UiO-studentane fyller opp nesten alle dei ledige plassane på lesesalane

10 100 lesesalsplassar har vore booka av 3167 studentar sidan studentane kunne venda tilbake til UiO torsdag 18. februar.

Ein lesesal med studentar

I BRUK: Lesesalsplassane i HumSam-biblioteket på Blindern var i bruk av studentane i går. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Den første dagen med opne lesesalar, torsdag 18. februar nytta studentane 1000 av dei 2500 plassane som var til disposisjon. Den andre dagen var 800 plassar booka av studentane.

Tilbake til nivået før den siste nedstenginga

Fram til og med i dag har til saman 10 100 lesesalsplassar på UiO vorte tinga av studentane gjennom timeplanleggingssystemet (TP). Det får Uniforum opplyst frå Anne-Gry Skonnord, som er seksjonssjef for publikumstenester ved HumSam-biblioteket på UiO. 

– Utrekningane våre syner at talet på studentar som er på lesesalane til Universitetsbiblioteket no er på det same nivået som det var på før nedstenginga starta, seier Anne-Gry Skonnord  til Uniforum.  

2070 plassar i dagleg bruk

Denne veka har dagleg 2070 av dei 2500 ledige plassane på lesesalane på UiO vore tinga av studentane.

– Frå den 17. fram til klokka 13:30 i dag har 3167 studentar booka plass på ein av lesesalane våre. Til saman står dei for over 10 000 bookingar, opplyser avdelingsdirektør for studieadministrasjon, Hanna Ekeli til Uniforum.

Heilt nøyaktig utgjer det samla talet på reservasjonar 10 100, ifylgje timeplanleggingssystemet (TP), får Uniforum vita hos HumSam-biblioteket. 

GOD PLASS: På lesesalen i Helga Engs hus var det framleis ein god del ledige plassar, då Uniforum var innom onsdag denne veka. (Foto: Ola Gamst Sæther)

I går var Uniforums fotograf på Blindern. Han var innom både Helga Engs hus og HumSam-biblioteket på Blindern. Observasjonane hans stadfesta tala som UiO kjem med i dag.  Stort sett alle dei tilgjengelege plassane på lesesalane er i bruk.

Frederikke er open midt på dagen

Og no har også ein annan viktig samlingsstad på Blindern opna dørene. For studentkantina i Frederikke, altså Frederikke spiseri, er frå denne veka open tre timar for dagen frå klokka 11 om formiddagen, går det fram av nettsidene til Studentsamskipnaden(SiO). Dermed er det også mogleg for studentane å få seg middag på UiO. Og då er det sjølvsagt også lettare å halda seg på lesesalane heile dagen. Eilert spiseri og Georg kaffebar har vore opne sidan torsdag 18. februar.  

Opnar for fysisk undervisning og opne studentkjellarar

I dag kom det også ei ny gledeleg melding for studentane. For frå måndag 1. mars opnar UiO for planlegging av  fysisk undervisning i små grupper på 20 personar, samtidig som også studentkjellarane og studentpubane kan planleggja å opna dørene sine.

UiO-rektor Svein Stølen er glad for det.

– Det er svært gledeleg at me kan opna for fysisk undervisning i små grupper, og at kjellarane og pubane også kan planleggja for gjenopning. Alt skal skje i samsvar med smittevernreglane, og eg har god tru på at det kjem til å gå bra. Me  har så langt ikkje hatt tilfelle av smitteoverføring på campus, seier Svein Stølen i ei melding på UiOs nettsider.  Samtiig minner han om at Oslo kommunes påbod om heimekontor for alle tilsette, framleis gjeld. – Campus er ope for tilsette, men tilsette skal ha heimekontor så langt det er praktisk mogleg, seier Stølen. Dagens ordning for bibliotek og lesesalar held fram. 

(Oppdatert klokka 15.30 med meldinga om at UiO frå 1. mars opnar for fysisk undervisning i små grupper og at studentkjellarane kan planleggja opning)

 

TILBAKEVENDINGA:  Studendane fekk hyggelege meldingar på Helga Engs hus, då dagen for tilbakevendinga kom.  (Foto: Ola Gamst Sæther)

 

Emneord: Koronavirus, Koronaviruset, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 25. feb. 2021 15:15 - Sist endra 25. feb. 2021 15:47
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere