1000 UiO-studentar vende tilbake til lesesalane i dag
I dag inntok 1000 studentar lesesalane på UiO. Det er framleis 1500 ledige plassar.

GLADE: Elise Meen (t.v) og Ida Berge går på andre semester på medisinstudiet. Dei er glade for dei i dag kunne returnera til ein lesesal på HumSam-biblioteket på Blindern.
Denne veka gav både helse- og omsorgsminister Bent Høie og byrådsleiar Raymond Johansen grønt lys til at studentane i Oslo kan returnera til lesesalane og biblioteka.
– Studentane kan frå i morgon ta i bruk lesesalane og biblioteka igjen. Det fører til auka mobilitet, men eg håpar likevel at det vil gå bra, sa Raymond Johansen på pressekonferansen i går ettermiddag. Beskjeden nådde fram til studentane.
For på UiO har 1000 studentar nytta seg av lesesalsplassane i dag. Men det kunne ha vore fleire studentar på lesesalane, for det var 2500 tilgjengelege plassar.
Glade
To av studentane som kom til UiO, var Elise Meen og Ida Berge som går andre semester på medisinstudiet. Uniforum møtte dei klokka 08.00 i dag og begge var glade for å få venda tilbake til lesesalen på HumSam-biblioteket i Georg Sverdrups hus på Blindern.
– Veldig godt for studentane
Også leiaren for Studentparlamentet på UiO, Runa Kristine Fiske er svært nøgd med at studentane no kan leva eit litt meir vanleg studentliv.
– Det blir veldig godt for studentane. Mange har hatt det vanskeleg. For det har vore vanskeleg for dei å få gjort alt dei skal på studenthybelen, konstaterer ho overfor Uniforum.

– Meir normalitet
Runa Kristine Fiske tykkjer også at den første dagen med opne lesesalar på UiO viser at behovet er stort.
– Det har vore stor etterspurnad etter lesesalsplassar. Og dette gir studentane meir normalitet i kvardagen, understrekar ho.
Leiaren for Studentparlamentet peikar også på at undersøkingar viser at studentane har hatt det tøft under koronapandemien.
– Studiebarometeret viser at studentane har fått dårlegare læringsutbyte under koronaen, seier Runa Kristine Fiske.
– Opninga av lesesalane kan betra situasjonen litt, legg ho til.
– Ei misforståing
I går kveld og i dag melde avisene at berre 150 lesesalsplassar ville vera tilgjengelege for studentane på UiO. Og dei brukte rektor Svein Stølen som kjelde.
– Det har dessverre vore ei misforståiing. Det rette er at det kan tingast 2500 lesesalsplassar fordelte på 150 lesesalar/soner, understrekar Svein Stølen overfor Uniforum.
– Den største salen har 50 plassar. I dag har om lag 1000 tinga plass, medan 800 har tinga plass i morgon, opplyser UiO-rektoren.
– I tett dialog med Oslo kommune
For han er det viktig å trekkja fram at UiO tar smittevernet på alvor og at universitetet vil sørgja for at studentane ikkje sit for tett på lesesalane.

– Samtidig vil me understreka at me er i tett dialog med Oslo kommune og fylgjer smittesituasjonen nøye og vil vera raske med å setja i verk tiltak dersom dette skulle bli nødvendig, seier han.
– Stort behov no
Og han ser ikkje bort frå at talet på lesesalsplassar vil stå fast på 2500.
– Det er bra at me har folk fordelte utover på mange bygningar. Me vil fylgja med på bruken av plassane, smittesituasjonen og eventuelt redusera talet på plassar. Erfaringane frå i haust er at me over tid ikkje vil vera fullbooka, men det er sannsynlegvis eit stort behov no, trur UiO-rektor Svein Stølen.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere