Raymond Johansen vil ha digital undervisning på alle dei høgare studiestadene i Oslo

Byrådsleiar Raymond Johansen ber alle dei høgare studiestadene i Oslo om å innføra digital undervisning.  – UiO har mesteparten på plass allereie, seier rektor Svein Stølen,

Ein mann sit og snakkar på ein pressekonferanse

VIL HA FOLK HEIME: Byrådsleiar Raymond Johansen vil at studentar skal ha digital undervisning medan alle arbeidstakarar som kan, jobbar heimanfrå.  

Foto: Skjerdump frå Oslo kommunes nettside

Frå torsdag 29. oktober klokka 12.00 innfører Oslo endå strengare tiltak for å hindra spreiing av koronasmitte blant dei 700 000 innbyggjarane.  No skal det ikkje berre bli påbode å bruka munnbind i kollektivtrafikken, men også på daglegvarebutikken, butikksenter og andre stader inne der det er vanskeleg å halda den tilrådde avstanden på 1 meter. 

Bad folk om å arbeida heimanfrå

Under dagens pressekonferanse kom også byrådsleiar Raymond Johansen med ei oppfordring til alle dei høgare lærestadene i hovudstaden. 

– Studiestadene må innføra digital undervisning i alle situasjonar der det er mogleg, sa byrådsleiaren.  Samtidig bad han alle som kan gjera arbeidsoppgåvene sine heime, om  å gjera det. 

– Kvar dag ser me ei lang kø med bilar og bussar med folk som drar på jobb i Oslo. Det viser at det no er ganske mange som har begynt å møta opp på arbeidsplassen sin i staden for å arbeida heimanfrå, hadde han registrert. 

Oppfordra folk til å utsejta bryllaup og konfirmasjon

Han rådde kvar person til ikkje å ha kontakt med fleire enn ti personar i løpet av ei veke.  Og det blir forbode å ha samlingar på meir enn 20 personar utan at kvar person har ein fast sitjeplass. 

– Dei som har planlagt bryllaup, konfirmasjon eller andre festar, bør utsetja dei, sa Raymond Johansen.  For utelivet var bodskapen at dei no ikkje kan sleppa inn nye gjestar etter klokka 22.00. Og så vil skjenkinga vera over ved midtnatt, slik som i dag. – Skular og barnehagar vil framleis vera opne som i dag, fortalde han. Men han etterlyste også ein koronatest på Gardermoen av alle arbeidsreisande som kjem frå Polen og andre land i Europa med mykje koronasmitte. 

– Mesteparten har me på plass

UiO-rektor Svein Stølen hadde også blitt oppdatert på bodskapen frå byrådsleiar Raymond Johansen då Uniforum snakka med han kort tid etterpå. – Mesteparten av det som han snakka om, har me allereie på plass, understreka Stølen. Då peika han både på digital undervisning og på høvet dei tilsette har til å jobba heimanfrå. 

– Nokre er leie av restriksjonane, medan andre er engstelege. Men me må alle likevel fylgja desse retningslinjen, slår Svein Stølen fast. 

Akkurat no er han mest uroleg for konskevensane dette får for læringsmiljøet til studentane. 

– Me skal ta ei vurdering av dette fram til torsdag klokka 12.00, seier han.

Stølen peikar på at studentane er ei kjenslevar gruppe

– Det kan vera at mange av dei kjem frå andre kantar av landet og ikkje kjenner andre enn medstudentane.  Det er viktig at desse tiltaka ikkje får for store konsekvensar for studentane, understrekar han.

• Les også i Uniforum: – Det blir hovedsakelig hjemmeeksamen på UiO

Svein Stølen peikar på at desse synspunkta byggjer på pressekonferansen til Raymond Johansen. Seinare i ettermiddag skal han fylgja med på pressekonferansen til regjeringa, Helsedirektoratet og Folkehelseinstiutttet. 

 

 

Emneord: Koronavirus, Koronaviruset Av Martin Toft
Publisert 26. okt. 2020 16:10 - Sist endra 26. okt. 2020 16:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere