Norsk protestaksjon mot India spreier seg til Danmark og Sverige

Danske og svenske akademikarar blir også med på underskriftsaksjon i protest mot åtaka på indiske universitet. Det opplyser ein av initiativtakarane, UiO-forskar Kenneth Bo Nilsen.

Administrasjonsbygningen til Jawarharlal Nehru University i New Delhi i India

ÅTAK: No protesterer studentar og akademikarar frå heile verda på grunn av valdelege åtak mot Jawarharlar Nehru University (biletet) og andre indiske universitet. Etter at India-ekspertar i Noreg tok initiativ til ei støttererklæring for indiske universitet., har også akademikarar frå Sverige og Danmark blitt med. 

Foto: Jawarharlal Nehru University

Det var måndag denne veka Uniforum først skreiv om dei norske India-ekspertane som har sett i gang ein underskriftsaksjon i protest mot at væpna grupper i India har gått til åtak på universitet og banka opp studentar og akademikarar. 

• Les i Uniforum: Dei protesterer mot åtaka på universitet i India

Over 100 akademikarar  i Noreg har skrive under så langt. No får dei med seg akademikarar frå andre nordiske land på aksjonen.

For også akademikarar i Danmark og Sverige ynskjer å delta i underskriftsaksjonen som akademikarar i Noreg tok initiativet til. Det fortel førsteamanuensis i sosialantropologi Kenneth Bo Nielsen ved Universitetet i Oslo. 

Protestar på universitet i India

10. januar: Norske akademikarar set i gang ein underskriftsaksjon i protest mot åtaka på dei indiske universiteta.

5. januar: 50 personar væpna med køller og jernstengjer går til åtak på studentar og akademikarar på Jawarharlal Nehru University  i New Delhi.  30 personar blei skadde.

To andre universitetet Jamia Millia Islamia og Aligarh Muslim University har tidlegare også blitt angripne av ei liknande gruppe.

Bakgrunn: Det er to hovudgrunnar til protestane: Auken i studieavgifta og endringa i statsborgarlova som gjer det mogleg for alle flyktningar frå nabolanda, unntatt muslimar å få indisk statsborgarskap.

Studentane som er blitt utsette for valden skuldar studentorganisasjonen til regjeringspartiet Janata for å stå bak. Den avviser skuldinga og hevdar ein venstreorientert studentorganisasjon har iscenesett konfrontasjonen.

Finansminister Nirmala Sitharaman fordømmer utan atterhald dei valdelege hendingane på  Nehru-universitetet I New Delhi der ho sjølv var student.

(Kjelder: BBC, The Guardian, India-ekspertane Arild Engelsen Ruud, Kenneth Bo Nielsen og Alf Gunvald Nilsen)

 

121 akademikarar frå Norden har skrive under

– Sjølv om me akademikarar i Noreg var seint ute med ein underskriftsaksjon samanlikna med andre land i verda, var me likevel raskare enn akademikarar i Danmark og Sverige. Først blei me kontakta av ein kollega ved Københavns Universitet som ville skriva under. Seinare har mellom 15 og 20 andre danskar og svenskar frå Århus Universitet, Lunds universitet, Stockholms universitet, Uppsala universitet og Svenska Landbruksuniversitetet (SLU) skrive under på støtteerklæringa vår, fortel han til Uniforum. 

Brevet sin opphavlege ordlyd er uendra.

- Me har berre lagt til ein tekst om at det også er mogleg for akademikarar frå andre nordiske land å skriva under på støtteerklæringa, seier Kenneth Bo Nielsen.

Den siste oppteljinga viser at 121 personar har skrive under,  mellom 15 og 20 av dei kjem frå svenske og danske universitet, medan dei over 100 andre kjem frå norske utdanningsinstitusjonar.

Studentleiar skadd

Bakgrunnen for oppropet er altså åtaka på indiske universitet.

Eit av universiteta som blei utsett for ein valdeleg aksjon, var Jawarharlal Nehru University i hovudstaden New Delhi. Der protesterte studentar frå ein venstreorientert organisasjon mot den varsla auken i studieavgifta då dei blei angripne av nærare 50 bøller væpna med køller og jernstenger. Studentleiaren  Aishe Ghosh  var ei av dei som blei skadd, og ho måtte sy 16 sting etter hovudskader.

Leiarane for demonstrasjonen skulda studentorganisasjonen til det regjerande Janata-partiet for å stå bak, noko leiarane for den organisasjonen tok sterk avstand frå. Dei meinte derimot at den venstreorienterte studentorganisasjonen hadde iscenesett heile konfrontasjonen. 

Det er likevel fleire som lurer på korleis ei væpna gruppe så lett kunne koma forbi vaktene og politiet og sleppa inn på universitetsområdet. Vanlegvis må alle visa fram identitetspapira sine for å koma inn på universitetsområdet. Tidlegare har også dei to universiteta Jamia Millia Islamia og Aligarh Muslim University blitt angripne. Der var det protestar mot endringa i statsborgarlova som vil gjera det mogleg for alle flyktningar frå nabolanda, med unntak av muslimar, å få indisk statsborgarskap.

Finansministeren fordømte åtaka

Internasjonalt har mange protestert mot den brutale framferda mot studentane og akademikarane og mot at politiet ikkje greip inn. Også finansminister  Nirmala Sitharaman fordømte bruken av vald mot studentar og akademikar på Nehru-universitetet sundag 5. januar.Der har ho sjølv tidlegare vore student.

Denne veka blei det også rapportert om at politiet hadde tatt seg inn på handelshøgskulen, Indian Institute of Management i Amhedabad som blei grunnlagt av Indias frigjeringshelt Mahatma Gandhi og universitetet Gujarat Vidyapit, melder Deccan Herald  Den første staden hadde dei eit møte til forsvar for demokratiet og  på den siste staden sende dei opp dragar med slagord mot dei føreslegne endringane i statsborgarlova. 

Tar i bruk forordet i den indiske grunnlova

Akademikarane i Noreg sa til Uniforum tidlegare denne veka at dei meiner det no er viktig å argumentera mot at vald og politivald vert brukt mot lovlige demonstrantar og opposisjonelle. Det vil dei gjera ved å ta i bruk forordet i den indiske grunnlova.

– Der går det fram at alle har rett til å både å demonstrera, seia, skriva og meina det dei vil. No kan folk protestera mot regjeringa gjennom å lesa opp forordet frå grunnlova, slo  professor Arild Engelsen Ruud fast i Uniforum.

Internasjonale protestar

Den siste aksjonen mot hovudstadsuniversitetet Jawarharal Nehru University har fått heile det internasjonale akademiske miljøet til å reagera mot indiske styresmakter.

 – Me kom eigentleg litt seint i gang samanlikna med dei. I protesten vår peikar me på at universiteta skal vera fristader for engasjement og aktvisme. Vald og tvangsmakt høyrer ikkje heime på universitet, som skal vera trygge og frie arenaer for læring, kritisk meiningsutveksling, og demokratisk politisk aktivitet, står det i det opne protestbrevet.

Dei har også bede indiske styresmakter om å sikra den grunnlovsfesta retten studentar og tilsette har til å delta i  ein fredeleg politisk protest. Underskrivarane ber om at den retten også blir oppretthalde i den turbulente politiske perioden som det indiske demokratiet no går gjennom.

Indias ambassade og Iselin Nybø har ikkje svart

Uniforum har også bede om ein kommentar frå Indias ambassade i Noreg til underskriftsaksjonen mot åtaka på universiteta. Så langt har me ikkje fått noko svar.

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø leier neste månad ein delegasjon med folk frå norske forskingsinstitusjonar til India. Dei skal besøkja både hovudstaden New Delhi og storbyen Chennai i delstaten Tamil Nadu. Uniforum har i fire dagar venta på svar frå henne om ho vil ta opp dei væpna åtaka mot universiteta med indiske styresmakter. 

 

Emneord: India, Akademisk frihet, Menneskerettar Av Martin Toft
Publisert 16. jan. 2020 04:30 - Sist endra 16. jan. 2020 10:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere