Torsdag 25. februar kunngjorde UiO at studentkjellarar og pubar skulle opna igjen frå 1. mars. Samtidig skulle det også kunne planleggjast for fysisk undervisning i små grupper på maksimalt 20 personar.
Etter auka spreiing i Oslo av smitte frå det britiske muterte koronaviruset, bestemte byrådet i Oslo i dag at alle serveringsstader i byen må halda stengt frå og med tysdag 2. mars og fram til 15. mars. Dermed blir det berre tillate med utbringing av mat (take away). Med unntak av daglegvarebutikkar, apotek og vinmonopolutsal, vert også alle forretningar stengde i hovudstaden frå tysdag. Også galleri og kunstutsal må stengja dørene.
Fysisk undervisning i små grupper går etter planen
For Universitetet i Oslo blir konsekvensen at studentkjellarar og pubar likevel ikkje kan planleggja å opna igjen, slik UiO-leiinga kom med melding om sist torsdag. Men dei nye tiltaka i Oslo får ikkje konsekvensar for planen om å å opna for fysisk undervisning i smågrupper. Den undervisninga kan starta opp etter planen, går det fram av ei melding som universitetsdirektør Arne Benjaminsen har sendt ut til dekanarar, direktørar og leiarar for alle einingar på Universitetet i Oslo.
Alle tilsette skal bruka heimekontor
Studentane har også tilgang til bibliotek, lesesalar og bygningar med kort og kode. Universitetsdirektøren understrekar også at UiO held seg til Oslo kommune sitt påbod om at alle tilsette skal bruka heimekontor, så sant det er praktisk mogleg, sjølv om UiO er ope for tilsette.
Sidan alle serveringsstader i Oslo kommune må stengja, vil det seia at også kantinene og kafeane som Studentsamskipnaden i Oslo driv, må stengja tysdag 2. mars og fram til og med 15. mars. Det får Uniforum også stadfesta av kommunikasjonsdirektør Nina Langeland i SiO.
– Så må me koma tilbake om det kan vera aktuelt å tilby take away utover Union Kringsjå framover, fortel ho. Det blir heller ikkje mange idrettsaktivitetar.
– Athletica stansar all utandørs gruppetrening frå i morgon, måndag. Me held fram med digitalt treningstilbod og medisinsk PT, og vurderer fortløpande ut frå kva som går, opplyser Nina Langeland i ein epost til Uniforum.
(Oppdatert kl. 23:55 med kommentar frå Nina Langeland i SiO)
Logg inn for å kommentere