Assisterande personaldirektør Jan Thorsen (biletet) ved Universitetet i Oslo trekkjer seg som nasjonal prosjektleiar for innføring av nytt løns- personal- og økonomisystem, det såkalla LØP-prosjektet. (12. juli 2000)
Av Martin Toft
Dette systemet skal
innførast både ved Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen og
ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i Trondheim.
Førebels er NTNU kome lengst av dei tre universiteta. Medan universiteta
i Bergen og Oslo enno ikkje har innført løns- og personaldelen av
dette systemet, blei det gjort ved NTNU i mars i år. Det gjekk bra heilt
til dei 5000 tilsette ikkje fekk utbetalt lønna si 9. juni på
grunn av dataproblem med det nye lønssystemet. Desse problema har blant
anna ført til at universiteta har vore inne på tanken om å
gå til søksmål mot leverandøren IBM. Den opprinnelege
planen var å innføra heile systemet ved dei tre universiteta
frå 1. januar 1998. Det vil seia at Thorsens periode som nasjonal
prosjektleiar er gått langt over det som var føresetnaden,
då han takka ja til denne oppgåva..
- Det er stort arbeidspress og reiseverksemd i samband med innføringa av LØP-systemet og ynsket om å konsentrera seg meir om sitt faglege arbeid i Organisasjons- og personalavdelinga som er årsaka til at Jan Thorsen trekkjer seg som nasjonal prosjektleiar for innføring av LØP-systemet, seier personaldirektør Grethe Fjeld Heltne til Uniforum. Lars Olaf Sterud frå konsulentsselskapet Pharos overtar som nasjonal prosjektleiar.
Logg inn for å kommentere