Ber Iselin Nybø om å svara på framtida til Ibsen-senteret

Stortingsrepresentant Freddy André Øvstegård frå SV skal ta opp den vanskelege situasjonen til Ibsen-senteret ved UiO i eit skriftleg spørsmål til forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø. Det har han lova støttespelarar for Ibsen-senteret.

IBSENS STØTTER: Støttespelarar for Ibsen-senteret har gått i forbønn for senteret hos stortingsrepresentant Freddy André Øvstegård frå SV. Her står dei i Vandrehallen i Stortinget. Frå venstre: statsstipendiat Karoline Frogner, ph.d. Mona Wiig, translatør Astrid Ghosh, ph.d. Jens Morten Hanssen, stortingsrepresentant Freddy André Øvstegård og Ibsen-forskar Rezan Saleh.

Foto: Ola Sæther

Det var onsdag i førre veke ein delegasjon med folk frå Ibsen-senteret og andre som arbeider med Ibsens drama, drog til Stortinget for å forklara situasjonen til Senter for Ibsen-studiar for stortingsrepresentant Freddy André Øvstegård frå Sosialistisk Venstreparti. Han sit i familie- og kulturkomiteen i Stortinget. Han gir støttespelarane for Ibsen-senteret honnør for at dei har tatt kontakt med han.

– Eg er glad for at dei kom og gav meg god informasjon om situasjonen for Ibsen-senteret. Og eg meiner at Ibsen er noko av det viktigaste i norsk kulturarv, som me er nøydde til å satsa på og ikkje mista. Så derfor vil eg ta situasjonen og det dei har sagt, opp med forskings- og høgare utdanningsministeren og høyra kva departementet vurderer. Me kan ikkje ha det sånn at me mister denne viktige forvaltinga og formidlinga av kulturarven. Det må me ta vare på, seier Freddy André Øvstegård til Uniforum. 

Framtida vert avgjort 21. september

Lagnaden til Senter for Ibsen-studiar ved UiO skal opp til ny behandling i fakultetsstyret ved HF den 21. september. I det siste møtet før sommarferien forkasta fakultetsstyret eit forslag frå dekan Arne Bugge Amundsen om å redusera dei øyremerkte midlane til senteret frå rundt 6 millionar til 1,5 millionar årleg. Om forslaget hadde fått gjennomslag, ville senteret ha fått redusert budsjettet sitt med 75 prosent. Til slutt blei det vedtatt eit framlegg som går ut på at styret ynskjer ei føreseieleg finansiering av Ibsen-senteret som gir grunnlag for vidare utvikling. Styret bad også om at det i møtet den 21. september skal leggjast fram ulike framlegg til finansiering av senteret.

Derfor rår det framleis stor uvisse om korleis framtida blir for senteret. 

  • Les i Uniforum: – Ibsen er større enn UiO

  • Les i Uniforum: Drastisk kuttforslag for Ibsen-senteret

 – Ei skam

Ibsen-forskar Rezan Saleh frå Kurdistan i Nord-Irak forklarte stortingsrepresentant Freddy André Øvstegård bakgrunnen for engasjementet for Ibsen-senteret og kvifor ho tykte det var så viktig å ta vare på det som ein essensiell del av å føra arven etter Ibsen vidare i akademia.

– Ibsen er Noregs mest internasjonalt kjende dramatikar. I Kina blir Ibsens drama i dag brukte til å reformera samfunnet. Og i Midtausten vert dei brukte som kamp mot korrupsjon og kamp mot urettferd. Som utlending i Noreg synest eg det er ei skam måten Ibsen-senteret blir behandla på, sa Rezan Saleh.

Uroleg for oppdateringa av database

Jens Morten Hanssen har nyleg tatt doktorgrad på Ibsen og arbeider no i sekretariatet til Ibsenkonferansen som går av stabelen i Skien neste månad. Han trekte fram korleis stillingsstoppen ved Ibsen-senteret allereie er i ferd med å få store konsekvensar for kor relevant den dokumentasjonen senteret har om Ibsen, er.

– I databasen IbsenStage er det registrert 23 000 teateroppsetjingar av Ibsen-drama over heile verda, heilt sidan stykka blei skrivne. Nettopp denne databasen var eit viktig verktøy for New York Times då dei skreiv ein artikkel om kor mykje vanlegare det var blitt å setja opp «En folkefiende» eller «An Enemy of the People» etter at Donald Trump blei president i USA. Eg fryktar at mykje av dette materialet kan gå tapt om databasen ikkje blir kontinuerleg oppdatert, trekte han fram overfor Øvstegård. I artikkelen blir det peika på at det i 2017 var åtte oppsetjingar av «En folkefiende» i USA, medan det var berre to i 2015.

  • Les også  "Ibsen wrote An Enemy of the People in 1882. Trump made it popular again!,"  New York Times, March 9, 2018)

– Uforståeleg for oss

Astrid Ghosh er translatør og har omsett Ibsens drama til hindi og bur fast i India. Til Uniforum uttrykkjer ho frustrasjonen sin. – Det er uforståeleg for oss i India at det enno ikkje er kome ei løysing på situasjonen for Ibsen-senteret. Er Henrik Ibsen HFs og dekan Arne Bugge Amundsens «indre anliggende?», spør ho.

– Har ansvar for å ta vare på kulturarven

Stortingsrepresentant Freddy André Øvstegård ynskjer ikkje å spå kva som vil kunna skje med Ibsen-senteret.

– Det er umogleg å spekulera. På meg verkar det som om dei har igjen nokre interne prosessar ved Det humanistiske fakultetet på Universitetet i Oslo, og eg vil ikkje gå inn og spekulera i dei. For oss folkevalde så har me jo eit overordna ansvar for at me skal ta vare på kulturarven. Derfor vil eg fylgja tett kva som skjer, seier Øvstegård til Uniforum.

HF-dekan har ingenting imot engasjementet

HF-dekan Arne Bugge Amundsen synest det er heilt i orden at personar jobbar for å betra situasjonen for Ibsen-senteret.

– Eg har ingenting imot at folk engasjerer seg på vegner av Ibsen-senteret. Om Stortinget eller regjeringa ynskjer å styrkja senteret økonomisk, er det framifrå. Samtidig er det viktig å understreka at det frå fakultetet si side ikkje er tale om noka avvikling av Senter for Ibsenstudier, men om ein revisjon av finansieringsmodellen, seier han til Uniforum.  Arne Bugge Amundsen forsvarer seg også mot kritikken frå translatør og hindi-ekspert Astrid Ghosh som spør om Ibsen er HFs og dekanen sitt «indre anliggende».

– Det er fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultetet som er ansvarleg for finansieringa av si eiga verksemd. Sidan fakultetet finansierer senteret over sitt eige budsjett, er dette ei sak for fakultetsstyret. Saka er grundig utgreidd og diskutert, og vil bli avgjort av fakultetsstyret om ein månads tid.

INGENTING IMOT STØTTE FOR IBSEN-SENTERET: – Om Stortinget eller regjeringa ynskjer å styrkja senteret økonomisk, er det framifrå. Samtidig er det viktig å understreka at det frå fakultetet si side ikkje er tale om noka avvikling av Senter for Ibsenstudier, men om ein revisjon av finansieringsmodellen, seier HF-dekan Arne Bugge Amundsen til Uniforum. (Foto: Ola Sæther)

Han varslar eit forslag til fakultetsstyret som mellom anna tar høgd for øyremerkinga av budsjettet til senteret.

– Styret har ynskt ein revisjon av heile finansieringsmodellen til fakultetet der me også skulle sjå nærare på øyremerkinga. I møtet 8. juni var styret opptatt av ei finansiering av Ibsen-senteret som sikrar ei føreseieleg framtid for verksemda. Styret vedtok derfor at den delen av verksemda ved Ibsen-senteret som ikkje gir normal utteljing innanfor finansieringsmodellen, blir øyremerkt. Det er heilt i samsvar med  tankegangen til fakultetsleiinga. Med utgangspunkt i denne semja arbeider fakultetsleiinga med eit forslag som vert lagt fram for styret 21. september.

Trur ikkje på kutt

Også Frode Helland, som er leiar for Ibsen-senteret, er glad for innsatsen til støttespelarane.

– Det er sjølvsagt svært hyggeleg og opplyftande for oss ved Ibsen-senteret at denne saka vekkjer så stort engasjement også langt utanfor universitetet. Det viser at arbeidet som er lagt ned i senteret dei siste 25 åra, har vore ei viktig investering, seier han til Uniforum.

Frode Helland trur ikkje det blir kutt i budsjettet til senteret i fakultetsstyremøtet 21. september.

– Ingen av medlemane i fakultetsstyret har på noko tidspunkt argumentert for vesentlege kutt i løyvingane til senteret, konstaterer han og viser til vedtaket frå førre møte. 

– Eg går ut ifrå at ein då vil halda på dagens modell i store trekk – og i alle fall ikkje, nok ein gong, vil føreslå drastiske kutt i den øyremerkte løyvinga til senteret. 

– Kva må skje for at det  skal vear mogleg å føra Ibsen-senteret vidare i same stand som i dag? 

– Då må me ha ein økonomi som gjer det mogleg å halda fram arbeidet, og utvikla senteret vidare. Dette har fakultetsstyret sagt at dei ynskjer, og me må jo tru på at fakultetsleiinga fremjar eit forslag som fylgjer opp vedtaka og diskusjonane frå dei siste møta i HFs øvste organ.

Det er enno ikkje klart når stortingsrepresentant Freddy André Øvstegård (SV)  får levert inn det skriftelege spørsmålet om Ibsen-senteret til statsråd Iselin Nybø.

Emneord: Ibsensenteret, Ibsen, Litteratur, HF Av Martin Toft
Publisert 27. aug. 2018 14:52 - Sist endra 27. aug. 2018 14:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere