Universitet og høgskular i Oslo-regionen må stengja på nytt på grunn av mutert virus

Universiteta, høgskulane og fagskulane i Oslo-regionen vert stengde for studentar frå måndag. På grunn av eit mutert virus i Nordre Follo må all undervisning og arrangement anten utsetjast eller gjennomførast digitalt. Det opplyste helse- og omsorgsminister Bent Høie på ein pressekonferanse i formiddag.

Ein mann sit og snakkar på ei hytte

ALVORLEG: – Det er ein svært alvorleg situasjon og me må gjera det me kan for å stansa utbrotet, sa Bent Høie på pressekonferansen i dag der han deltok frå hytta. (Skjermdump frå NRK) 

Det er smitteutbrotet av det muterte britiske koronaviruset i Nordre Follo som er bakgrunnen for tiltaket.  Dermed innfører regjeringa i samråd med Nordre Follo og nabokommunane no klokka 12.00 dei strengaste koronatiltaka i Noreg sidan det første utbrotet av koronaviruset i Noreg 12. mars. Berre butikkar og apotek vil vera opne. Alle kjøpesenter og andre butikkar vil vera stengde. Det blir også stans i all skjenking på kafear og restaurantar.  Det blir berre mogleg å henta mat. Av arrangement blir det berre tillate å halda gravferder og bisetjingar.  Alle andre aktivitetar både for barn og vaksne må avlysast.  Desse tiltaka vil gjelda frå i dag klokka 12.00 og vil i første omgang gjelda til og med 31. januar.

Dette vil tiltaka bety for Universitetet i Oslo: 

  • Det vert innført digital undervisning for alle.  All undervisning, inkludert eksamenar og planlagde arrangement skal utsetjast eller gjerast digitale. Campus vert stengt for studentar. 
  • Alle tilsette skal ha heimekontor så langt det er praktisk mogleg. 
  • Alle tilsette (inkl phd, post doc) som må ha tilgang til bygningane, har det med kort og kode.  
  • Om du skal vera til stades på campus, må det avklarast med næraste leiar.  
  • Universitetsbiblioteket stengjer 
  • Lesesalene stengjer 
  • Studentkjellarar vert  stengde (Kjelde: UiO)

Dette er tiltak som gjeld for barnehagar, skular, universitet og høgskular:

  • Skular og barnehagar: Det  vert oppjustert til raudt nivå i barnehage, barneskule og ungdomstrinn i samsvar med den nasjonale trafikklysmodellen. Kommunalt smittevern kan bestemma å stengja skulane og barnehagane dersom det er nødvendig for å førebu raudt nivå eller dersom smittesituasjonen tilseier det.
  • Vidaregåande skule: Det skal innføras digital undervisning på vidaregående skule i veke 4, og det skal førebuast overgang til raudt nivå i vidaregående skule frå veke 5. Vidaregående skular som allereie er på raudt nivå, skal også ha heildigital undervisning i veke 4, og førebu seg på å gå tilbake på raudt nivå i veke 5.
  • Universitet, høgskular og fagskular: Det skal innføras digital undervisning for alle. All undervisning og planlagde arrangement skal utsetjast eller gjerast digitale.
  • Lokala ved universitet, høgskular og fagskular skal stengjast for alle studentar.
  • Vaksenopplæringa fylgjer reglane for vidaregåande opplæring. (Kjelde: Kunnskapsdepartementet)

– Eit krafttak

Helse- og omsorgsminister Bent Høie ser tiltaka som heilt naudsynte:

– Det er ein svært alvorleg situasjon og me må gjera det me kan for å stansa utbrotet. Det er høg mobilitet i området, og eit stort tal med pendlarar frå Nordre Follo til Oslo kvar dag. Dersom virusmutasjonen spreier seg i Oslo, vil det vera svært vanskeleg å forhindra spreiing til resten av landet. Regjeringa innfører derfor kraftige tiltak i ti kommunar, seier Bent Høie i ei pressemelding.

Dei kommunane det gjeld for er  Enebakk, Frogn, Indre Østfold, Moss, Nesodden, Nordre Follo, Oslo, Vestby, Våler og Ås. 

På pressekonferansen  der Bent Høie var med på video frå hytta si, bad han alle om å trå til. – Det er viktig at alle no gjer eit krafttak for å hindra spreiinga av dette viruset,  oppfordra han.

– Ikkje med lett hjarte

Når det gjeld stenginga av universiteta, høgskulane og fagkulane vi det i I Oslo gjelda for både Universitetet i Oslo og OsloMet, men sjølvsagt også for Kunsthøgskulen i Oslo, Arkitekt- og designhøgskulen i Oslo, Noregs Idrettshøgskule, Menighetsfakultet, Handelshøyskolen BI, Høyskolen Kristiania,  og alle andre statlege og private høgskular og fagskular.  Utanfor Oslo vil Noregs milljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) vera den største utdanningsinstitusjonen det vil gjelda for.

– Det er ikkje med lett hjarte me stengjer campus neste veke for studentar i desse kommunane. Den uoversiktelege og urovekkjande smittesituasjonen gjer at med må setja i verk svært inngripande tiltak der dette er eitt av dei. Eg håpar verkeleg at det blir med desse fem kvardagane og at situasjonen  etter kvart tillet oss  å gå tilbake til at me kan vera noko meir fysisk til stades, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.

– Tøffe tak

Gjennom heile det siste året har studentane fått mykje digital undervisning og har derfor hatt få faglege og sosiale aktivitetar på campus. 

– Uavhengig av om undervisning er digital eller fysisk, forventar eg at utdanningsinstitusjonane fylgjer opp studentane sine. Det har vore eit år prega av avstand, karantene for nokon og einsemd for mange, eg veit det er tøffe tak for mange, men eg håpar me klarer å ta ekstra godt vare på kvarandre ei lita stund til og held ut, seier Henrik Asheim og viser til at Studentsamskipnadene nyleg har fått 10 millionar kroner som skal brukast il å få sosiale lågterskeltilbod som skal koma raskt i gang.

UiO stengjer campus og tilsette må ha heimekontor

For Universitetet i Oslo får tiltaka også store konsekvensar. Universitetsbiblioteket og lesesalane blir stengde og alle tilsette skal ha heimekontor, så langt det er praktisk mogleg, går det fram av ei melding som er lagt ut på Universitetet  i Oslos nettsider.  Fakulteta legg til rette for at studentane kan henta bøker i bokskåp.

Rektor Svein Stølen ved Universitetet i Oslo forstår at det er krevjande.

– Me har stor forståing for at det er nødvendig med kraftfulle tiltak, men forstår også at det er krevjande for studentane. Me har heldigvis godt etablert digital undervisning og håpar at desse tiltaka blir så kortvarige som mogleg, seier Stølen  i ei melding på nettsidene til UiO. 

Strenge tiltak også i grunnskulen og vidaregåande

Også i grunnskulen og i den vidaregåande skulen blir det innført strenge tiltak i dei aktuelle kommunane. Dei vidaregåande skulane skal  ha heildigital undervisning frå og med førstkomande måndag og førebu seg på å gå over på raudt nivå i veka etterpå. Tiltaket  med heiltdigital undervisning frå og med måndag gjeld også for dei skulane som allereie er på raudt nivå, går det fram av ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.

– Har plikt til å fylgja opp sårbare barn

I Nordre Follo og nabokommunane med Oslo i brodden vert det også innført raudt nivå i  barnehagar og grunnskular. Det vil seia at barna skal delast inn i mindre grupper og kohortar. Det vert vist til at det kan vera naudsynt å redusera oppmøte i barnehagar, skular og i skulefritidsordninga (SFO).

– Alle kommunane har uansett plikt til å fylgja opp sårbare barn og barn med særlege behov, understrekar kunnskapsminister Guri Melby.

Alle tiltaka gjeld altså frå 23. januar til og med 31. januar for desse kommunane: Enebakk, Frogn, Indre Østfold, Moss, Nesodden, Nordre Follo, Oslo, Vestby, Våler og Ås.

(Oppdatert med lokale tiltak på UiO inkludert kommentar frå rektor Svein Stølen kl. 12:23)

Emneord: Koronaviruset, Koronavirus, Undervisning, Studentforhold, Studentsaker Av Martin Toft
Publisert 23. jan. 2021 11:57 - Sist endra 25. jan. 2021 15:32
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere