Undersøkte ikkje fortida til gresk professor

ForrigeInnhold Neste Uniforum nr. 10 2000


- Eg er temmeleg sikker på at ingen ved det klassiske fagmiljøet i Noreg visste om at Triantaphyllopoulos hadde vore justisminister i regjeringa til den greske militærjuntaen, då avtalen om å overta boksamlinga hans blei gjort i 1989/90. Det fortel professor Øivind Andersen som var den første styraren ved Det norske instituttet i Athen.

Martin Toft
Ståle Skogstad (foto)

- For Det norske instituttet i Athen, som blei oppretta 1. januar 1989, var boksamlinga til den pensjonerte professoren i rettshistorie, Johannes Triantaphyllopoulos, svært viktig både fagleg og strategisk. Det var ei unik samling av antikke tekstar og forskingslitteratur, fortel Andersen.

Boksamlinga blei kjøpt inn for 1,5 millionar kroner på vilkår av at Triantaphyllopoulos fekk ein stad å sitja dersom han ville nytta bøkene på instituttet. Ingen visste om at han hadde vore justisminister i regjeringa til den greske militærjuntaen i tre veker i 1968. Det blei ikkje oppdaga av dei tilsette på instituttet før i 1995, men det blei ikkje offentleg kjent før Aftenposten skreiv om det 2. juni i år. - For instituttet var Triantaphyllopoulos ein professor som sat i embetet sitt ved Universitetet i Athen, seier Andersen.

- Når fekk du vita om at Triantaphyllopoulos hadde ei fortid i den greske militærjuntaen?

- Ein eller annan gong etter 1995. Eg hadde lite å gjera med instituttet i Athen etter at eg hadde gått av som styrar i 1993 og til eg i 1998 blei med i styret. Den dåverande instituttleiinga var tydelegvis ikkje interessert i å gjera noko ut av saka, då den kom opp i 1995.

Hefta ingenting ved namnet hans

- Trur du at dei norske universiteta ville ha inngått ein liknande avtale med Triantaphyllopoulos i 1989 /90 om dei hadde visst om fortida hans som justisminister i 1968?

- Det hadde sikkert ikkje vore noko i vegen for å ha overtatt boksamlinga hans, men ein del andre ting hadde kan hende blitt gjort annleis. Etter det eg har oppfatta, blei Triantaphyllopoulos med i regjeringa for å delta i arbeidet med å få til ei ny grunnlov, og sikra statusen til avsette dommarar. Han gjekk ut av regjeringa etter ein hard intern strid, seier Andersen. Men det stod ikkje noko om den politiske karrieren i papira hans.

- På den akademiske CV-en som Triantaphyllopoulos gav oss, stod det ingenting om at han hadde vore justisminister i 19 dagar i 1968. Den norske ambassaden i Hellas burde vel ha undersøkt fortida til Triantaphyllopoulos nærare, før han blei tildelt Den Kongelege Norske Fortenestordenen, meiner Andersen.

- Kven var det som tilrådde at Triantaphyllopoulos skulle få tildelt ein slik orden?

- Det var fleire av oss, i alle fall styreleiaren vår, no avdøde universitetsdirektør ved Universitetet i Bergen, Magne Lerheim, dåverande rektor ved Universitetet i Oslo, Inge Lønning og eg. Me fekk varm støtte frå ambassaden.

- Viss Utanriksdepartementet hadde visst om at han hadde ei fortid som justisminister i regjeringa til den greske militærjuntaen, ville han då fått tildelt denne ordenen?

- Det er det vel knapt nokon som trur, enda så kort ministertida var. At så ikkje skjedde, syner i alle fall at Triantaphyllopoulos ikkje var noko heitt namn. Andersen stadfestar at det var han som tilrådde at Triantaphyllopoulos blei medlem i Det Kongelige Norske Videnskapers Selskab i Trondheim. Andre i det klassiske fagmiljøet i Noreg foreslo at han skulle bli medlem i Det Norske Vitskapsakademiet.

- Hadde me visst om denne ministerepisoden, ville nok den ha blitt nemnd, men eg er ikkje sikker på om den ville vore diskvalifiserande. Som forskar er Triantaphyllopoulos i høgste grad kvalifisert. Sidan han gjorde det mogleg for instituttet å på ein-to-tre å få eit prima bibliotek, synest eg at det berre er rimeleg at me prøver å innfri visse kulturelle forventingar, seier Andersen.

Lite diplomatisk

Dagens styrar ved Det norske instituttet, Synnøve des Bouvrie, fekk vita om fortida til den pensjonerte professoren like etter at ho blei tilsett 1. januar 1999. Kort tid etter fjerna ho portretta av Johannes Triantaphyllopoulos og kona hans frå veggen vis-a-vis portrettet til dronning Sonja. Ho fjerna også innskrifta som fortalde at bøkene var Johannes Triantaphyllopoulos´ bibliotek, utan å seia frå til professoren på førehand. Denne framgangsmåten synest Øivind Andersen er lite diplomatisk.

- Det å ta ned bileta er i seg sjølv ei lita sak. Bileta blei hengde opp då me innreidde instituttlokala i slutten av mi tid, og ikkje med nokon lovnad om evig plassering. Det er ikkje rart om han blei skuffa då han heilt tilfeldig oppdaga det i ein krok ein gong han var innom instituttet eit par månader seinare, meiner Andersen.

Noreg og den greske militærjuntaen

Våren 1968 klagde Danmark, Noreg og Sverige med støtte frå Nederland til Den europeiske menneskerettskommisjonen over at Hellas hadde brote menneskerettskonvensjonen, og landa fekk medhald. Det førte til at Hellas mista plassen sin i Europarådet. I oppslagsverket Who´s who in Europe (Editions SERVI-Tech, Waterloo, Belgique) frå 1983, finn me også namnet til Johannes Triantaphyllopoulos. Der er heile den akademiske karrieren hans lista opp, men det står også svart på kvitt at han var justisminister i Hellas i 1968. Det var samtidig som Noreg medverka til at Hellas mista plassen sin i Europarådet på grunn av menneskerettsbrota til den greske militærjuntaen. Det ville altså ikkje ha vore noko problem verken for Utanriksdepartementet eller for dei norske universiteta å ha sjekka fortida til Triantaphyllopoulos før Det norske instituttet i Athen fekk overta boksamlinga hans.

Des Bouvrie grunngav dette med at portretta braut med protokollen når det gjeld korleis dei skal plasserast i høve til portrettet av dronning Sonja.

- Det er det ikkje hald i. Både dronning Sonja, statsminister Gro Harlem Brundtland og diverse ambassadørar har vore der utan at dei har reagert på det. Når det gjeld innskrifta om kven som har selt boksamlinga til instituttet skal den stå på ei messingplate over døra til biblioteket. Det er faktisk ein del av avtalen med mannen, seier Andersen.

Han avviser også des Bouvries utsegn til førre nummer av Uniforum om at Triantaphyllopoulos har stor makt ved instituttet.

- Dette skjønar eg ikkje og heller ikkje forgjengaren hennar gjennom fem år, Erik Østbye, kjenner seg att i denne skildringa av situasjonen ved instituttet, seier Andersen.

Norsk menneskerettspolitikk ikkje skadd

Han tar også avstand frå påstandane til dommar Hanne Sophie Greve ved Den europeiske Menneskerettsdomstolen i Strasbourg om at denne saka kan skada Noregs rolle som forsvarar for menneskerettane.

- Noregs status som menneskerettsforkjempar er ikkje råka av denne saka. Greve insinuerer jo også at Triantaphyllopoulos ikkje hadde eigedomsretten til bøkene. Det synest eg er noko av det grovaste i denne saka. I Hellas er folk for lengst ferdige med 1968. Det er difor svært påfallande at det er styraren for Det norske instituttet i Athen som tar affære i ei slik sak, synest han.

- Trur du det vil bli ro ved instituttet no?

Det får me håpa.

Dette verkar utruleg!

- Det verkar mest utruleg dersom det er rett at norske universitet ikkje har vore klar over Triantaphyllopoulos' fortid eller skaffa seg informasjon om denne fortida før dei knytte identiteten til Athen-instituttet så sterkt til namnet til denne mannen.

Det seier direktør for Institutt for menneskerettar ved UiO, Nils Butenschøn til Uniforum i ein kommentar til det nære forholdet mellom den tidlegare justisministeren i regjeringa til den greske militærjuntaen og Det norske instituttet i Athen.

- Enda meir utruleg er det dersom Uniforum har rett i at norske styresmakter ikkje kjente til denne bakgrunnen då det blei bestemt å tildela han Den Kongelege Norske Fortenestorden, seier Butenschøn. Han synest Universitetet i Oslo må trå varsamt før det blir inngått slike avtalar.

- Generelt er det klart at UiO må vera svært forsiktig med å gå inn i avtaleforhold med personar som har hatt framskotne maktposisjonar i regime som systematisk har brote menneskerettane - dels utifrå solidaritet med ofra for handlingane til desse personane og dels utifrå omsynet til UiOs eigen integritet som ein akademisk institusjon, understrekar han. Butenschøn viser til førre nummer av Uniforum der det blir sagt at Hellas har gjort opp med den vonde fortida si og at professor Triantaphyllopoulos har fått straffa si.

- Men vel så viktig for vurderinga av om det var rett å gå inn i ein avtale den gongen det skjedde og om UiO skal gjera noko med saka no, må vera om mannen sjølv har tatt eit grunnleggjande oppgjer med fortida si og deltakinga som justisminister i juntaen eller om forholdet hans til Athen-instituttet kan tenkjast å ha som formål å pynta på det moralske rullebladet hans, seier Butenschøn.

- På den eine sida kan det ikkje vera slik at ein person som gjorde eit alvorleg feilgrep for 25 år sidan aldri skal kunna takast inn i varmen igjen dersom personen på ein overtydande måte har tatt avstand frå fortida si. På den andre sida må me prøva å hindra at UiO-institusjonar blir ein mogleg kanal for politisk reinvasking av tidlegare tyrannar og deira medansvarlege, meiner direktøren for Institutt for menneskerettar.


ForrigeInnhold Neste Uniforum nr. 10 2000

Publisert 15. aug. 2000 16:22 - Sist endra 1. sep. 2014 14:09
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere