haldning til regjeringa når det gjeld koronatiltak i kollektivtrafikken.

– Vår haldning er klar.Me ynskjer sterkt at det kjem ei nasjonal tilråding om munnbind på kollektivtransporten, seier Raymond Johansen til VG.

Meir koronatesting - også på Blindern

Byrådsleiaren lovar også eit betre system for koronatesting i Oslo.

– Me opplever auka smitte og spreiing av koronavirus i Oslo. Derfor aukar me kapasiteten på koronatelefonen, på teststasjonane, med smitteoppsporing og informasjon til Oslos innbyggjarar. Me førebur oss på ein situasjon der smitte og spreiing kan svinga mykje,seier byrådsleiar Raymond Johansen i ei pressemelding.

På Universitetet i Oslo tilbyr no Studentsamskipnaden (SiO) koronatesting for alle studentar som dei har registrert. Testinga går føre seg på ei eiga brakke på Frederikkeplassen.  Det går fram av informasjon på nettsidene til SiO. Dei som skal møta opp der, må  ha ein avtale på førehand. 

 

 

Emneord: Koroanviruset, Studentforhold, Studentsaker Av Martin Toft
Publisert 11. aug. 2020 15:31 - Sist endra 11. aug. 2020 15:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere