Studentar i India protesterer mot at 100 millionar kan mista stemmeretten

Før helga var det store demonstrasjonar i India mot den nasjonale valkommisjonen fordi den vil fjerna namna på døde veljarar og andre utan stemmerett. Dei som protesterer meiner det blir brukt som påskot til å fjerna 100 millionar levande veljarar, fortel India-forskarane Jorine van der Horst og Kenneth Bo Nielsen. 

SOLIDARITET MED AKADEMIA I INDIA: – Det hadde vore veldig bra om me kunne fått veldig klare solidaritetserklæringar frå høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg. Dei må insistera på vern av akademisk fridom, vern av studentar og rom for høgare utdanning, seier India-forskar Kenneth Bo Nielsen. Her står han saman med India-forskar Jorine van der Horst. 

Foto: Martin Toft

I sommar protesterte studentar i Kolkata i Vest-Bengal mot forslaget frå førsteminister Suvendu Adhikari om å påleggja vitskaplege tilsette ved byuniversiteta å ta seg jobb på universitet langt ute på landsbygda. Demonstrantane meinte at dette var eit brot på den akademiske fridomen.

Les i Uniforum:

UiO-forskarar slår alarm etter at indisk delstat vil flytta brysame forskarar ut på landsbygda

– Ber leiaren for valkommisjonen om å gå av

No protesterer studentane i India igjen over heile landet. Denne gongen har dei også fått med seg fagforeiningar og opposisjonspolitikarar. Sinnet er no retta mot den nasjonale valkommisjonen og leiaren Ganesh Kumar.

India-forskar Jorinde van der Horst frå Centre on Social Movement Studies (Cosmos) i Firenze i Italia var i byen Jaipur i sommar, og kunne observera protestane den gongen på nært hald. Ho samarbeider med India-forskar Kenneth Bo Nielsen, førsteamanuensis  på Sosialantropologisk institutt ved UiO.

– Denne gongen er dei største demonstrasjonane i hovudstaden Delhi, og dei krev at leiaren for valkommisjonen må gå av. Dei meiner at arbeidet med å fjerna opptil 100 millionar veljarar, har å gjera med å leggja forholda endå betre til rette for det regjerande hindunasjonalistiske partiet BJP og statsminister Narendra Modi. For fleirtalet av dei som blir fjerna frå manntalet, er anten muslimar eller andre sosioøkonomiske marginaliserte grupper som vil vera mest tilbøyelege til å stemma på opposisjonen, fortel ho.

– Ein kritikk av styret til Narendra Modi

Kenneth Bo Nielsen fortel at regjeringa no har utstasjonert 32 000 politifolk i Delhi.

– Demonstrasjonane har utvikla seg til å bli ein kritikk mot det autoritære og undertrykkande styret til BJP og statsminister Narendra Modi, seier han. 

Han peikar på at valkommisjonen opplyste at dei hadde fjerna 130 millionar personar frå valmanntalet. 

– Det kan vera at nokre av dei er døde, slik dei sa, men i alle fall 100 millionar av dei er høgst oppegåande personar som har mista stemmeretten sin. Det er fleire enn alle veljarane i Frankrike og Tyskland til saman, understrekar han.

– Også opposisjonen mobiliserer

I sommar var Jorinde van der Horst i Jaipur i India. Også då var det store protestar i Delhi.

– Då samla alle demonstrantane seg på plassen Jantar Mantar. Der samla dei seg til sveltestreikar og til store møte, og det kom fleire og fleire folk dit for å protestera. Då tolererte styresmaktene det. No slår styresmaktene ned på dei, og dei stengjer fleire og fleire plassar der folk kan samla seg for å protestera. Sist helg såg me også ei ny utvikling. For no mobiliserer også opposisjonen med Kongresspartiet i spissen og deltar i protestane, fortel van der Horst.

Hald deg oppdatert! Motta Uniforums nyhendebrev

Ber om solidaritetserklæringar 

Kenneth Bo Nielsen meiner at det er viktig at akademia i Noreg, i Europa og i resten av verda også reagerer.

India:

Hovudstad: Delhi

Verdas mest folkerike land med over 1,4 milliardar innbyggjarar (2024)

Statsminister: Narendra Modi frå Det hindunasjonalistiske partiet BJP

President: Droupadi Murmu

Landareal: 2 973 190 kvadratkilometer

Aktuelt:

 Studentar protesterer mot den nasjonale valkommisjonen fordi den vil fjerna namna på døde veljarar eller andre utan stemmerett. Så mange som 100 millionar levande veljarar kan mista stemmeretten, fryktar dei. 

Indias statsminister Narendra Modi var på besøk i Noreg i mai, og Noreg og India har inngått ein frihandelsavtale som fjernar 90 prosent av all toll på eksport og import av varer mellom dei to landa.

(Kjelder: Arild Engelsen Ruud, Kenneth Bo Nielsen, Jorine van der Horst, Store norske leksikon, regjeringa)

 

– Grunnen til at me går ut i Uniforum, er at dette også gjeld studentar i høgare utdanning. Det gjeld kollegaene våre i indisk akademia som lever i ei tid der moglegheita deira til å utøva fri og open forsking blir undergrave kvar einaste dag. Dei kan heller ikkje skaffa seg den kunnskapen dei treng, for læreplanane blir endra heile tida, konstaterer han.

– Korleis kan me gjera noko med dette herifrå?

– Det hadde vore veldig bra om me kunne fått veldig klare solidaritetserklæringar frå høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg. Dei må insistera på vern av akademisk fridom, vern av studentar og rom for høgare utdanning, føreslår han.

For vel eitt år sidan inngjekk Noreg og India ein frihandelsavtale. Liknande avtalar har India også etablert med EU.

– I desse dokumenta vert det opna eit nytt rom, for der står det ganske klart at det må visast respekt for grunnleggjande demokratiske fridomar. For å visa at me meiner dette, bør det også vera tema i dei samtalane Noreg og andre land har med India, synest Kenneth Bo Nilsen.

«Dei er unge og dei veit kva dei gjer»

Jorinde van der Horst trur også at folk flest i India ser med  sympati på dei unge som protesterer. Ein reporter spurte nokre av dei som stod og såg på, kva dei tykte om demonstrantane. 

– Dei er unge, og dei veit kva dei gjer. Om dei ikkje hadde nokon grunn til å gjera det, ville dei ikkje ha protestert, var svaret reporteren fekk, seier van der Horst.

Rett før helga planla demonstrantane ein spesiell aksjon i Delhi. 

– Planen er at dei skal gå inn i sentrum av hovudstaden og veiva med det indiske flagget på mange ulike stader. Om dei då blir arresterte, vil dei spørja styresmaktene om når det blei eit brotsverk å veiva med Indias flagg, fortel ho.

 

Les meir i Uniforum:

UiO-forskarar slår alarm etter at indisk delstat vil flytta brysame forskarar ut på landsbygda

– Regjeringa i India vil ikkje ha kritikk av kastesystemet eller kvinnepolitikken

Indias opposisjonsleiar på UiO: – Eg vil redda Indias demokrati

Norsk protestaksjon mot India spreier seg til Danmark og Sverige

Dei protesterer mot åtaka på universitet i India

Emneord: India, Akademisk fridom Av Martin Toft
Publisert 23. okt. 2026 09:00 - Sist endra 23. okt. 2026 10:20

Logg inn for å kommentere