Astri Ghosh er ein av omsetjarane Ibsen in Translation har engasjert for å få Ibsen-dramaene ut på flest mogleg språk i flest mogleg land i verda. Dei tolv Ibsen-stykka ho har omsett til hindi kom denne månaden ut i bokform. Fleire omsetjarar på prosjektet er i gang med å omsetja endå fleire Ibsen-drama frå norsk til farsi, moderne egyptisk, klassisk arabisk, spansk, russisk, japansk og kinesisk.
Eit møte i Bangladesh
For Astri Ghosh har dette arbeidet vore både interessant og spennande. Men det var eit møte med tidlegare leiar for Ibsensenteret og noverande HF-dekan Frode Helland i Bangladesh som førte til at ho begynte på dette maratonarbeidet.
– Ja, der møtte eg Frode Helland på ein Ibsen-konferanse. Og han spurte om eg ville bli med som omsetjar i prosjektet Ibsen in Translation. Prosjektet hadde allereie starta, men dei hadde enno ikkje fått tak i ein omsetjar i hindi. Då blei eg med. Byggmester Solness var allereie omsett, så eg omsette først «En folkefiende» og «Et dukkehjem», og så begynte me. Og seinare omsette eg også «Byggmester Solness» sjølv,fortel ho.
Prosjektet Ibsen in Translation starta i 2008, og det var tidlegare leiar for Ibsensenteret, Frode Helland som var prosjektleiar. Når Uniforum tar kontakt med Frode Helland stadfestar han historia til Astri Ghosh.
– Eg kjem alltid til å hugsa Ibsen-festivalen og -konferansen i Dhaka i 2009 - den største Ibsen-teaterfestivalen nokonsinne utanfor Noreg, med 22 forskjellige oppsetjingar av Ibsen-drama, frå Nepal, India, Iran, Pakistan og Egypt - i tillegg til mange frå Bangladesh. Prosjektet Ibsen in Translation har det til felles med Dhaka-festivalen at dei viser korleis Ibsens skodespel stadig får nytt liv og ny aktualitet, langt utanfor stykka sin opphavlege kontekst, synest Frode Helland.
– Fortener all mogleg honnør
Han er også full av lovord for det arbeidet Astri Ghosh har gjort me å omsetja så mange verk av Ibsen frå norsk til hindi.
– Astri Ghosh har vore ein viktig del av omsetjingsprosjektet, slik ho også er ein viktig ambassadør for omsetjing og for Ibsen i India. Det er ei storhending at Ibsens samfunnsdrama no for første gong er omsett til hindi direkte frå den norske originalen, og Astri Ghosh fortener all mogleg honnør for denne bragda, seier han til Uniforum.
Omsetjingane blir brukte på indiske teater
Astri Ghosh har vakse opp i India og har norsk mor og indisk far. For tida har ho Delhi som den faste tilhaldsstaden sin.
Fleire av Ibsen-omsetjingane hennar er blitt brukte av indiske teater. Fire av dei er også med på pensumlista til Den nasjonale teaterhøgskulen i Delhi. Hennar versjon av «En folkefiende» blei sett opp på Sri Ram Centre i Delhi der stykket gjekk i mange veker. Omsetjinga hennar av «Et dukkehjem» blei sett opp på India International Centre saman med opplesingar frå «Gjengangere» både på hindi og norsk. I Mumbai har det vore opplesingar frå omsetjinga av «Når de døde vågner» og frå «Gjengangere». Ved Hyderabad University sette studentar opp «Gjengangere» med den indiske instruktøren Anuradha Kapoor.
Astri Ghosh møtte mange utfordriingar under arbeidet med å omsetja Ibsen-drama til hindi.
– Det har vore mange. Eg hadde ein forleggjar heilt frå byrjinga. Det var det ikkje alle dei andre omsetjarane som hadde. Eg synest ikkje Ibsen er vanskeleg, men sjølvsagt gjer me feil, og me oppdagar ting. Den prosessen som eg har vore gjennom no førte til at eg gjekk gjennom alle stykka og gav ut åtte samtidig, og det førte til at eg kunne gå tilbake og sjå på ting, og oppdaga at «åååa, der var det visst ein feil, okay eg rettar det opp før det blir gitt ut». Eg er viss på at eg har mange feil som eg enno ikkje har oppdaga, smiler ho.
– Korleis blir Ibsen tatt imot i India?
– Det har vore ein Ibsen-festival i Delhi og i Mumbai har det vore Ibsen-festival fem år på rad. Det er ikkje lenger økonomisk støtte å få til dei, så då forsvinn desse festivalane. Ibsen er blitt spelt i India i over hundre år.
– Ikkje revolusjonerande
– Er Ibsen-stykka omstridde eller revolusjonerande i India?
-- Eg vil ikkje seia at dei er revolusjonerande. Tanken om likestilling og tanken om menneskerettar er noko som mange har tenkt på. Så derfor er dei ikkje revolusjonerande. Sjølvsagt er det noko i dei som skaper debatt og for alle som ser dei for første gong, er det noko nytt. Teater har ein god tradisjon i India og folk er ikkje redde for å seia ting rett ut.
– Og kva blir neste prosjekt?
– Eg har lyst til å omsetja dei same stykka til urdu. så for meg er det neste prosjektet å søkja om støtte til det, slik at eg kan gjera det, seier ho.
Utanriksdepartementet har finansiert prosjektet «Ibsen in Translation» med ei tildeling på ni millionar kroner. Initiativet til prosjektet er kome frå både Norsk litteratur i utlandet (NORLA) og frå Ibsensenteret ved Universitetet i Oslo.
Les meir om Ibsen in Translation på Ibsensenteret sine nettsider
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere