I tillegg skal det investerast 500 millionar kroner over fem år i eit helsesamarbeid som har som mål å få ned talet på mødrer som døyr under fødselen.
UiOs prorektor Inga Bostad var svært glad for at den nye India-strategien også fører til meir pengar til forsking.
– UiO har kunnskapen på dei områda som denne strategien trekkjer opp. Også i dag skjer det kunnskapsflyt begge vegar. Innanfor fag som religion, språk, arkeologi, menneskerettar, geofag og glasiologi vil UiO kunna bidra. Innanfor samarbeidet om helse- og informasjonsteknologi er me allereie i høgste grad med, sa Bostad under lanseringsmøtet.
Enklare for spesialistar
Det skal også bli lettare for indiske fagpersonar å få jobba i Noreg.
– Ambassaden i New Dehli får no kompetanse til å gi arbeidsløyve som faglært eller spesialist – i tilfelle der det ikkje er tvil om at vilkåra er oppfylte. Det vil kunna redusera sakshandsamingstida med fleire veker. Dette er viktig for næringslivssamarbeidet, meinte Støre.
Logg inn for å kommentere