Dei protesterer mot åtaka på universitet i India

For ei veke sidan tok 50 maskerte menn væpna med jernstenger og køller seg inn på universitetet Jawarharlal Nehru University i den indiske hovudstaden Delhi. 30 studentar og akademikarar blei skadde. Akademikarar i Noreg har no sett i gang ein protestaksjon.

 Ei kvinne og tre menn står og ser mot kameraet

AKADEMISK PROTEST: Dei protesterer mot åtaka på studentar og akademikarar på tre universitet i India.  No har dei sett i gang ein underskriftsaksjon. F.v. Gudrun Cecilie Eikemo Helland, Arild Engelsen Ruud, Kenneth Bo Nielsen og Alf Gunvald Nilsen.

Foto: Ola Gamst Sæther

Ei av dei som fekk merka valden var Aishe Ghosh som har leia studentdemonstrasjonane i Delhi. Ho måtte sy 16 sting i etter skader i hovudet,, melder The Guardian og BBC. Politiet sette henne likevel på ei liste over personar som er etterlyste for å ha drive med hærverk og øydeleggingar av datautstyr på universitetsområdet.

100 personar har skrive under på protest

Åtaket på studentar og akademikarar på Jawarharlal Nehru University har no fått akademikarar i Noreg til å protestera. På initiativ frå professor Alf Gunvald Nilsen ved Institutt for sosiologi ved University of Pretoria (tidlegare UiB og UiA) med støtte frå professor Arild Engelsen Ruud ved IKOS på UiO og førsteamanuensis Kenneth Bo Nielsen ved Sosialantropologisk institutt (UiO) og redaksjonsmedlem Gudrun Cecilie E. Helland i nettavisa asiapunkt.no, har dei sett i gang ein underskriftsaksjon på nettet.

Så langt har over 100 personar skrive under protesten. Jawarharlal Nehru University er det tredje universitetet som er blitt angripe i løpet av kort tid. Dei to første var Jamia Millia Islamia og Aligarh Muslim University.

PRESTISJETUNGT: Jawarharlar Nehru University er eit av dei mest prestisjetunge universiteta i India.No protesterer studentar og akademikarar på grunn av valdelege åtak mot både dette universitetet og to andre indiske universitet.

 

Aksjonar mot auka studieavgifter og ny statsborgarlov

Jawaharlal Nehru University er det mest prestisjetunge universitetet som er blitt utsett for åtak frå væpna grupper sidan august i fjor, skriv både The Guardian og BBC.

Protestar på universitet i India

10. januar: Norske akademikarar set i gang ein underskriftsaksjon i protest mot åtaka på dei indiske universiteta.

5. januar: 50 personar væpna med køller og jernstengjer går til åtak på studentar og akademikarar på Jawarharlal Nehru University  i New Delhi.  30 personar blei skadde.

To andre universitetet Jamia Millia Islamia og Aligarh Muslim University har tidlegare også blitt angripne av ei liknande gruppe.

Bakgrunn: Det er to hovudgrunnar til protestane: Auken i studieavgifta og endringa i statsborgarlova som gjer det mogleg for alle flyktningar frå nabolanda, unntatt muslimar å få indisk statsborgarskap.

Studentane som er blitt utsette for valden skuldar studentorganisasjonen til regjeringspartiet Janata for å stå bak. Den avviser skuldinga og hevdar ein venstreorientert studentorganisasjon har iscenesett konfrontasjonen.

Finansminister Nirmala Sitharaman fordømmer utan atterhald dei valdelege hendingane på  Nehru-universitetet I New Delhi der ho sjølv var student.

(Kjelder: BBC, The Guardian, India-ekspertane Arild Engelsen Ruud, Kenneth Bo Nielsen og Alf Gunvald Nilsen)

Fleire samfunnstoppar i India, også finansministeren, har utdanninga si frå det universitetet. I heile landet har studentar engasjert seg mot endringane i statsborgarlova, som opnar for å gi alle flyktningar indisk statsborgarskap, så sant dei ikkje er muslimar. Ein varsla auke av studieavgiftene er ein annan grunn til at studentar og akademikarar går ut på gatene for protestera.

– Studentane og akademikarane på dette universitetet har hatt eit godt ord på seg i heile India. Det er eit av dei universiteta som har klart å riva ned skiljelinjene mellom dei som kjem frå lågstatuskastar og dei som kjem frå høgare kastar. Signalet statsminister Narendra Modi no sender, er at ingen kan kjenna seg trygge frå å bli utsett for åtak frå desse bøllene, heller ikkje dei som held til på Jawarharlal Nehru University, fortel Alf Gunvald Nilsen. 

 

 Han peikar på at statsminister Narendra Modi har klart å tilsetja ein universitetsadministrasjon som har masse sympati for han.

– Derfor rettar protestane etter aksjonen seg mot både mot universitetsadministrasjonen og rektor Jagadish Kumar, fortel Alf Nilsen.

Professor Arild Engelsen Ruud gir også den indiske innanriksministeren Amit Shah frå regjeringspartiet Bharatiya Janata Party (BJP) ein stor del av skulda for dei valdelege konfrontasjonane.

 – Han eig ikkje respekt for lova som seier at det finst grenser for kva politikarar kan gjera. På dette universitetet ser det ut som om administrasjonen er alliert med regjeringspartiet, konstaterer han.

Skuldar regjeringspartiet sin studentorganisasjon for å stå bak

 Kenneth Bo Nielsen forstår godt at mange stiller spørsmål ved korleis dei valdelege bøllene klarte å koma seg inn på campus for å banka opp studentar som låg på romma sine.

 – Campusområdet er vanlegvis godt vakta av vakter og politi som ber alle som skal innanfor universitestsområdet om å visa identitetspapir. Kvifor slepte dei då likevel ei gruppe på over 50 væpna og maskerte menn inn på området utan at dei måtte visa identitetspapir? spør han. Og det er nettopp det som får mange i India til å spørja seg om regjeringsparitet hadde noko med dette å gjera. Derfor gir dei skulda til studentorganisasjonen til regjeringspartiet BJP, ABVP. Men den organisasjonen hevdar at heile aksjonen var iscenesett av den venstreorienterte studentorganisasjonen.

– Det er likevel underleg at politiet og vaktene ikkje prøvde å hindra dei væpna bøllene å koma inn, konstaterer Kenneth Bo Nielsen.

Akademikarane i Noreg meiner det no er viktig å argumentera mot at vald og politivald vert brukt mot lovlige demonstrantar og opposisjonelle. Det vil dei gjera ved å ta i bruk forordet i den indiske grunnlova.

– Der går det fram at alle har rett til å både å demonstrera, seia, skriva og meina det dei vil. No kan folk protestera mot regjeringa gjennom å lesa opp forordet frå grunnlova, slår Arild Engelsen Ruud fast.

Den siste aksjonen mot hovudstadsuniversitetet Jawarharal Nehru University har fått heile det internasjonale akademiske miljøet til å reagera mot indiske styresmakter.

 – Me kom eigentleg litt seint i gang samanlikna med dei. I protesten vår peikar me på at universiteta skal vera fristader for engasjement og aktvisme. Vald og tvangsmakt høyrer ikkje heime på universitet, som skal vera trygge og frie arenaer for læring, kritisk meiningsutveksling, og demokratisk politisk aktivitet, står det i det opne protestbrevet.

Dei ber også indiske styresmakter om å sikra den grunnlovsfesta retten studentar og tilsette har til å delta i fredeleg politisk protest. Underskrivarane ber om at den retten også blir oppretthalde i den turbulente politiske perioden som det indiske demokratiet no går gjennom.

Har opna akademia for lågkastegrupper

Alf Gunvald Nilsen viser til at Jawalharal Nehru University har spelt ei viktig rolle i livet til norske akademikarar som har spesialisert seg på India.

 – Me har vore på forskingsopphald der og me har gode forskarkollegaer der. Det er der dei nye tankane frå indiske samfunnsvitarar kjem frå, fortel han.

Arild Engelsen Ruud forklarar det også med historia til universitetet.

 – Og det er eit universitet som har gjort det mogleg for indarar frå lågkastegrupper å gjera ein karriere i akademia og i det indiske samfunnet. Dagens indiske finansminister er ein tidlegare student frå det universitetet, understrekar han.

Ingen av dei har illusjonar om at norske styresmakter vil protestera mot valden indiske studentar og akademikarar har vore utsette for.

– Denne helga drog den norske ambassadøren saman med den amerikanske ambassadøren til Kashmir saman med representantar for den indiske regjeringa. EU har takka nei til den ekskursjonen. Det er den første vestlege politiske delegasjonen som drar til Kashmir sidan ei gruppe med høgrepopulistiske parti frå Europa var der i fjor haust, fortel Arild Engelsen Ruud. Opplysninga byggjer på oppslag både i NRK og i Nynorsk pressekontor denne veka.  Også ambassadørane frå USA, Vietnam, Bangladesh og Sør-Korea og 10 andre land deltar på turen til Kashmir, går det fram av meldinga, som byggjer på lokale kjelder i India. 

Fleire offer i India enn i Hongkong

Dei trekkjer fram at kritikken frå norske styresmakter mot Kinas behandling av demonstrantane i Hongkong har vore ganske hard, medan dei ikkje har kome med eit einaste kritisk ord mot den brutale måten indiske styresmakter har oppført seg på mot protesterande studentar.

– I India har 31 personar blitt drepne i valdelege samanstøytar mellom politi og studentar sidan august i fjor. Det er mange gonger fleire enn dei som har mista livet i samband med demonstrasjonane i Hongkong, seier Alf Gunvald Nilsen.

Regjeringa torer ikkje å reagera

 Og Nilsen er ikkje i tvil om kvifor.

– I fjor var statsminister Erna Solberg i India i brodden for ein næringslivdelegasjon. Då inngjekk næringslivet mange kontraktar med indiske selskap. Derfor torer ikkje regjeringa å reagera mot Indias brot på grunnleggjande menneskerettar, meiner Engelsen Rud.

 Alle tre er einige i at statsminister Narendra Modi har stor politisk oppslutnad i India.

 – Han fekk 38 prosent av stemmene under parlamentsvalet i fjor og då var det eit valoppmøte på 67 prosent. Og det er godt over valoppmøtet ved eit norsk kommune- og fylkestingsval, poengterer dei. 

– Partiet hans er populistisk og då er det populært å kritisera den akademiske eliten. Men å kritisera den økonomiske, nyrike eliten, er ikkje like populært. Det er noko partiet til Modi har til felles med andre populistiske parti i verda, slår dei fast.

Den indiske finansministeren Nirmala Sitharaman fordømmer på Twitter utan atterhald dei valdelege hendingane på  Jawarharlal Nehru-universitetet I New Delhi der ho sjølv var student. Ho understrekar også at den regjeringa ho er med i ynskjer at universiteta skal vera trygge plassar for alle studentar.

I februar reiser forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø i spissen for ein delegasjon frå universitetets- og høgskule-Noreg til India. I fylgje Khrono har svært få norske universitetsleiarar meldt seg på, samanlikna med delegasjonen på 220 personar som drog til Kina i 2018. Under besøke får både statsråd Iselin Nybø og resten av delegasjon betre høve til å setja seg inn i den vanskelege situasjonen mellom Indias regjering og studentar og akademikarar frå nokre av dei mest prestisjetunge universiteta i India.  Turen går til både Indias hovudstad New Delhi og til Chennai i delstaten Tamil Nadu lengst sør i landet. 

 

 

 

 

 

Emneord: India, Akademisk frihet, Internasjonalisering, Menneskerrettar Av Martin Toft
Publisert 13. jan. 2020 05:30 - Sist endra 16. jan. 2020 10:42
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere